Hopp til innhold
Replikk

Ei perfekt kampanje?

Kyrkja si ironiske julekampanje utfordrar. Men treng vi ikkje alle å utfordrast litt i vår kvardag, og i vår adventstid? Eg treng det i alle fall.

Perfektjul.no

Også dei som likar å pynte heimane sine treng å utfordrast på verdiane sine i adventstida, skriv Therese Utgård.

Foto: Skjermdump: Perfektjul.no

Denne teksten er et svar på kronikken «Juleparodi fra Kirken bommer totalt» av sokneprestene Maren Ninni Arnesdatter Lockertsen og Inger Bækken.

Nokre av kritikarane av Kyrkja si ironiske julekampanje «perfektjul.no», meiner dei blir kalla dumme som ikkje skjønte ironien.

Då kan du gjerne kalle meg dum også, for eg skjøner ikkje problemet her. Eg trur at dei bak kampanjen, og dei som reagerer på henne har same målet; vi bør fokusere på andre verdiar i jula.

Kjent strategi

Eg «tog'an» heller ikkje først, denne konkurransen om ein perfekt juleheim. Først då eg las at premien var ein plass på første benk i kyrkja begynte eg å lure. Og så vart eg glad eg ikkje hadde lagt det ut på Facebook utan å sjekke nærare.

Og dette er poenget mitt. Ja, vi føler oss støtt, men kvifor? Fordi parodien og ironien ligg så nært oppimot vår røynd.

I romjula sat eg utsliten igjen og lurte på kven eg eigentleg hadde gjort dette for. Eg er ikkje sikker på om den vesle dottera vår var så opptatt av pynt eigentleg.

Therese Utgård, kirkegjenger

Kyrkja har med perfektjul.no brukt ein kjent strategi i sosial marknadsføring. Først vekker ein kjensler, som sjokk eller forundring. Så presenterer ein hjelpetiltaka. Klikkar ein vidare på perfektjul.no, blir hjelpetiltak ved ei «uperfekt jul», slik som Kirkens SOS og Nettprestane, lista opp.

Les også:

Utsliten etter julestress

Så vil enkelte hevde at Kyrkja ikkje når dei som faktisk treng den, men heller støyter vekk dei som trivast med ei tradisjonell julefeiring. Men treng vi ikkje alle å utfordrast litt i vår kvardag, og i vår adventstid? Eg treng det i alle fall.

I fjor på denne tid fekk eg ei kraftig forverring av min kroniske sjukdom. Likevel stressa eg rundt med alle førebuingar; tok julefoto, kjøpte gåver, pynta, bestille kransar, baka kaker. På julekorta eg sende ut (i tide!), klarte eg berre å skrive «Vi ønsker dykk ei fredfull julefeiring».

Mange av Jesus sine idear var ikkje lette å svelge for hans samtid. Dei ti boda blei hogd inn i stein, men Kyrkja kan vel bruke Twitter og ironi for det?

Therese Utgård, kirkegjenger

I romjula sat eg utsliten igjen og lurte på kven eg eigentleg hadde gjort dette for. Visst var eg glad for gode minner vi skapte med dottera vår, og at enkelte tradisjonar blei heldt i hevd trass ei sjuk mor. Men eg er ikkje sikker på om den vesle dottera vår var så opptatt av pynt eigentleg.

Eg synest det er litt korttenkt av kritikarane å hevde at dei som likar å pynte «perfekt», ikkje kan trenge Kirkens SOS. Kyrkja har mange viktige tiltak for fattige og utstøytte. Men kanskje treng vi i dei pynta heimane våre Kirkens SOS like mykje? Det kan ligge mangt bak fasaden.

Ei kyrkje som utfordrar

På same måte som Jesus var og er ein revolusjonær, meiner eg Kyrkja her berre følger hans ideal, med idear som utfordrar, og som krev at vi tenker nytt og reflekterer.

Mange av Jesus sine idear var ikkje lette å svelge for hans samtid. Dei ti boda blei hogd inn i stein, men Kyrkja kan vel bruke Twitter og ironi for det?

Det bør vere rom for forskjellige julefeiringar. Men frå ei som eigentleg trivast godt med ei tradisjonell julefeiring – eg likte kampanjen, eg!

Therese Utgård, kirkegjenger

Eg vil gjerne ha ei kyrkje som utfordrar og som er like levande som Jesus og dei folka som brukar Kyrkja er. Heller det enn ei kyrkje som saktmodig følger den same tralten år etter år; ei kyrkje der folk svingar innom på juleaftan for å få julestemning, på same måten som ribbelukta og julepynten gir oss det.

Det bør vere rom for forskjellige julefeiringar. Men frå ei som eigentleg trivast godt med ei tradisjonell julefeiring – eg likte kampanjen, eg!

Så får det bli opp til kvar enkelt å velje om ein vil delta i den «ekte» konkurransen om ei perfekt jul, eller ei.