Replikk

Eg er ingen rus-moralist

Blir det lovleg å ha brukardosar på seg, blir sjølvsagt dei narkotiske stoffa oppfatta som lovlege.

Kokain

Blir det lov å ha brukardosar på seg, kan ikkje politiet gripe inn, og eg vil sjå den hasjrøykande eller kokainsniffande advokaten som blir dratt med til ei kommunal nemnd, skriv replikkforfattaren.

Foto: Per Onsheim / NRK

I kronikken «Rus-moralistene» 4/1 2020 går Kari Lossius hardt ut mot oss som ikkje ønskjer ei avkriminalisering av narkotika. Ho har ein debattstil det er lett å la seg kneble av. «Hvor i all verden finner disse kritikerne forskningsmessig belegg for sine påstander?» skriv ho.

Hadde det no vore så enkelt! Forsking er så mangt. Sjølv om det ikkje nødvendigvis skjer ein eksplosiv auke i omfang og problem i land som har avkriminalisert narkotika, er tal og statistikk på dette området usikre og vanskeleg å samanlikne.

Eg er klar over at avkriminalisering er noko anna enn legalisering, men så lenge avkriminaliseringa er tenkt å gjelde også for unge i eksperimenteringsfasen og dei vellykka vaksne som har kontroll, er det jammen berre snakk om ein gradsskilnad. Jubelen over forslaget frå legaliseringstilhengjarane tyder på det same.

Personar som har utvikla eit rusproblem, treng sjølvsagt helsehjelp. Det er vel ingen som er ueinig i det.

Blir det lov å ha brukardosar på seg, vil stoffa sjølvsagt bli oppfatta som lov å bruke. Politiet kan ikkje gripe inn, og eg vil sjå den hasjrøykande eller kokainsniffande advokaten som blir dratt med til ei kommunal nemnd!

Personar som har utvikla eit rusproblem, treng sjølvsagt helsehjelp. Det er vel ingen som er ueinig i det. Det er også ein myte at politiet driv klappjakt på slitne narkomane. Oftare er det vel slik at politiet er dei einaste som faktisk gir hjelp.

Helsetenestene er som kjent stadig utsette for harde nedskjeringar. Kvar pengane til dei foreslegne tiltaka skal kome ifrå, må ein lure på. Rusavhengige har ikkje akkurat høg status og prioritet.

Kvifor kaste på båten all den kompetansen politiet har opparbeidd når det gjeld å avdekke og førebygge rusmisbruk? Kvifor kaste bort høvet til å nytte til dømes påtaleunnlating på vilkår? I dag er det sjeldan at unge som bruker stoff blir sett i fengsel, men det blir nytta alternative reaksjonsformer.

No fortel politiet at dei alt i dag møter mange unge som trur at cannabis er lovleg.

Noreg har låge tal når det gjeld bruk av narkotika, også blant dei yngste, så tiltaka våre må ha fungert bra.

Prosjektet «Monitoring the Future» har sidan 1975 årleg spurt mellom 45000 og 48000 unge i USA om deira forhold til rusmiddel. Dei har funne at faktoren kor farleg eit stoff blir oppfatta å vere, gir ein nokså sikker peikepinn på framtidig forbruk av stoffet. Mange forhold kan påverke denne risikooppfatninga.

Når ungdom ser at vener, folk i media og kjendisar bruke eit stoff, vil dei oppfatte stoffet som mindre farleg. Eit stoff som styresmaktene seier er lov til å selje, blir også oppfatta som mindre farleg enn eit illegalt stoff. Indirekte og direkte reklame verkar på same måte. No fortel politiet at dei alt i dag møter mange unge som trur at cannabis er lovleg.

Bakom all rusbruk finst det eit salsapparat og ein butikk. Her vil ei avkriminalisering sjølvsagt bety ein lettare tilgang til marknaden. Seljarane på detaljnivå treng ikkje ha på seg meir enn brukardosa, om politiet skulle finne på å undersøke.

I artikkelen «Det grønne skiftet» på NRK 17.02.2019 står det å lese: «Cannabis kan bli USAs mest verdifulle landbruksprodukt om få år. Legalisering har ført til at industrien vokser med rekordfart,». Det står også at den legale cannabisproduksjonen i USA truleg vil auke frå 9 milliard dollar i 2017 til 75-80 milliard dollar i 2030.

Bakom all rusbruk fins det eit salsapparat og ein butikk.

Så ei liberalisering av lovverket, anten det er i form av legalisering eller avkriminalisering, vil sjølvsagt bety auka forbruk.

Kari Lossius trur visst at vi som er ueinige med henne meiner at «bare vi straffer dem nok, vil de oppføre seg som folk». Det får ho berre tru.

Ho skriv dessutan: «La oss derfor få slippe å få flere udokumenterte påstander fra deler av politiet, KrF og Frp i tiden som kommer.» Dette er kanskje eit forsøk på å punktere folk som er usamde med henne, men sidan eg verken stemmer Frp eller KrF, ikkje jobbar eg i politiet, og ikkje ser eg på meg sjølv som spesielt moralistisk, så tillet eg meg å peike på at «sanningane» i dette feltet ikkje er så sikre som ho let til å tru.

Ein må faktisk framleis bruke skjønn her. Gode oppvekstmiljø er viktige, men det er naivt å tru at oppvekstmiljø åleine kan utkonkurrere stoffindustrien.

Ein ting til: Det er rart at ho vart overraska over at forslaget om avkriminalisering møter motbør. Det kan vere at vi ikkje les dei same avisene.