Hopp til innhold
Kronikk

Ein kompleks prosedyre

Vi har alle truleg eit ynskje om å minimalisere bruk av «fosterreduksjon».

Ultralyd
Foto: Meek, Tore / NTB scanpix

Lovtolking står sentralt i debatten om «fosterreduksjonar», men prosedyren er kompleks og debatten kan ikkje reduserast til om ein kan utføre dette inngrepet på friske foster innan tida for fri abort.

Namnet på prosedyren, «fosterreduksjon», «selektiv fosterreduksjon» eller «selektiv abort» er deskriptivt og kling ikkje spesielt godt på noko språk.

Prosedyren vart utvikla i USA av Mark Evans på 80-talet for å redusere graviditetar med relativt mange foster, som ein ofte fekk etter stimulering av kvinnas eggstokkar for å hjelpe barnlause. Prosedyren vart altså utvikla for å korrigere problem legar hadde skapa som følgje av overstimulering .

Krev erfarne personar

Prosedyren blir gjort frå 8 – 14 veker, sjeldan opp til 18 veker.

Prosedyren er spesiell for foreldre og det krev erfarne personar til å ta seg av paret både før og etterpå.

Reduksjon krev høg ekspertise. Med ultralyd registrerer ein tal på foster og morkakestatus. Dersom to eller fleire foster deler morkake kan reduksjon ikkje gjerast, då døyr alle. Prosedyren blir gjort i lokal anestesi med vaken mor som saman med far kan følgje med på kva som skjer og når det skjer. Rettleia av ultralyd fører ein nål inn i livmor mot det selekterte fosteret, vidare inn i hjartet der ein sprøyter inn ein liten dose kaliumklorid som fører til hjartestopp. Eit dødt foster vert absorbert.

Prosedyren er spesiell for foreldre og det krev erfarne personar til å ta seg av paret både før og etterpå.

Både medisinske og ikkje medisinske indikasjonar

Indikasjonar for fosterreduksjon er både medisinske og ikkje-medisinske. Den lovregulerte medisinske grunn tillet reduksjon etter paragraf 2c i abortlova dersom eitt blant fleire foster, har eit utviklingsavvik som i seg sjølv kvalifiserer til abort.

Medisinske indikasjonar kan vere graviditetar med firlingar og/eller ein spesiell kliniske tilstand hos mor kombinert med fleire foster.

Dei ikkje-medisinske grunnar handlar om at kvinnas rett til å abortere på fritt grunnlag før veke 12, også skal gjelde for å kunne redusere ein graviditet, f. eks frå tre til to eller to til eitt foster. NSFM kontakta Helsedepartementet (HOD) i 2002, (Bondevik II regjeringa) om tema. Svaret peika på «vanskelige problemstillinger av medisinsk, rettslig og etisk art som Stortinget ikke har tatt stilling til» og «departementet vil vurdere å fremme for Stortinget spørsmålet om abortlovens anvendelse i forhold til selektiv abort». NSFM har redusert foster kun på medisinsk indikasjon. Rikshospitalet kontakta HOD i år 2010 (Stoltenberg II regjeringa). Denne saka har interessert fostermedisinarar i 12 år.

Selektiv reduksjon?

Fosterreduksjon har vorte ei kompleks sak.

Det engelske uttrykket «selective reduction» er då svært dekkande for den komplekse prosedyren vi kjem til å få – også her i landet.

Høvet til å kunne redusere frå tre til to eller tre til eitt foster, har ført til at foreldre krev kromosomanalyse av sine to eller tre foster for å forsikre at det eller dei foster som vert att, har normale kromosom. Då har ein ikkje med eit «greitt abortinngrep» å gjere, men med to separate sett nålestikk med dagars mellomrom, eitt for kromosomanalyse og eitt for reduksjon av foster.

Det engelske uttrykket «selective reduction» er då svært dekkande for den komplekse prosedyren vi kjem til å få – også her i landet.

Fosterreduksjon åleine fører til 10 – 15 prosent risiko for å tape graviditeten, i tillegg kjem risiko ved enno eit sett stikk for kromosomanalyse. Det er eit moment i debatten at den norske abortlova ikkje var meint å selektere på kjønn eller andre tilhøve.

FØLG DEBATTEN: Ytring på Facebook

«Ein tvilling for lite»

Kvifor kvinner reiser til utlandet med tvillingar for å få utført reduksjon til eitt foster, veit vi lite om. Er det frykt for eit komplisert svangerskap med for tidleg fødsel? Er det økonomiske motiv eller frykt for ikkje å kunne ta vare på to små born på ein gong?

Slike kvinner treng god og korrekt informasjon.

Vi trur det er tverrpolitisk vilje til å sjå på tiltak som alternativ til «fosterreduksjon».

Reduksjon av tvillingar til eitt foster fører ikkje til redusert risiko for fortidleg fødsel i følgje medisinsk litteratur. Reduksjon fører derimot til at den attverande «tvilling» har 10 – 15 prosent risiko for å verte spontanabortert.

Vi veit førebels lite om dei langsiktige psykologiske konsekvensane av å ha «ein tvilling for lite» men i amerikansk presse diskuterer ein den sorga ein kan bli konfrontert med dagleg ved å ha ein tvilling og tenkje på tvillingen ein ikkje har. Mekanismen er kjent frå ein tvillings død av naturlege årsakar.

Gode alternativ

Kvinner som får tvillingar i Noreg i dag har rett på ekstra veker med foreldrepengar, men tvillingforeldre treng kanskje meir tid saman heime den første tida eller andre stønadstiltak ein måtte kome fram til etter forsking.
Vi trur det er tverrpolitisk vilje til å sjå på slike tiltak som gode alternativ til «fosterreduksjon».

Reduksjon av trillingar til tvillingar fører til at ein reduserer raten av for tidlege fødslar. I ein studie vart fødsel meir enn 9 veker for tidleg, redusert frå 27 prosent til 10 prosent. Det er estimert at dette kan redusere cerebral parese frå 1,6 prosent til 0,6 prosent. Men – som følgje av fosterreduksjonen aukar risiko for spontan abort frå 4,5 prosent til 8 prosent. Den medisinske vinsten er diskutabel.

Reduksjon av friske trillingar og tvilingar forblir ei kompleks prosedyre som har ein klår risiko og som dessutan vil føre til utvikling av seleksjon innan tida for fri abort. I visse høve kan det vere den rette løysinga å redusere friske foster. I dei fleste høve trur vi ein ved hjelp av god informasjon og stønadstiltak som vi har god råd til i landet vårt, kan kom fleirlingeforeldre i møte.

Vi ser fram til brei samfunnsdebatt og god kommunikasjon med politikarar som lyttar til fagfolk og byggjer sine konklusjonar på eit ynskje vi alle truleg har, om å minimalisere bruk av denne prosedyren.