Hopp til innhold
Kronikk

Eit kongerike for ein laks

Kven treng vel ein moralsk Lama når vi har ein pengetenande storlaks?

Skotsk laks.

Det hadde vore fint å sjå eit Noreg ein kan vere stolte av i dialog med Kina, og ikkje berre eit Noreg som slaktar Lama og dyrkar fram storlaks, skriv kronikkforfattaren.

Foto: Colourbox.no

Det er ikkje ofte eg har vore skjemd over å vere norsk, men våren i 2014 var eg nettopp det. I ei regjering der fleire medlemmar tidlegare hadde gått hardt ut for at Noreg burde arbeide meir for Tibet-saka, fann dei ut at dei ikkje ville ta imot mannen som har fronta denne saka i over 60 år. Mannen som fekk fredsprisen i 1989 for å stå på for ei viktig, menneskerettsleg sak. Ein mann som ikkje har gjort anna enn å tale fred og forsoning, og som tidlegare har vore teken imot med respekt av norske statsleiarar og regjeringsmedlemmar, som har lovprisa hans fredelege framgangsmåte.

For «fredsnasjonen» Noreg har det vore klart at vi skal ta imot ein fredsprisvinnar med eit slikt omdømme – heilt til det sto noko anna på spel. «Fredsnasjonen» sprakk.

Ingen tvang, berre vinning

Eg må innrømme at for meg kom eigentleg denne saka som ei gåve. På det tidspunktet sat eg på eit universitet i Ningbo i Kina. Eg nærma meg det siste semesteret på ein master i internasjonale relasjonar, og var i gang med å formulere ei problemstilling for den avsluttande masteroppgåva.

Då regjeringa forsvarte si avgjersle om å ikkje ta imot Dalai Lama, hevda Erna Solberg at ein gjorde dette for å stå opp for norske verdiar og interesser.

Det overordna temaet var forholdet mellom Noreg og Kina, som på mange måtar var ikkje-eksisterande sidan fredsprisen i 2010. Temaet i seg sjølv var spanande nok, men kontroversen rundt Dalai Lama sitt besøk i mai 2014 gjorde det heile endå meir interessant: såg vi eit Noreg som bukka under for kinesisk press? Hadde stormakta synt så mykje musklar at vesle Noreg ikkje kunne gjere noko anna enn å føye seg?

Etter mitt syn var det ikkje slik. Noreg, ein nasjon som står stødig utan auka handel med Kina, kunne på mange måtar tent på å stå opp mot ein nasjon som har klare utfordringar når det kjem til menneskerettslege spørsmål. For «fredsnasjonen» ville dette standpunktet auke den internasjonale statusen til Noreg når det kom til å stå opp for viktige moralske spørsmål, og økonomisk sett ville ein ikkje tape på eksisterande handel.

Handel før moral

Berre 1,8 prosent av eksporten til Noreg gjekk til Kina, og i tillegg syner tala i åra etter den kontroversielle fredsprisen til Liu Xiaobo i 2010 at handelen mellom Noreg og Kina gjekk opp. Problemet var at den ikkje gjekk opp så mykje som den kunne ha gjort.

Som «straff» for fredsprisen til Liu Xiaobo kutta Kina diplomatisk kontakt, og arbeidet om ei handelsavtale som hadde starta i 2007 vart lagt på is. Her finn vi karamellen til Noreg – det er lita tvil om at ei slik avtale vil vere særs gunstig for Noreg økonomisk sett. Så gunstig, faktisk, at moral kjem i baksetet.

Då regjeringa forsvarte si avgjersle om å ikkje ta imot Dalai Lama, hevda Erna Solberg at ein gjorde dette for å stå opp for norske verdiar og interesser. Om vi ikkje har dialog med Kina, kan vi heller ikkje påverke Kina. Logikken her er tydelegvis at vi skal halde kjeft om viktige ting heilt til Kina vil snakke med oss igjen, slik at vi kan ta opp dei tinga som Kina vil høyre på. Problemet er at desse tinga ikkje er dei viktigaste å ta opp!

Kva skjer no?

Erna og regjeringa jublar for eit normalisert forhold til Kina. Misforstå meg ikkje, dette er sjølvsagt gode nyhender. Kina er ein viktig nasjon i verda, og det er ingen tvil om at det er positivt å ha eit forhold til giganten i aust.

Burde ikkje Noreg, som ser på seg sjølv som ein fredsnasjon, fokusere meir på desse viktige menneskerettslege tema enn på ei handelsavtale?

Nokre spørsmål må ein likevel spørje seg: kva om Dalai Lama kjem på besøk til Noreg igjen? Skal vi nok ein gong ignorere fredsprisvinnaren, og sende eit signal til resten av verda om at Noreg berre er ein fredsnasjon når vi føler for det, men at vi droppar det når vi ser ein sjanse til å tene endå meir pengar?

Erna sa at vi sto opp for norske verdiar når vi ikkje opna døra for Dalai Lama – og då håpar eg det er der fokuset ligg når forholdet er normalisert. Det er nok å ta av: Hongkong, Taiwan, Xinjiang og sjølvsagt Tibet. Ein maktfokusert Xi Jinping, auka sensur og politisk forfølging. Burde ikkje Noreg, som ser på seg sjølv som ein fredsnasjon, fokusere meir på desse viktige menneskerettslege tema enn på ei handelsavtale? Burde ikkje Solberg og Brende med rak rygg sei klart ifrå til Kina om at det er fint at vi er på talefot att, for vi har ei heil rekke ting på hjartet? Laksen kan vente.

Det hadde vore fint å sjå eit Noreg ein kan vere stolte av i dialog med Kina, og ikkje berre eit Noreg som slaktar Lama, dyrkar fram storlaks og griskar til seg så mange millionar med Mao-pryda pengelappar som mogleg.

Vi kan i alle fall håpe.

FØLG DEBATTEN: Facebook OG Twitter

Tor-Øyvind Rand er tidlegare medlem av Senterungdommen.