Hopp til innhold
Kronikk

Direkte-TV frå ei militærøving er ikkje statskanalen verdig!

Det er særs alvorleg at NRK gjer show av det å leike krig.

NATO

NATO-øvinga er å rekne for den største i Noreg sidan den kalde krigen. NRK virker ikkje å kjenne på dei store linene med spenning og militarisering av Norden, men snarare ser på dette som god fjernsynsunderhaldning. Det er både trist og beklageleg, skriv kronikkforfattarane.

Foto: SKJERMDUMP / NRK

Det er som mange hevdar veldig viktig no å få fram oppriktige og faktabaserte argument mot denne overdimensjonerte og ikkje minst farlege militariseringa av våre liv. Diverre er ikkje norsk presse den som er mest kritisk til dette. Berre sjå på at de i sjølve statskanalen NRK sende direkte frå militærøvinga Trident Juncture 18, tysdag 30. oktober.

«Heilt utruleg at dei kan gjera slikt og heilt forkasteleg», har me høyrt mange seie. Dei gjer show av det å leike krig, ein særs alvorleg og farleg leik. Ja, så langt er me komne i Noreg også: Krig og trening på krig er blitt underhaldning.

Krig som underhaldning

Me forstår det slik på manglande kritisk og god journalistikk i dei store media og aviser i Noreg at det ikkje er god tone å setje for mykje kritisk søkeljos på den NATO-lina som Noreg om lag alltid har halde seg til. Nemleg det at ein stiller rett og slett ikkje spørsmålsteikn ved Nato i det heile teke. Slik forstår me haldninga til NRK også.

Ja, så langt er me komne i Noreg også: Krig og trening på krig er blitt underhaldning.

Med dette som bakgrunn vil me hevde at ein statskanal, som for det meste er betalt av oss skattebetalarar og ein statskanal som ser på seg sjølv som «nøytral», altså vel å vise deler av militærøvinga Trident Juncture direkte på fjernsynet utan å ta omsyn til at underhaldning og krig ikkje høyrer saman.

Desse nesten to timar med direktesending frå deler av dei militære framstillingane med dei øvste og politiske dignitarar til stades under eit militært show, er interessant til i etterkant å tenkje på korleis statskanalen har gjort sitt journalistiske arbeid.

Nato 2

Frå direktesendinga på NRK2 tysdag.

Foto: Skjermdump / NRK

NATO-øvinga Trident Juncture 18 er å rekne for den største i Noreg sidan den kalde krigen. NRK virker ikkje å kjenne på dei store linene med spenning og militarisering av Norden, men snarare ser på dette som god fjernsynsunderhaldning. Det er både trist og beklageleg.

Militære provokasjonar i ei usikker tid

Dette føyer seg difor inn i mange døme frå historia der øvste befal, politikarar og rikfolk møtest for å sjå på militære slag og bombingar.

Omgrepet «krigsturisme» var først brukt under Krim-krigen då velståande europearar saman med britiske øverskomanderande i 1854 såg på «Alma-slaget» frå ein nærliggande fjelltopp. Under Irak-invasjonen i 2003 vart kampane i Bagdad og elles i landet direktesendt på dei store fjernsynskanalane i USA. Og under Gaza-bombinga i 2014 skålte israelske soldatar og befal i sjampanje frå eit høgdedrag mens dei såg flya deira bomba Gaza, der det for det meste gjekk ofseleg ut over dei sivile.

Det er eit problem at NRK ikkje no kjenner på dei store linene med spenning og militarisering av Norden.

Det er viktig for oss å vise at dette med showlaging av krig eller øvingar ikkje er greitt. Det er heller ikkje greitt for alle i Noreg å ha slike store militære provokasjonar i ei tid som pregast meir av opprusting og kald krig enn det motsette.

Dyr militærøving

NRK bør i staden setje søkeljoset på føljande framover: I oktober-november i år er det ei stor øving, denne gongen i Midt-Noreg.

