NRK Meny
Kommentar

Djevelens advokat - eitt år etter

Mot alle odds blei terroristens forsvarar folkehelt. Kva skjedde?

Geir Lippestad med "Årets snill gutt"-pris 2012

Advokat Geir Lippestad fekk prisen for 'Årets snill gutt 2012' fra Pressefotografenes klubb.

Foto: Solum, Stian Lysberg / NTB scanpix

Det er gått eitt år sidan rettssaka starta, no kjem Geir Lippestad med bok. Den skal handle om verdiar, om toleranse. Tankar han har gjort seg – både gjennom prosessen etter 22. juli og tidlegare i livet.

Ein må beundre hans mot, for fallhøgda er stor etter at han runda av 2012 som «Årets namn» både i Dagbladet og VG.

Frå ukjend til landskjend

Det var ikkje mange som hadde høyrt om Geir Lippestad då han stillfarande vandra inn på den nasjonale scena skrekkhelga i slutten av juli 2011. Norge var paralysert av terroren i Oslo og på Utøya. Nasjonens skjebne vakla etter handlingar så grufulle at dei stilte krav til vår fatteevne.

Frå første stund viste Lippestad stor openheit i det offentlege.

Knut Magnus Berge, kommentator i NRK

Går det an å gå vidare etter dette? Kjem demokratiet vårt til å tåle ei ugjerning så i yttergrensa av det vi trudde menneskeleg mogeleg?

FØLG DEBATTEN: Ytring på Facebook

Nasjon på randa

Og ikkje minst; korleis skal rettsstaten handtere tilfellet Anders Behring Breivik? Finnes det ei straff som på noko vis står i forhold til det som er gjort? Nei. Og har eit slikt menneske i det heile tatt krav på eit forsvar?

For det var ikkje berre sjokket over terrordåden – det var også det at massemordaren var ein av våre. Ein kvit nordmann. Oppvaksen på vestkanten i Oslo.

Open om verdiar

Det var i denne situasjonen Geir Lippestad stod fram. Breivik valde han til forsvarar, fordi dei ein gong hadde hatt kontor i same bygg.

Det mangla ikkje på åtvaringar, både frå samfunnsstøtter og mediehald: Var han i ferd med å bli ein medieklovn?

Knut Magnus Berge, kommentator i NRK

Frå første stund viste Lippestad stor openheit i det offentlege. Han stilte opp i media, svara på spørsmål med ein klar verdibasert kommunikasjon: Ikkje berre har Breivik krav på eit forsvar, men det er viktig for rettsstaten Norge. Det er viktig for demokratiet at vi i nettopp denne saka står fast på kjerneverdiane. Behandlinga av Breivik er testen på om Norge tåler 22. juli.

Med andre ord: at terroristen får eit skikkeleg forsvar er ikkje viktig berre for terroristen -det er viktig for oss alle.

Medieklovn?

Han var roleg, vedgjekk feil (som når han på ein engelsk pressekonferanse slo fast at Breivik var «insane» – gal). Han var likefram og sympatisk, og fortalte om tvil.

Han var fersk i den offentlege rolla og dukka etter kvart opp i mange samanhengar: Lippestad i båten, familie-Lippestad med ansvar for sju barn (undervegs stod han fram og hadde fått eitt til). Og det mangla ikkje på åtvaringar, både frå samfunnsstøtter og mediehald: Var han i ferd med å bli ein medieklovn?

Kontroversiell

Men bodskapen gjekk heim. Det utenkelege skjedde. Breiviks forsvarar, djevelens advokat, erobra folket. Gradvis såg publikum ein forsvarar som lytta til dei signala som kom frå ein traumatisert nasjon, som evna å tolke dei, og som tok omsyn til det i kommuniseringa av forsvaret. Han skapte seg ein plattform som han kunne stå på. Den bygde på grunnleggjande prinsipp ved rettsstaten.

For ein del av vala hans som forsvarar blei omstridde: Hausten 2011 stod han fram i media og snakka om «mulighetsrom» og «radikaliseringsfaktorar». Advokatkollegaer rista på hovudet, både av den juridiske relevansen, og at han valde å vise fram strategien i det offentlege. Dette var før den første psykiatrirapporten kom, som konkluderte med at Breivik var utilrekneleg.

Kva er klientens interesse

Etter kvart blei psykiatrien hovudfokus for Breivik – han ville ikkje på galehus. Det blei også forsvarets hovudmål, strategien blei tilpassa.

Kan ein advokat seie slikt som kan stride mot klientens interesser? Ny undring frå kollegaer. Lippestad balanserte på ein knivsegg.

Knut Magnus Berge, kommentator i NRK

Like før rettssaka starta for eit år sidan kom Lippestad ut frå Ila fengsel og fortalde at Breivik ikkje angra. Tvert om, det einaste han var lei seg for var at han ikkje fekk tatt livet av fleire!

Kan ein advokat seie slikt som kan stride mot klientens interesser? Ny undring frå kollegaer. Lippestad balanserte på ein knivsegg. Truleg ville han åtvare og fendre av for sjokket når Breivik sjølv kom med den same bodskapen i open rett. Men var det rett å gjere det?

FØLG DEBATTEN: @NRKYtring på Twitter

22. juli-sakas paradoks

Midt under rettssaka kom ein debatt om ikkje Lippestad burde gått imot sin klients vilje. Og jobba for å få han kjent utilrekneleg, fordi det ville vere i klientens reelle interesse å unngå straff.

Debatten om dette vil kome igjen. Om forsvararrolla, om strategien der ein etter kvart fekk paradokset at Breiviks interesser fall saman med folkeviljen. Så godt som alle ønskte han dømt tilrekneleg – også Breivik sjølv. At han skulle få si straff. Av dei få som meinte han kunne vere utilrekneleg var aktoratet. Den debatten kjem også til å kome igjen.

Samfunnsdebattant

Lippestad følgde si eiga overtyding. Både når det gjeld forsvararstrategi, men ikkje minst når det gjeld mediestrategi. No går han eit skritt vidare. Han gir ut bok, den skal handle om verdiar, om hans tankar rundt korleis vi lever våre liv. Om demokratiet, om rettsstaten og kvifor han valde å bli jurist. Han ønskjer seg debatt og etablerer seg med det som samfunnsdebattant.

Lippestads metode

Som i 22. juli-saka lagar Geir Lippestad seg ein kommunikasjonsplattform. Og når han skal dele sitt verdisyn i ei bok, er det nok mange som igjen kan tenke seg å pirke i han, og spørje om dette er så lurt. Men også denne gongen vil gjer han det han meiner er rett. Han har noko på hjertet, som han gjerne vil dele med andre.

For sjølv om fallhøgda etter kvart er blitt stor, har djevelens advokat så langt vunne folket ved å gå sin eigen veg.