Hopp til innhold
Kronikk

Egypt er på brestepunktet

Ikkje sidan revolusjonen har så mange blitt drepne i ei enkelthending i Egypt som i helga. Landet er meir polarisert enn nokosinne, og hæren har vist seg å ha den reelle makta.

egypt blod

Eit medlem av Det muslimske brorskapet tar på blodet til ein drepen Morsi-tilhengar i Nasr, øst for Kairo, søndag. «Vil Brorskapets svar bli å auke valdsbruken på si side, væpne seg og prøve med gerilja eller borgarkrig?» spør Knut S. Vikør i denne kronikken.

Foto: AMR ABDALLAH DALSH / Reuters

Hæren og overgangsregjeringa legg skulda på Det muslimske brorskapet, men observatørar utanfrå er samstemte i at sikkerheitsstyrkane skaut med skarpt på ubevæpna demonstrantar i eit forsøk på å rydde plassen der dei hadde slått leir. Om dette er nok eit enkelttilfelle eller starten på eit meir omfattande forsøk på å stoppe protestane med våpenmakt, vil vise seg. Er det det siste, kan det bli atskilleg meir valdeleg og ødeleggande enn vi har sett så langt, men det er uklart kva mål hærleiinga har.

På den eine sida antydar dei at Brorskapet nå skal reknast som terroristar, noko som peiker mot å undertrykke eller forby dei. Samtidig har innanriksdepartementet gjeninnført «plikta til å kjempe mot ekstremisme og overvake politiske og religiøse aktivitetar», altså sensuren frå Mubarak-regimet. I tillegg blir Morsi tiltalt for å ha rømt frå Mubaraks fengsel i 2011. Alt dette tyder på eit ønske, i alle fall hos nokon av dei militære, om å vende tilbake til det kontrollregimet som rådde under Mubarak, før revolusjonen lagde «uorden».

Brorskapet får skulda

Samtidig snakkar dei framleis om eit «vegkart» som skal peike fram mot ny grunnlov, fritt nyval og sivilt styre frå neste år. Dei sivile som støttar regimet vil og må ha ein slik overgang. Men om dei militære faktisk er villige til igjen å gi frå seg den reelle makta er noko anna. Nokre av dei som støtta kuppet, som Tamarrud-rørsla, har alt skarpt kritisert sensur-vedtaket og fleire sentrumsparti har tatt avstand frå valdsbruken til dei militære. Men stemninga er nå så oppheita at mange støttar aksjonane mot Brorskapet og legg skulda på dei.

Stemninga er nå så oppheita at mange støttar aksjonane mot Brorskapet og legg skulda på dei.

Knut S. Vikør

Skal det vere snakk om å organisere val, må ein først finne ut kva Brorskapets rolle kan bli. Dei spede forsøka på kompromiss, som ideen om at Morsi skulle settast fri og så straks «frivillig» gå av, er nå klart forkasta. Om regimet prøver å oppløyse protesten på Rabi'a al-Adawiyya-plassen med militærmakt, blir det truleg meir blodig, sidan titusenar da nok vil flokke dit.

FØLG DEBATTEN: Ytring på Facebook

Støtte i folket

Atskilleg verre blir det om dei vil prøve å knuse Brorskapets landsomfattande organisasjon, med lokalavdelingar i kvar landsby. Brorskapet er rett og slett for stort til å kunne fjernast som politisk maktfaktor. Dei har mista mykje støtte på grunn av den katastrofalt dårlege politikken dei førte i regjering, men har likevel, som vi har sett, mykje støtte igjen i folket. Og om det blir ein varig konfrontasjon med dei militære, vil dei truleg igjen kunne mobilisere meir støtte på forsvar av islam og gammal motvilje mot militært styre.

Dess skarpare konflikten blir, dess vanskelegare blir det for salafistane å støtte undertrykking av islamsk politikk.

Knut S. Vikør

Ein slik langvarig konflikt mellom Brorskapet og det militære kan også sette dei andre politiske kreftene i eit dilemma. Dei meir konservative salafistane er nå djupt splitta. Nokre av dei sluttar rekkene rundt Brorskapet, andre ser ei moglegheit til å arve den religiøst orienterte veljarmassen om Brorskapet blir ekskludert eller boikottar valet. Det største av dei, Nur-partiet, går som på nåler og skiftar linje frå ein dag til den neste. Men dess skarpare konflikten blir, dess vanskelegare blir det for salafistane å støtte undertrykking av islamsk politikk.

FØLG DEBATTEN: Ytring på Twitter

Meir vald?

Noko liknande kan gjelde for dei liberale, som ganske unisont støtta kuppet (som dei ikkje vil kalle eit kupp), men som nå fryktar at dette skal føre til nytt militærstyre. Å støtte Brorskapets motstand kjem ikkje på tale for dei, men dei vil kanskje bli nøydd til å markere avstand til dei militære makthavarane i takt med ein aukande einsidig valdsbruk. Det kan i så fall avsløre kor stor eller liten innverknad dei har på den faktiske politikken i landet.

Vil så Brorskapets svar bli å auke valdsbruken på si side, væpne seg og prøve med gerilja eller borgarkrig?

Knut S. Vikør

Vil så Brorskapets svar bli å auke valdsbruken på si side, væpne seg og prøve med gerilja eller borgarkrig? Det er for tidleg å seie, men Brorskapet har inga erfaring eller trening i den retning. Dei har nok evne til å skaffe seg mindre våpen for å slå ring om demonstrantane, om dei ønskjer det, men ein storstilt konfrontasjon mot dei militære sine tanks og helikopter ser også dei er umogeleg. Så på tross av den oppildnande retorikken, er det meir truleg at dei vil prioritere å beskytte organisasjonen og vende tilbake til undergrunnsaktivitet, om det skulle bli nødvendig.

Al Qaida i Egypt

Derimot kan det nok oppstå radikale grupper i utkanten av eller utanfor Brorskapet som kan jakte på hemn. Nokre slike har vi alt sett på Sinai-halvøya. Angrepa der kan vere knytt til gruppa Ansar al-Sharia, som også har vore aktive i Libya og Tunisia, men som ikkje har sterk utbreiing i Egypt så langt. Sjøl om slike grupper, og gjerne Al Qaida, som har røter i Egypt, nok vil prøve seg, er det truleg at det vil ta noko tid før dei vil kunne etablere seg.

Det er altså grunn til uro, men det er også framleis tid til å områ seg og dempe konfliktnivået. Det er dei militære som har makta og utspelet, og det avgjerande er korleis dei nå vil handtere protestane vidare.