Med så mange som 50 000 soldatar og tusenvis av køyretøy og skal operera 150 fly og 70 skip, til lands og til vanns. Denne gigantøvinga kalla Trident Juncture 18 vert den største øvinga i Midt-Noreg på minst 15–20 år. Ein mindre del av øvinga skal føregå i Sverige, Finland, på Island, og i Austersjøen.

Trident Juncture 2018

Generalsekretær i Nato Jens Stoltenberg, forsvarsminister Frank Bakke-Jensen (H) og forsvarssjef Haakon Bruun-Hanssen på DV-dagen på garden By på Byneset i Trondheim tysdag.

Foto: Gorm Kallestad / NTB scanpix

Noreg er altså vertsnasjon. Slik er det å vera medlem av Nato: Servil, underlagt, miljøsyndar, pengeslukar og med velvillige militærhissarar hjå makta. Denne øvinga kostar vertsnasjonen Noreg dyrt.

Slik er det å vera medlem av Nato: Servil, underlagt, miljøsyndar, pengeslukar.

To milliardar kroner er reservert, men summen kan verte tydeleg høgare, fortel forsvarsleiinga til NRK. Våre skattepengar går til militarisering og ikkje nok til helse, skule, arbeid. Er ein skattenektaksjon det me treng, for fred?

Store miljøskadar på produktiv jord, veg og anna infrastruktur er også venta.

Vi må nedruste, ikkje det motsette!

Militariseringa av Skandinavia og Norden er altså i full gong og dermed spenningsdrivande! Og Noreg og Norden er med denne politikken medverkande til å potensielt eskalera faren for storkrig i Europa.

Atomvåpenproblematikken og Nato er som eit par tenkjande på krig, tett knyta til kvarandre i avskrekkingsterror, trugsmål i førstegongsbruk og milliardbeløp i vedlikehald og fornying av atomvåpena. Dette gjer også at motpartane Russland og Kina held oppe og rustar opp sine arsenal.

Hadde berre Vesten og Nato rusta ned og invitert motparten til det same, då hadde me kanskje kunne sett fram mot fredelegare tider og ein tinande isfront.

––––––––––––––––––––––––––––––––––––––––––––––––––––––––––––

Tilsvar fra NRK

Espen Olsen Langfeldt, Redaktør i NRK Nyheter

Den pågående militærøvelsen «Trident Juncture» er – som innleggsforfatterne også påpeker – den største Nato-øvelsen i Norge siden den kalde krigens opphør. Med 50 000 deltagere og med et så stort militært oppbud, har NRK en plikt til å informere og opplyse befolkningen om konsekvensene av en slik tilstedeværelse. Derfor valgte vi tirsdag å direktesende deler av øvelsen – under den såkalte DV-dagen på Byneset i Trondheim.

Her deltok 3000 soldater, 20 krigsskip , 42 jagerfly og 12 stridsvogner innenfor et svært konsentrert geografisk område og tidsrom. Det definerte vi som en nasjonal nyhetshendelse, og vi dekket det slik som vi gjør ved alle andre nyhetshendelser: Ved å informere saklig og så objektivt som mulig om det som skjedde med bruk av levende bilder, tekst og egne og eksterne kommentatorer.

Vi formidlet også Nato-kritiske synspunkter fra politikere på Stortinget og bilder fra demonstrasjoner mot øvelsen. Derfor mener vi bestemt at vi ikke formidlet dette som et slags «show» eller «underholdning», for her har forfatterne Jørdre og Dahl helt rett: Underholdning og krig hører ikke sammen.

Men det betyr ikke at vi skal forholde oss tause om øvelsen, vi skal forholde oss til NRKs oppdrag: Å oppfylle demokratiske, sosiale og kulturelle behov i samfunnet samt formidle redaksjonell uavhengig journalistikk.

Det gjorde vi også denne gang.