Hopp til innhold
Kronikk

Difor mister vi nye lærarar

Kvar tredje nytilsette lærar forsvinn frå yrket etter få år. Kvifor forstår vi ikkje kor avgjerande det er med rettleiing i starten av ein yrkeskarriere?

skole

«Vi treng ei tariff- eller lovfesting av retten til rettleiing, og med det bør ein òg sette av tida som trengst for at rettleiinga skal ha noko føre seg», skriv Ane Krogsæter Aarre. Biletet er ein illustrasjon.

Foto: OLIVIER MORIN / AFP

Også i år kjem mange til å ha sin første skuledag som lærar. Også i år kjem nye lærarar til å møte med stjerner i blikket og sterke visjonar.

Mange av desse visjonane kjem til å ende som illusjonar. For også i år kjem vi til å svikte mange nye lærarar.

For heller ikkje i år har alle skular rettleiingsordningar for nyutdanna lærarar. Heller ikkje i år har mange skular andre planar enn å «kaste dei ut i det». Heller ikkje i år kjem vi til å ta konsekvensen av at det er enkeltpersonar sine draumar og elevar si opplæring vi set på spel.

Og det er store verdiar vi spelar med som innsats: Få ting gjev så god avkasting som folk som får arbeide for det dei brenn for. Og sjølv om dei nyutdanna skulle klare seg gjennom dei første åra med lærarlysta i behald, så er det ingen som vinn på at dei legg visjonar på arbeidshylla for så å gløyme dei der.

«Praksissjokket»

Sjølv har eg møtt nok av skuleleiarar og erfarne lærarar som har kome med følgjande veilmeinte råd: «Du bør nok legge bort visjonane dine i starten, viss ikkje overlever du ikkje dei første åra.» Det er eit tap for norsk skule at mange skular sin strategi for å dempe «praksissjokket» er å kaste nyutdanna sine visjonar på bålet. Men strategien verkar å vere utbreidd.

Det er eit tap for norsk skule at mange skular sin strategi for å dempe «praksissjokket» er å kaste nyutdanna sine visjonar på bålet.

Ane Krogsæter Aarre

Truleg er det fordi den ved første augekast kan verke billegare enn å gi alle nyutdanna lærarar rettleiing, slik KS (kommunesektorens organisasjon) og Kunnskapsdepartementet (KD) inngjekk ein intensjonsavtale om i 2009. Målet da var at alle nyutdanna skulle ha rettleiing frå skuleåret 2010–11 (2011–12 for barnehagelærarar). I 2011–12 oppgav berre 72 prosent av alle nyutdanna at dei fekk ei eller anna form for rettleiing. I tillegg, men utan at eg skal gå nærare inn på det her, tydar alt på at kvaliteten er svært så varierande.

FØLG DEBATTEN: Ytring på Facebook

Vondt eksempel

Visjonar er tviegga sverd, og det krevst ofte rettleiing for å svinge dei rett. Ein visjon kan få fram det beste i oss, men den kan òg knekke oss heilt. Når ein opplever at det vert for stor avstand mellom ideal og realitetar, da skjer det oftast ein av to ting: Anten arbeider ein så mykje for å tette gapet mellom «bør» og «er» at visjonen til slutt brenn ut læraren, eller så forsvinn visjonen og med det lærargnisten. Resultatet vert det same: Ein skule som ikkje klarer å strekke seg så langt som den kunne. For kvar gong ein lærarvisjon brest, så vert profesjonen vår litt fattigare. Vi mister noko av det som skulle drive oss framover. Og stundom mister vi òg kollegaer som truleg hadde det i seg, men som vi ikkje makta å rettleie slik at verken dei sjølve, vi eller elevane våre fekk glede av det.

Eit vondt eksempel på dette fekk vi i Henriette Høilund-Kaupang sin NRK Ytring-kronikk 8. juli i år. Stjernene i blikket hennar frå første skuledag vart erstatta med tårer i auga på veg til og frå jobb. Etter to månader slutta ho heilt som lærar.

FØLG DEBATTEN: Ytring på Twitter

Kvar tredje nye forsvinn

Vi som arbeider i skulen kan eit og anna om læring og utvikling – vi veit at det er noko som krev tid og at det stort sett ikkje skjer heilt av seg sjølv. Det er difor litt rart at vi ikkje verkar å forstå kor avgjerande det er med rettleiing i starten av ein yrkeskarriere. Nye lærarar treng rettleiing for å justere visjonane sine slik at dei vert realistiske, og for å sette fornuftige delmål på vegen. Og så treng dei altså litt tid. Alt for ofte kjem rettleiing som eit tillegg til allereie full jobb. For å dra denne eldmetaforen kanskje hakket for langt: Det er bra at brente barn skyr elden litt; erfaring er effektiv læring. Men den lærdommen dei sit att med, er til lite nytte om dei har brent seg så kraftig at dei sidan vel å unngå elden heilt.

Berre litt over halvparten av alle med lærarutdanning arbeider i dag i skuleverket, og innan 2020 treng vi truleg 11.000 nye lærarar.

Ane Krogsæter Aarre

Berre litt over halvparten av alle med lærarutdanning arbeider i dag i skuleverket, og innan 2020 treng vi truleg 11.000 nye lærarar. Samstundes ser vi at kvar tredje nytilsette lærar forsvinn frå yrket etter få år. Å møte dei med «kaste dei ut i det»-metoden er ikkje berre å kaste visjonar på bålet, vi lar samstundes ein heil del skattekroner gå opp i røyk når så mange endar med å ikkje bruke utdanninga si der den var meint.

Lovfesta rett til rettleing!

Tida er kanskje inne for eit val. Anten kan vi halde på som før, og la vere å ta konsekvensen av at nye lærarar ikkje er så ulike elevar og folk flest, og at også dei treng litt tid og rettleiing for å utvikle seg. Eit betre alternativ er kanskje at KS og KD viser at dei faktisk meinte noko med intensjonsavtalen sin. Med tanke på alle dei reformene vi har hatt av lærarutdanningane dei siste åra og den store satsinga vi har hatt på rekruttering, så er det på tide at vi møter dei som kjem til skulen med noko meir enn berre gode intensjonar. No har vi prøvd det nokre år.

Alle, ikkje minst elevane våre, vil vinne på å ha lærarar med stjerner, og ikkje tårer, i auga.

Ane Krogsæter Aarre

Eg trur det er feil å la dette vere ei økonomisk prioritering som er opp til kvar enkelt kommune og rektor i landet. Dette er spørsmål som krev tankar som er meir langsiktige enn eittårige budsjett og strategiske planar, og det krev tenking som famnar meir enn enkeltskular. KS og KD må ta det ansvaret dei har prøvd å skyve ned i linja si:

Vi treng ei tariff- eller lovfesting av retten til rettleiing, og med det bør ein òg sette av tida som trengst for at rettleiinga skal ha noko føre seg. Alle, ikkje minst elevane våre, vil vinne på å ha lærarar med stjerner, og ikkje tårer, i auga.