Hopp til innhold
Kronikk

Dommedagen avlyst

Frp har slept skaparkrafta til bonden fri. Det gjev resultat.

Kuer på beite på Vestfossen

Ap og Sp varsla domedag, men tok feil. Norsk jordbruk går betre enn under dei raudgrøne, og vi skal fortsette denne utviklinga, skriv landbruksministeren i kronikken. Kyrne på biletet held til i eit moderne, automatisert fjøs på Vestfossen.

Foto: Terje Bendiksby / NTB scanpix

Då denne regjeringa tok over i 2013, og Frp tok over leiinga i Landbruks- og matdepartementet, var det ikkje grenser for kor gale mange meinte det ville gå med norsk matproduksjon. Kritikarane i Sp og Ap spådde konkursras, rasering av jordbruket og matproduksjonen ville bli lagt ned. Det gjekk mot domedag.

Ugrunna pessimisme

Fasiten syner at pessimistane nok ein gong tok feil. Måloppnåinga i jordbrukspolitikken er betre no enn under den raudgrøne regjeringa. Det skuldast at vi har vore meir opptekne av det samla resultatet, enn av einskilde detaljreguleringar. Frp har slept skaparkrafta til bonden fri.

Regjeringa lova at vi skulle legge til rette for å auke produksjonen, deregulere for å betre bondens moglegheit til å utvide og effektivisere produksjonen, samt styrke satsinga på lokalmat. Inntekts- og investerings­mogeleg­heitene skulle styrkast, og det skulle leggast til rette for at kjøttproduksjonen skal gå føre seg i distrikta, ikkje sentralisert til kornområda. Og vi lova å styrke stimulansen til å bruke utmarksressursane for å hindre at Noreg gror att. No, fire år etter er det tid for evaluering.

Positiv utvikling

Vi ser at matproduksjonen i Noreg aldri har vore høgare enn no. Etter mange år med underskot på lammekjøt og store importbehov, produserer vi det vi treng. Omsetninga av lokalmat aukar om lag 2,5 gonger meir enn resten av daglegvaremarknaden. Ciderprodusentane har fått moglegheiter for direktesal som dei har kjempa for i 10–15 år, men som Sp aldri klarte å ordne opp i.

Måloppnåinga i jordbrukspolitikken er betre no enn under den raudgrøne regjeringa.

Fleire unge søker seg til landbruksutdanningane. Delen av kraftfôret som er laga på norske råvarer auka med 12 prosentpoeng frå 2014 til 2016. Godt vêr har gitt gode bidrag til dette, men vi har snudd den negative trenden og kornarealet aukar for fyrste gong på over 10 år.

Investeringstakta er høg. Talet på konkursar i jordbruket er svært lågt. Meir enn ein tredel av kyrne vert mjølka med robot og det er den høgaste delen i verda. Produksjonsviljen er stor.

Produktiviteten aukar

Drivande dyktige bønder tek i bruk ny teknologi, det blir meir presisjonsjordbruk. Det er god plantehelse, friske produksjonsdyr og svært låg bruk av antibiotika. Auken i arbeids­produktivitet i jordbruket var i gjennomsnitt 4,1 prosent per år dei siste 10 åra, medan den var 1 prosent i gjennomsnitt i fastlands-Noreg. Norske bønder jobbar altså godt.

Reduksjonen i talet på bruk flatar ut. Bruksavgangen er lågare med Frp enn dei fire siste åra under førre regjering. Med Sp gjekk jordbruksarealet ned med om lag 60.000 dekar per år. No er reduksjonen nede i 10.000 dekar. Inntektene i jordbruket aukar, i perioden 2014 til 2018 ligg bøndene an til å få ein inntektsauke som er meir enn dobbelt så stor som andre grupper.

Følg NRK Debatt på Facebook og Twitter

Trendskifte

Dei siste to åra har eg lagt mykje innsats i å styrke grunnlaget for ku og sau i grasområda, m.a. på Vestlandet, og stimulere til meir bruk av utmarksbeite. Samstundes har vi i enda sterkare grad stimulert til å dyrke korn og planteprodukt i andre delar av landet, der tilhøva ligg best til rette for det. Det har gitt resultat.

Vi har snudd den negative trenden.

Sidan 2014 har det vore eit trendskifte, der Vestlandet og Trøndelag har auka sin del av det grasbaserte husdyrhaldet (ku og sau). I perioden 2006–2014 var det Austlandet som stod for auken i den grasbaserte produksjonen, med unntak for mjølk. Ifølgje NIBIO sine drifts­granskingar for 2015 var nettoinvesteringane høgast på Vestlandet.

Vi har med andre ord stoppa sentraliseringa av det grasbaserte husdyrhaldet som gjekk føre seg då Sp leia Landbruks- og matdepartementet.

Saman med avtalepartane i jordbruksavtala, har regjeringa utvikla verkemidla effektivt, og lagt til rette for alle typar bruk. Målet er best mogeleg måloppnåing med lågast mogeleg subsidiering. Viss resultata vi har oppnådd på vår vakt er indikasjon på domedag slik Ap og Sp sa for 4 år sidan, ja då byrjar eg å gle meg til domedag.

Er med på ferda

Ap og Sp har i denne valkampen gjort det til ein sport å skulle reversere strukturtiltak denne regjeringa har gjennomført. Det ville vere ei ulukke om det blei gjort i jordbrukspolitikken.

Heldigvis har Ap og Sp i tur og orden no slått fast at dei vil la alle grep som Frp har fått gjennom bli liggande, også om ulukka skulle skje og dei vinn valet. Det viser at Ap og Sp protesterer for all verda, men vert med på ferda.

Frp er likevel ikkje i mål. Vi skal arbeide for å utvikle norsk matproduksjon og styrke moglegheiter for bonden til å utvikle eigen gard. Bruken av beitemarka skal styrkast, slik at Norge ikkje gror att. Vi skal fornye, investere og ta i bruk ny teknologi. Vi skal gjere det attraktivt for unge bønder å velje ei framtid i jordbruket.

Ap og Sp protesterer for all verda, men vert med på ferda.

Skal vi klare det trengst det ei regjering som ser framover og ikkje bak seg, ei regjering som tørr å prioritere også når det er vanskeleg. Det trengst ein landbruksminister frå Frp som er oppteken av å vite kvar vi kom frå, men også kvar vi skal.

Stillstand er tilbakegang. Vi treng framleis framsteg i landbrukspolitikken.

Frp har vist at vi kan, no er vi klare for fire nye år.

NRK Valg: Debatt om Distrikts-Norge (23.08.2017 klokka 21:30.)

I denne valgkampen kappes politikerne om å ha de beste løsningene for distriktene. Vi tar det store distriktsoppgjøret med debatt frå kanten av Jostedalsbreen. Programledere Ingunn Solheim og Jarle Roheim Håkonsen