NRK Meny
Normal

Ein arabisk haust?

Mange trur demonstrasjonane mot Muhammad-filmen varslar ein arabisk haust. Men det har meir å gjere med innanrikspolitisk spel i den arabiske verda, skriv Midtausten-ekspert Knut S. Vikør.

Bangladesh

Det var demonstrasjonar så langt borte som denne, i Bangladesh. Men det var spesielt kraftig nettopp i dei arabarlanda der den arabiske våren hadde størst effekt.

Foto: A.M.Ahad / Ap

Kronikkvignett Ytring

Etter fredagens bølgje av demonstrasjonar mot Muhammad-filmen, ser det ut til at sinna har kjølna noko ned, og spørsmålet blir reist om kva konsekvensar hendingane dei siste dagane får for «den arabiske våren». Er dette teiknet på ein «arabisk haust», har revolusjonane blitt kjørt i grøfta?

Mange, særleg i USA, reagerer slik. Men hendingane er nok meir ein kombinasjon av reell harme og eit innanrikspolitisk spel, der opposisjonsgrupper prøver å sette dei nye regjeringane i sjenanse.

Kan vere ekte harme

Er dette tegnet på ein «arabisk haust», har revolusjonane blitt kjørt i grøfta?

Knut S. Vikør, midtaustenekspert

Som dei fleste slike reaksjonsbølger har også denne fleire ulike årsaker, og ikkje alle er knytt til «våren». Det var jo demonstrasjonar så langt borte som i Indonesia og Bangladesh, som ikkje var berørt av fjorårets politiske oppbrot i Midtausten. Men det var spesielt kraftige oppgjer nettopp i dei arabarlanda som har gjennomgått heilt eller delvis regimeskifte i fjor og i år: Libya, Egypt, Jemen og Tunisia. Det er heller ikkje tilfeldig. Vi må altså prøve å dele opp hendingane, for å analysere dei og sjå bakgrunnen bak dei.

Ei openbar forklaring ligg nok i sjølve filmen. Førre gongen det var slike protestar, var det truleg få eller ingen av protestantane som faktisk hadde sett dei danske karikaturane. Men teknologien har utvikla seg sidan då; mange vanlege muslimar nå har nok sett filmtraileren på Youtube; og ein bit vart også vist på egyptisk TV i førre veke. Slik kan det vere ekte harme, og ei kjensle av å «forsvare vår religion» som motiverte mange som gjekk ut i gatene, utan at det trong vere spesielt politisk fokusert.

Vesten som fiende

Dette koplar seg hos nokre til ei generell politisk haldning om at USA og Vesten utgjer ein «fiende» av arabarverda. I karikaturstriden kjentes det openbart langt sterkare, kort etter Irak-krigen, Afghanistan og med ein ganske intervensjonistisk amerikansk politikk. I dag er dette annleis, USA er på veg ut av Irak og Afghanistan og var relativt tilbakehaldande både i Libya-krigen og i Syria. Følelsen av å vere skyteskive er derfor langt svakare; men alminneleg antiamerikanisme frå gammalt heng openbart igjen hos mange, og Israel-Palestina er ein evig verkebyll.

Anti-amerikanisme frå gammalt heng openbart igjen hos mange, og Israel-Palestina er ein evig verkebyll.

Knut S. Vikør, midtaustenekspert

Her finn vi viktige grunnar til at angrepa vart retta akkurat mot dei amerikanske symbola, ambassadane, sjøl om det er openbart frå dei som da har sett filmen at det ikkje er «USA» som står bak. Men filmen, saman med Koran-brenninga i fjor og andre, går inn i ei forteljing der «Vesten og USA» utgjer eit heile som samla sett vil hundse den muslimske verda. Slik sett kan altså Tysklands og Englands ambassadar, som vi har sett, gjere same nytten, dei er del av «det same».

Det innanrikspolitiske spelet

Så har vi det reint innanrikspolitiske spelet. Mens både religiøse kjensler og motstand mot USA kan finnast over heile den muslimske verda, har også kvart land sine interne konfliktar, der ei mobilisering til støtte for «islam» kan vere nyttig for nokre. Det ser vi tydeleg i landa med kraftigaste opptøyar. Egypt og Tunisia har fått nye regjeringar der islamistar frå Brorskaps-tradisjonen dominerer, i Libya er dei ein viktig part i det nye styret, og til dels også i Jemen. Dette er krefter som vil styrke islam i politikk og samfunn, på fredeleg og parlamentarisk vis.

I alle fire landa er det meir radikale islamske krefter som avviser denne parlamentariske lina. Desse meir radikale salafistane, dei som har profeten Muhammads samfunn på 600-talet som samfunnsmodell, reknar Brorskapets tilpassing til vår tid og til demokratiet som eit svik mot islamistiske ideal. Spesielt ille er det jo at i alle desse landa «må» regjeringane ha eit nært forhold til USA.

Brorskapets kritikk stilna

Dei radikale salafistane reknar Brorskapets tilpassing til demokratiet som eit svik mot islamistiske ideal. Spesielt ille er det at i alle desse landa «må» regjeringane ha eit nært forhold til USA.

Knut S. Vikør, midtaustenekspert

Egypt er eit godt døme, i opposisjon stod Brorskapet i spissen for kritikken mot Egypts fredsavtale med Israel. Men straks dei kom til makta har denne kritikken stilna, Brorskapet snakkar kanskje lågt om å sjå litt på nokre delar av avtalen, men i all hovudsak har dei eit nesten like nært forhold til Israel som det førre styret. Det er ikkje deira val, det er vilkåret for å kunne sitje med regjeringsmakt i Egypt, som er økonomisk og politisk avhengig av forholdet til USA.

Dette gir dei radikale salafistane eit klart mål: Ved å fokusere på USAs ambassadar, ved å mobilisere mot USA som «fiende av islam» gjennom filmen, så kan dei både sette president Morsi i ein kinkig situasjon overfor USA, og presentere han og Brorskapet som «svikarar» mot sine ideal overfor veljarane. Dei vann fram på første punkt, Morsi prioriterte først sine eigne veljarar og fordømte filmen meir enn ambassadeangrepet, noko som førte til ei relativt skarp irettesetjing frå Obama og ein kjølig augneblink.

Sinne og vonbrot

Men Morsi ser ut til å kunne ha retta opp dette, både ved å endre fokus frå filmen til valden, og å sette inn opprørspolitiet – fjorårets fiendar – mot demonstrantane og forsvare ambassaden. Interessant er elles at dette gjeld dei radikale salafistane; Egypt har også fleire store salafistparti, i opposisjon men i parlamentet, og dei har ført same politikk som Morsi: fredeleg protest mot filmen, men fordømming av angrepa på ambassadane.

Ved å fokusere på USAs ambassader, ved å mobilisere mot USA som «fiende av islam» gjennom filmen, så kan salafistane både sette president Morsi i ein kinkig situasjon overfor USA, og presentere han og Brorskapet som «svikarar» mot sine ideal overfor velgarane.

Knut S. Vikør, midtaustenekspert

Tunisia, Libya og Jemen står i same situasjon: opptøyane tener lokale salafistretningar. Derfor er dei sterke, men ikkje nødvendigvis med stor oppslutning. Salafistanes mål er å kople sinnet over filmen til vonbrotet over moderasjonen til regjeringane, mens brorskapsretninga må prøve å skilje dei to kjenslene frå kvarandre. Tida framover viser kven som vinn fram.