NRK Meny
Kronikk

Eg er ingen Expert

Eit stort elektronikkfirma, som vi ikkje nemnar med namn, vil gjøra oss medskyldig i at 1432 tidlegare medarbeidarar no er arbeidslause. Det godtek vi ikkje.

Expert reklame

Ein av reklamene frå selskapet forfattar Lars Ove Seljestad kallar «Firmaet-viss-namn-ikkje-kan-nemnast».

Foto: Expert/Envision

Det store nordiske elektronikkfirmaet Expert relanserer seg denne veka som Nye Expert. Måten dei gjør dette på, er gjennom fargesprakande annonsar å fortelja omverda gledesstrålande at dei har sagt opp 1.432 medarbeidarar, lagt ned 358 små butikkar og kutta kostnadar med 800 millionar kroner.

Underlege ting å fortella omverda, tenker no eg, ein enkel mann som eg jo er. (Og her vil eg legga til at eg, frå no av, for å bidra minst mulig til deira evt. strategi for å oppnå mest mulig gratis medieksponering, vel å omtala dette firmaet som «Firmaet-viss-namn-ikkje-kan-nemnast», i kortversjon «FVNIKN».)

For å bidra minst mulig til gratis medieksponering, vel eg å omtala dette firmaet som 'Firmaet-viss-namn-ikkje-kan-nemnast', i kortversjon 'FVNIKN'.

Lars Ove Seljestad, forfattar

«Firmaet-viss-namn-ikkje-kan-nemnast» har hatt noen tunge år bak seg. Konkurransen mellom dei ulike elektronikk-kjedene har hardna til, og etter å ha slikka såra sine, valde «FVNIKN» å finna seg sjølv opp på ny som, ja, nettopp, «Nye-firmaet-viss-namn-ikkje-kan-nemnast» («NFVNIKN»).

HØYR OGSÅ: Kulturnytt om Expert-debatten.

Vi er forbanna

I denne nye sjølv-iscene-settinga, vel dei å dra over Skagerak til vår tidlegare koloniherre for å få nye, og friske, jamvel svært friske idear, til gjenoppståinga si. Så friske har desse ideane vist seg å vera, at vi, som skulle vore dei svoltne forbrukarane som skulle ha storma butikklokala og butikkhyllene til «NFVNIKN» i staden har blitt provoserte av denne friske marknadsføringa, ja, jamvel forbanna er det fleire av oss som har blitt.

Så forbanna har somme av dei potensielle kundane til «NFVNIKN», og, ikkje minst, dei tidlegare kundane til «Gamle FVNIKN» blitt, at dei jamvel har starta ein Facebook-aksjon mot «NFVNIKN» der dei kategorisk fastslår at dei, for sin del, har handla sin siste elektronikkduppeditt på «FVNIKN», at dei slett ikkje vil ha noe med «NFVNIKN» å gjøra, og oppmodar oss andre om å boikotta dette umoralske firmaet.

FØLG DEBATTEN: NRK Ytring på Facebook.

Eg mistenker at reklamebyrået skal nå fram til våre nedrigaste instinkt i den aller nedarste delen av reptilhjernen vår.

Lars Ove Seljestad, forfattar

Provoserande mediastunt

Men korleis kunne denne fabelaktige oppstoda gå så galt for «NFVNIKN»? For det første, er det er jo slett ikkje sikkert at det gjekk så galt. Kanskje var det dette som var siktemålet med heile kampanjen? Å provosera fram motreaksjonar, rabalder, raseri, mediestorm og debattar på sosiale media?

Kledeprodusenten Benetton har jo tidlegare provosert gjennom sine reklamekampanjar med bilete av lidande barn i situasjonar prega av både krig og fattigdom. Det er lite som tydar på at dei har tapt særleg på denne strategien.

Men mediestrategien til «NFVNIKN» og det danske reklamebyrået Envision, som det er freistande å gi utnamnet «RBVNIKN», ser ikkje ut til å ha lukkast på same måte som kledeprodusenten sine mediastunt. Kvifor ikkje?

