Kjære landbruksminister. I dag kjem Bondelaget og Bonde- og Småbrukarlaget med sine krav til staten i jordbruksforhandlingane. Dette markerer starten på det mange kallar "vårens vakraste eventyr".
Det verkelege eventyret
Vegen synest lang mellom forhandlingsromma i hovudstaden og det verkelege eventyret som finn stad på gardane rundt om i landet. For dei fleste bønder handlar våren framfor alt om lamming, pløying, såing og andre førebuingar til vekstsesongen. Det er som om forhandlingane skjer i ei anna verd enn den bøndene lever i.
Ein kvardag der det er veret, dyra, plantene og jorda som styrer arbeidsoppgåvene. Det er tungt å setje seg inn i postar på statsbudsjettet når gjødsla som må ut før regnvêret kjem eller geiter som kjear døgnet rundt krev all merksemd. Likevel påverkar resultatet kvart år den einskilde bonden sin økonomi og ikkje minst kva retning norsk landbruk som heilskap skal gå i framover.
Ikkje for å verta rik
Sjølv er eg ein av dei som vil drive gard i framtida. Eg har nett flytta heim til slektsgarden og skal ta over drifta ved årsskiftet. Kanskje går eg imot straumen? I alle fall går eg imot det mange, inkludert mine foreldre, har råda meg til. Ein ting er sikkert; eg har ikkje valt livet som gardbrukar for å verte rik på pengar.
Eg meiner me i Noreg har eit internasjonalt ansvar for å produsere mat til eigne innbyggjarar. I eit land der tre prosent av arealet er dyrka mark lyt me ta i bruk alle tilgjengelege ressursar for å greie dette. I denne samanhengen er både dei lettdrivne flate areala og små bratte jordlappar og utmark like viktige.
For meg handlar det i tillegg om nærleik til naturen, meiningsfylt arbeid og bevaring av tradisjonar.
Gras framfor importert protein frå Brasil
Min gard høyrer til den siste kategorien: ein vestlandsgard på rundt 60 mål fulldyrka jord, men med store tilhøyrande utmarksområde. Her er det grovfôr- og beitebasert husdyrhald som gjeld, ikkje store fabrikkfjøsar som baserer drifta på innkjøpt (og i stor grad importert) fôr og med minimal beiting. Drøvtyggjarane våre (kyr, sauer, geiter) har den unike eigenskapen at dei kan gjere om gras- og beiteressursar til mjølk, kjøt og ull som me menneske kan nytte. Diverre har ein større og større del av fôrsetelen til desse firbeinte vorte erstatta med kraftfôr.
For å stadig auke mengda mjølk og kjøt ein kan presse ut av kvar ku har ein gjort seg avhengig av importerte proteinråvarer, i all hovudsak frå Brasil. Dette går utover ressursutnyttinga i Noreg og er med på å framskynde rasering av regnskogen i Brasil.
Eg håper du, landbruksminister, vil ta grep i dette jordbruksoppgjeret og gjere det lønsamt å nytte desse ressursane igjen, slik at eg og mine kollegaer kan halde fram med å yte vårt viktige bidrag til norsk sjølvforsyning av mat.
Det kan ikkje vere slik i graslandet Noreg at det ikkje løner seg å fôre drøvtyggjarane med gras!
FØLG DEBATTEN: Ytring på Twitter.
Langt mellom hus med lys i vindauga
Kjære landbruksminister. Eg håpar du i dette oppgjeret ser at det er eit enormt rekrutteringsbehov i landbruket. Mange stader står eldre bønder utan etterkomarar som er villige til å ta over. Då eg gjekk på barneskulen var me 30 elevar på skulen i bygda. No har me ingen skule lenger. I mi levetid har me mista skulen, nærbutikken, legekontoret, bankfilialen og postkontoret. Det er langt mellom hus med lys i vindauga. Enda lenger mellom dei som driv garden dei bur på.
Alle bønder treng naboar og kollegaer som dei kan stø seg på både i medgang og motgang. Ungdommar treng å sjå at det er føreseielege økonomiske rammevilkår slik at dei kan gå inn i næringa utan å frykte for eiga framtid. Driftsbygninga på min gard har stått ubrukt i mange år. Før eg kan fylle ho med geiter, må eg gjere investeringar. Det nyttar ikkje for meg å få lån i banken om eg ikkje veit at eg kan tene pengar i åra framover.
Forhåpentlegvis slepp eg å gå mot straumen resten av livet, det kan vere tungt i lengda.