Hopp til innhold
Replikk

Ein hyllest til hipsterane

Hipsterane er ikkje eit endetidsteikn, dei er eit av våre beste håp.

Hipster in tattoo workshop Hipster in tattoo workshop

«Hipsterøkonomien vil kunne gi meiningsfullt arbeid til folk, som ynskjer å arbeide og lage ting, men som ikkje kan skaffe seg arbeid i den stadig meir konsentrerte teknoøkonomien,» skriv artikkelforfattaren. (Illustrasjonsfoto)

Olav Brostrup Müller bommar totalt med sitt kåseri «Hipsteren er et endetidstegn». Medan vesten rasar med hovudet først inn i heilautomatisert luksusliberalisme, veks hipsterklassen fram som ein av dei viktigaste elementa i vårt forsvar mot framtidige kriser. Hipsterar er risikobufferar, både sosialt og teknologisk.

Herr Brostrup Müller skriv at det hipsterane driv med « ... er ikke med på å gjøre verden til et mer komplekst og interessant sted». Med dette verkar det som han forfektar eit verdssyn der kompleksitet er eit mål i seg sjølv og eit udelt gode. Dette er eg sterkt ueinig i.

Samfunnet treng kompleksitet, utan det er det vanskeleg å sjå for seg reisa vår frå ei ganske uviktig ape til ein art med ambisjonar om kolonisering av andre planetar. Men kompleksitet har også ein kostnad, og dette er noko som er ekstremt viktig å ta omsyn til. Kostnaden er ignoranse og mangel på kontroll. Dette er mest synleg når ting går skeis. Dei fleste vil vere einige om at me ikkje treng eit meir komplekst finanssystem. Me lever no i eit samfunn der ingen veit korleis alt heng saman, og alt treng alt det andre rundt seg for å fungere.

Hipsterar er risikobufferar, både sosialt og teknologisk.

For eit nydeleg eksempel på dette kan ein sjekke ut brødristaren som designaren Thomas Thwaites prøvde å bygge frå grunnen av i 2009. Spoiler: den er kjempestygg og tok ni månadar å lage. Dersom ein verkeleg ynskjer å miste nattesøvnen kan ein lese boka «The Knowledge» av Lewis Dartnell der ein får det hamra inn kor utruleg køyrt me er dersom noko semiapokalyptisk skulle inntreffe.

Det er akkurat her hipsteren kjem inn i bildet som teknologisk løpssperre. Hipsterens nostalgi er med på å fremje kunnskap om produksjonsprosessar som for alt i verda ikkje må gå tapt. Deira besettelse med «locally sourced» mat er med på å skape korte, meir robuste og transparente leverandørlinjer. Ja, det kostar meir, men det er prisen for robusthet.

Hipsterøkonomien vil kunne gi meiningsfullt arbeid til folk.

Som filosof og risikoguru Nassim Taleb påpeikar; dersom ein økonom hadde designa menneska hadde han gitt oss éi nyre og éi lunge for «effektivitetens skuld».
Ein av dei mest omtalte teknologiske trendane for augeblunket er robotiseringa av
arbeidsmarknaden og kva me skal gjere med den kommande «ubrukelege klassen» som ikkje kan skape økonomisk verdi. Her òg framstår den framveksande hipsterklassen som redninga.

Hipsterøkonomien vil kunne gi meiningsfullt arbeid til folk, som ynskjer å arbeide og lage ting, men som ikkje kan skaffe seg arbeid i den stadig meir konsentrerte teknoøkonomien. Heile poenget med eit dritdyrt skinnbelte laga av ein skjeggete, kombuchadrikkande fyr er nettopp at det ikkje er laga av ein presis men følelseslaus maskin.
Hipsterane er ikkje eit endetidsteikn, dei er eit av våre beste håp.

FØLG DEBATTEN: Facebook OG Twitter