Kronikk

Eit horehus og ein hall med snø

Det er to ting i livet du ikkje kan kjøpa for pengar. Det eine er kjærleiken frå eit anna menneske. Det andre er vinterstemning.

Norges første innendørs skiarena, Snø på Lørenskog.

Ingen vind og ingen naturens luner og ingen blå himmel eller stjerner om natta. Skal også langrenn bli ein innandørsidrett no, spør tidlegare skiløpar Gudmund Skjeldal.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB scanpix

Har du vakna av at eit menneske kom med kaffi til deg? Har du opplevd at den andre gav deg ein klem då krangelen mellom dykk hadde vart heile dagen? Lengtar du etter nokon som skriv bokstavar og ord på ryggen din?

Då veit du kva eg snakkar om.

Har du vakna til ei verd som er heilt kvit og forandra? Har du sett ut det frosne glaset og kjent korleis det kriblar og kiler i magen? Lengtar du etter ein vinter som er kanskje halvmeterdjup med snø? Då er det vanskeleg å gå på ski i ein hall.

Skal også langrenn bli ein innandørsidrett?

Under Holmenkollhimmelen

Sist helg var eg på skirenn i Holmenkollen. Eg stod ved gjerdet mot gamle Gratishaugen og heia:

Eg såg ein gut som staka alt han kunne, han skulle ned under brua og opp den bratte Hellnerbakken, men han bomma med den eine truga, og han trefte fotbladet sitt med stålspissen på staven.

Piggen gjekk gjennom skotøyet. Han la seg ned og græt, så vondt gjorde det visst.

Men ein framand mann sprang bort til han og oppmuntra han så godt han kunne. Han sa at han ikkje måtte gje seg enno, han måtte be om trøyst av mamma når han kom i mål, han ville angra på det om han gav opp i denne svingen. Fotbladet gjorde nok vondt no, men det kom til å bli mindre smerter om han berre kom seg i gang igjen.

Eg trur ikkje at dette idrettslaget eigentleg vil inn.

Og guten stavra seg på føtene og kom seg vidare. Han kom seg i mål, han braut ikkje. Eg gjettar på at guten var takksam. Og eg gjettar på at den framande karen var like så stolt som han.

Det er slik me drøymer om at idretten skal vera. Det er slik me vil at skirenn skal vera: Leik og alvor og øving for det vanskelege livet.

Den kvite og glatte snøen under. Magiske stadnamn og levande landskap. Og den djupblåe vinterhimmelen over.

Under tak

Men i helga? Denne helga er det eit idrettslag som arrangerer skirenn innandørs, i den nye skihallen på Lørenskog litt aust for Oslo by. Dei kallar han «Snø». Dei lokkar med stabil vintertemperatur under tak, og «Alltid en god opplevelse».

Eg veit at denne idrettsklubben meiner det beste for ungane, eg har ikkje lyst til å seia eitt vondt ord om dei, og eg trur at eg veit kvifor dei tyr til denne hallen.

Skal me lura ungane til å tru at det lar seg gjera å tilpassa seg klimaendringane utan sorg og sinne?

Det er ikkje nok snø sør i Nordmarka, der rennet eigentleg skulle gått. Klimaet er gått halvvegs av hengslene, og heile januar strauk med utan at det var skikkeleg skiføre i låglandet. Eller snø på trea. Eller kulde som gjer at lufta luktar heilt særeige. Eller spor av folk og dyr og fuglar. Eller brøytekantar og snø som huver langt ned over augo på bilane.

Alle lydar dempa ned.

Kan ein hall med snø og kuldegrader erstatta det? Ein kalkulert og gjennom-teknologisk erstatning for det naturmirakelet og den årstida ein berre kan vona på? For å seia det med Odd Børretzen i songen «Saktere»: «Ingen blir forlovet under sånne forhold».

Les også: Nasjonalsporten som mistet barna

Kunstsnø

Eg veit at innandørsrennet er eit forsøk på å redda stumpane av ein vinter, og eg trur ikkje at dette idrettslaget eigentleg vil inn.

Og eg veit at kunstsnø har redda mange andre renn denne nitriste januarmånaden 2020, så som på Vestmarksetra, eller i Sørkedalen, eller i Holmenkollen førre helg, for her å nemna berre nokre av dei mange skirenna for born og for ungdom rundt om i landet, her representert ved Austlandet.

NM for seniorane førre helg på Konnerud fekk dei berre avvikla med aldri så mange lastebillass snø frakta frå Kongsberg.

Ingen blir forlovet under sånne forhold.

Eg hadde ikkje sjølv klart meg utan den ivrige dugnadsgjengen til Lillomarka IL i Groruddalen, som i samarbeid med Oslo kommune har nytta kvar minste kuldegradestund til å produsera snø, og eg veit ikkje korleis det skulle gått med ski-iveren til sonen min utan den tynne snøstripa dei har lagt som eit slags smalt kvitt teppe rundt i Lillomarka arena.

Me har ikkje hytte me kan dra til kvar helg. Snøkanonar og dugnadsgjengar kan berga skigleda for somme av oss nordmenn gjennom dei vintrane som kjem til å bli aller verst, dei komande åra.

Det er trist, og det er kanskje desperasjon, men det er ikkje prostitusjon.

Ein hall, derimot. Ingen vind og ingen naturens luner og ingen blå himmel eller stjerner om natta. Skal også langrenn bli ein innandørsidrett no, slik som skøytesporten har blitt nokså mykje, og slik som fotballen flørtar med, stadig meir?

Skal alle idrettar bli heilårsfenomen, og konkurrera om ungane og ta allsidigheita og sesongane og ifrå dei?

Innandørsrennet er eit forsøk på å redda stumpane av ein vinter.

Er det ingen som skal gle seg til våren, eller kjenna sommarfuglar i magen ute i naturen seint på hausten, når det ligg rim på bakken? Skal me lura ungane til å tru at det lar seg gjera å tilpassa seg klimaendringane utan sorg og sinne? Er det difor me lokkar dei inn – for å dekka over at me har stappa atmosfæren altfor full? Av ein gass som ingen har lyst å uttala namnet på, eller tenkja på kvar kjem i frå?

Skal investorar få lov til å bli endå meir rike på det?

Eg veit

Eg veit at ein hall kan produsera snø på såkalla rein energi. Har ein vindmøller nok eller høge nok vassdemningar, kan ein laga kulde innandørs utan at ein bidrar til å skru opp heten på heile kloden.

Eg veit at snøhallen på Lørenskog kan erstatta visse reiser til brear som alpin- og langrennslandslag elles gjer med bilar og fly, omtrent slik den salige olja frå Sverdrupfeltet skal erstatta grovare oljeproduksjon frå andre land: Andre sel heroin, me sel berre kokain.

Eg veit at idrettshøgskulen der eg jobbar, har kontor på «Snø», og sikkert skal forska på viktige detaljar om teknikkar og rørsler på ski under stabile og kontrollerte forhold. Eg veit om treningssamlingar som er planlagt dit, og vidaregåande skular som skal ha treningsarenaen sin der inne. Foreldre lærer ungane sine å stå på ski under taket. Eg er ein halvgammal surpomp og ein uhelbredeleg mørksinna vestlending, eg veit.

Men det er ting ein ikkje kan kjøpa for pengar. Så eg går aldri på horehus, og eg skal aldri setja skiene på meg inne i skihallen «Snø».

Les også: Send vinteren til FN