Hopp til innhold
Kronikk

Det sosiale hjartet må få slå

Erna Solberg lova oss nye idear og betre løysingar. No er det på tide at vi får sjå dei felles prosjekta til samarbeidspartia som gir oss dette, og som får det sosiale hjartet til KrF til å slå.

Erna Solberg under halvårspressekonferansen

Statsminister Erna Solbergs handlingar i tida som kjem vil avgjere framtida til samarbeidsavtala, skriv KrFU-leiar Emil André Erstad i denne kronikken.

Foto: Åserud, Lise / NTB scanpix

Eg har skuledebattane frå valkampen i fjor framleis friskt i minnet. Eg sat utolmodig i den eine skuledebatten etter den andre og argumenterte for eit skifte og ein ny retning. Dei raudgrøne skulle få avløysing etter åtte år. Åtte år utan påverknad for KrF. Åtte år med stadig færre visjonar og større maktarroganse. Og KrF skulle vere det sosiale hjartet som skulle få opp varmen i det nye prosjektet.

Minna frå valkampen er nesten eitt år gamle no. Og eg har framleis ei utolmodig kjensle. Ei kjensle av at meir må skje for at forventningane frå skuledebattane i fjor skal bli innfridd.

Kristendemokrat med kvilepuls

For all del: KrF sitt gjennomslag i samarbeidsavtalen i fjor haust var imponerande stort. Vi redda sårbare og uerstattelege havområde frå oljeboring, vi sikra hovudlinjene i norsk alkoholpolitikk, vi redda samvitsfridom og ein varig løysing for asylborna. Dette var ikkje småtteri, men samarbeidet treng fleire fellesprosjekt viss det skal bere frukt i lengda.

Meir må skje for at forventningane frå skuledebattane i fjor skal bli innfridd.

Emil André Erstad, leiar i KrFU

Eg har sett lite til dei prosjekta som Frp, Høgre, Venstre og KrF profilerte saman før valet. Det som skulle vere noko av limen i samarbeidet, som skulle flytte norsk politikk i ein positiv retning. I staden har eg sett innføring av eit skammeleg tiggeforbod, eit knefall for menneskerettar i møte med Kina og situasjonen i Tibet, forslag om kutt i bistand, meir billeg alkoholkvote i taxfreebutikkane, signal om at ein ikkje vil ta imot bombeskadde flyktningar frå Syria og eit elendig tilbod til bøndene i jordbruksoppgjeret.

Lista er lang, og felles for mange av punkta er at det ikkje akkurat får hjarta til sosialt engasjerte kristendemokratar som meg til å slå av begeistring.

FØLG DEBATTEN: NRK Ytring på Facebook.

Båtmotorar eller fattige familiar?

For det første har eg sett lite til ein meir offensiv og betre forvaltning av Oljefondet. Investeringane skulle vridast inn mot klimavenlege løysingar og fattige land – slik det står både i partiprogram, samarbeidsavtale og regjeringserklæring. I forvaltningsmeldinga til Siv Jensen såg vi likevel ikkje noko til dette. Tvert imot: Ho føreslo i staden å leggje ned Etikkrådet som er sett til å passe på Oljefondet – noko som ville vore eit steg tilbake for forvaltninga av fondet. Heldigvis avslo eit samla Storting forslaget hennar.

Vi har ikkje råd til meir oljepengebruk for å finansiere Frp sine kostbare valløfte.

Emil André Erstad, leiar i KrFU

For det andre har kampen mot barnefattigdom hamna i skuggen av Solberg-regjeringa si prioritering av billegare båtmotorar og billegare alkohol. Før valet var Frp, Høgre, Venstre og KrF einige om at talet på barn under den relative fattigdomsgrensa i Norge måtte reduserast. Barn som ikkje får delta i samfunnet på lik linje med andre born er ei stadig aukande gruppe, med den sosiale stigmatiseringa det måtte innebere.

Medan budsjettforliket mellom samarbeidspartia frå i fjor haust sa at Regjeringa skulle kome tilbake med skjermingsordningar for fattige familiar i revidert budsjett, kom det i staden ei satsing på 200 millionar på billegare båtmotorar og meir billeg alkohol. Her kunne ein verkeleg fått fart på sakene med ei real auke i eingongsstøtta – som ville vore eit av dei mest sosiale og effektive familiepolitiske verkemidla vi kunne fått. Og som ville fått hjartet til ein kristendemokrat til å banke raskare.

Nedanfrå og opp

For det tredje er det kampen for ideell og frivillig sektor, som risikerer å verte ofra på kommersialiseringa sitt alter. Alle dei fire partia er einige om at samfunnet skal byggast nedanfrå og opp, og at frivillige og ideelle organisasjonar er ein viktig del av dette byggverket. Derfor må ideell sektor skjermast viss ein skal opne for kommersielle krefter. I tillegg må gåvefrådraget aukast, slik at det for vanlege folk vert lønsamt å gje pengar til frivillige organisasjonar. Slike endringar ville flytta Norge i positiv retning.

Statsminister Solberg sine val framover vil avgjere.

Emil André Erstad, leiar i KrFU

For det fjerde bør synet på ein berekraftig velferdsstat få konsekvensar for prioriteringane framover. Skattelettane som dei blå har initiert så langt, har ikkje vore vekstfremjande. Viss vi skal framleis skal ha ein sosial velferdsstat om femti år, må samarbeidspartia starte desse reformene så fort som råd. Då har vi berre råd til vekstfremjande, fornuftige skattekutt som er felles politikk frå dei fire samarbeidspartia – som til dømes fjerning av formueskatten på arbeidande kapital. Vi har ikkje råd til meir oljepengebruk for å finansiere Frp sine kostbare valløfte.

Få sving på samarbeidsavtalen

Før valet sa eg at eg ville ha ei ny regjering der KrF sikra varmen og det sosiale ansvaret. Dei orda står eg for. Utan at det sosiale hjartet til KrF får slå, kan samarbeidet fort bli kjølig. KrF er og skal alltid vere utolmodige på vegne av utsette grupper, familiar, miljøet og verdas fattige.

Statsbudsjettet til hausten blir ein interessant test.

Emil André Erstad, leiar i KrFU

Problemet er berre Regjeringa si foreløpige prioritering, der ein har prioritert dyre småsaker til Frp-veljarane. KrF sitt mål er alltid gjennomslag og som sentrumsparti må vi derfor bruke samarbeidsavtalen aktivt til å skaffe fleirtal med parti som vil gje oss gjennomslag i dei sakene som gjer Noreg til ein betre stad å vere.

Viss det ikkje blir sving på samarbeidsavtalen, og viss Regjeringa held fram med sine smått håplause prioriteringar, bør uansett KrF bruke samarbeidsavtalen aktivt til å skaffe seg fleirtal med parti som vil gje oss gjennomslag i våre saker – uansett om dei sit i regjering eller opposisjon.

I så måte blir derfor statsbudsjettet til hausten ein interessant test på om statsminister Erna Solberg har mest omsyn for småsakene i Høgre og Frp sine partiprogram, eller om ho vil heller vil prioritere prosjekta som kan løfte samarbeidet mellom dei fire samarbeidspartia.

Statsminister Solberg sine val framover vil avgjere.