Nedarste delen av reptilhjernen

For det første var kledehandlaren sine kampanjar elegante og prega av svært gode og kontrastfulle fotografi. Bileta var av høg kvalitet, dei var svært godt gjennomførte og tenkte, og dei var enkle og slåande. Vi hugsar vel alle biletet av det kvite barnet som diar eit svart bryst? Og så, elegant nok, berre merkenamnet droppa med den karakteristiske grøne fargen?

De vil aldri klara å rocka oss, som de seier de vil i den feilslåtte reklamen dykkar. De har undervurdert oss som samfunnsborgarar og som arbeidande og tenkande vesen.

Lars Ove Seljestad, forfattar

Eg mistenker «NFVNIKN» og reklamebyrået deira for å prøva seg på eit liknande provokativt mediestunt, eit mediestunt som skal gi mye debatt, diskusjon og gratisreklame og som, i siste instans, skal nå fram til våre nedrigaste instinkt i den aller nedarste delen av reptilhjernen vår:

Det er blitt billegare å handla på «NFVNIKN» enn på gamle «FVNIKN». Og vi kan gjøra eit potensielt skup, riktig eit feitt bytte kan vi legga ned i handlekorga vår på «NFVNIKN», den reelle så vel som den virtuelle.

Er eg medskyldig?

Men: «Se det fikk fanden fordi han var dum. Og ikke beregnet sitt publikum!» Problemet til «NFVNIKN» er at bodskapen deira er langt meir komplisert enn kledeprodusenten sitt. Og, ikkje minst, koplinga mellom det første leddet i bodskapen deira – at dei har sparka 1.432 medarbeidarar – og ledd to: At det er for at eg, som kunde, skal kunna handla billegare elektroniske duppedittar på «NFVNIKN», blir for drøy.

På denne måten prøver «NFVNIKN» å gjøra meg til medskyldig i at 1432 tidlegare medarbeidarar no er arbeidslause, og ikkje berre det, dei prøver å gjøra meg, som potensiell kunde, til årsaka for, og den eigentleg ansvarlege for denne avskyelege logikken.

FØLG DEBATTEN: @NRKYtring på Twitter.

Expert reklame rock you

Kjem «Firmaet-hvis-namn-ikkje-kan-nemnast» til å rocka oss? Ikkje om Lars Ove Seljestad har noko med saka å gjøra. Her ein detalj frå reklamekampanjen.

De vil aldri klara å rocka oss

Ikkje dei som sit i leiinga av «NFVNIKN». Ikkje dei som eig «NFVNIKN», AWilhelmsen AS og Dolphin Invest AS. Ikkje det verkelegheitsfjerne danske reklamebyrået som har klart å klekka ut ein så gjennomført elendig reklamekampanje, men eg, du og eg, som potensielle kundar, er dei som er årsaka til at «FVNIKN» har sparka 1.432 tilsette. Det er vi som er årsaka til at 1.432 fedrar, mødrer, brødrar, søstrer, onklar, tanter, vener og naboar no står utan jobb.

På denne måten prøver 'NFVNIKN' å gjøra meg til medskyldig i at 1432 tidlegare medarbeidarar no er arbeidslause.

Lars Ove Seljestad, forfattar

Og vi godtar ikkje denne bodskapen. Vi avviser denne søkte årsakskjeda med sine spuriøse samanhengar og sender ein tydeleg bodskap attende til avsendaren: De vil aldri klara å rocka oss, som de seier de vil i den feilslåtte reklamen dykkar. De har undervurdert oss som samfunnsborgarar og som arbeidande og tenkande vesen. Og de har overvurdert reptilhjernens og forbrukets plass i våre liv. Difor returnerer vi bodskapen til avsendaren: NFVNIKN – «You’ve got mud in your face. You big disgrace. Slander your name all over the place…»