Hopp til innhold
Kronikk

Det gløymde stoffet

Med enkle grep kan vi redusere frekvensen av stoffskiftesjukdomar, kreft, ADHD og fertilitetsproblem. Kvifor gjer vi ikkje noko med det?

Salt med og uten tilsatt jod

Jodmangel er underkommunisert. Legane treng nasjonale retningsliner som seier korleis dei skal informere sine pasientar, skriv kronikkforfattaren.

Foto: Line Fausko/NRK

Når vi veit at berre lett jodmangel kan føre til utviklingshemming og lav IQ hos barn, er det ein katastrofe at dette ikkje er betre kjend.

I redsle for å overdosere folket med jod, har norske styresmakter sete på gjerdet og drukke mjølk sidan 90-talet. Vår generasjon har mista kunnskapen om dette livsviktige mineralet, som tidlegare blei brukt som universalmedisin.

Eit u-land i jodsamanheng

For 20 år sidan jobba eg ved Hudavdelinga på Haukeland universitetssjukehus. På ein previsitt avbraut avdelingsoverlegen: «Du har struma, du.» Eg var 28 år. Det einaste eg klarte å tenkje på den dagen var at eg kom til å få utståande augo. Det var det eg assosierte med struma. I 1997 blei eg operert for kreft i skjoldbruskkjertelen. Det positive var at no kunne eg sove så mykje eg ville, då eg hadde vore unormalt trøytt i fleire år. Eg må bruke stoffskiftemedisin resten av livet. Medisinen gjer ein dårlegare jobb enn kroppen sjølv, noko som har fått store konsekvensar for mitt liv.

Kunne enkelte tilfelle av min type kreft ha vore førebygd?

I 2016 gav Nasjonalt råd for ernæring ut rapporten, Risiko for jodmangel i Norge. Noreg er eit u-land i jodsamanheng. Vi er i godt selskap med Albania, Belgia, Tsjekkia, Hellas, Israel, Portugal, Romania og Serbia. Gamalt nytt? Det er akkurat det som er problemet, kvifor har ingenting skjedd på snart to år? Ingen i rapportgruppa er legar. Den er samansett av høgt utdanna ernæringsfysiologar.

Må be om jod-test sjølv

Då eg var liten, fekk vi ofte beskjed om å ete fisk så vi ikkje skulle få struma. Dette fokuset ser ut til å ha forsvunne hos folk flest. Jodmangel er på verdsbasis den største årsaka til struma. Dette er eit teikn på at du enten har lågt eller høgt stoffskifte. Før sjukdomen viser på blodprøvar, vil skjoldbruskkjertelen jobbe på spreng for å produsere nok stoffskiftehormon. Så du kan stå i fare for å få lågt stoffskifte sjølv om det ikkje viser på blodprøvar. For å sjekke om du har jodmangel, må du ta urinprøve. Dette er ikkje noko legane gjer som ein del av ei vanleg utgreiing. Du må be om det.

Følgjer ikkje råd frå WHO

Verdsorganisasjonen for helse (WHO) har lenge ropt varsku, men i det norske saltet er det berre tilsett 5 mg jod/kg. Eitt gram dekkjer sju prosent av dagsbehovet. I Sverige har dei tilsett 50 mg jod/kg. I Danmark og Australia har dei i tillegg styrka brøda med jod. Norge har tvihalde på jodinntak via mjølk og fisk, sjølv om alle veit at færre drikk mjølk og ikkje alle toler det.

Dette famnar om langt meir enn avansert ernæring for spesielt interesserte.

Vil det ikkje vere vanskelegare å få folk til å ete mat dei ikkje likar eller toler, enn å kutte ned på mat dei elskar (salt, sukker)?

Jodinnhaldet i mjølk er har blitt redusert med 40 prosent sidan 2000. Mjølk, egg, kvit fisk, brunost og svisker er matvarer som inneheld jod. Egg inneheld også mindre jod enn før.
Dei som ikkje gjer noko aktivt for å få i seg nok jod, vil vere i risikosona før tilstrekkeleg jod er tilsett i varer som folk flest et.

Lite kunnskap

Etter å ha diskutert saka med fleire legar, viste det seg at det var få som kunne noko som helst om jod. Det kan virke som dei har gitt ansvaret for dette til ernæringsfysiologar og alternativ medisin. Medisinfagleg ansvarleg for vurdering av jodprøvar ved Oslo Universitetssykehus, skriv til meg på epost at lågt stoffskifte der anti-TPO er negativ, kan behandlast med jod. Laboratoriet finn mange pasientar som manglar jod.

Kopling mellom jodmangel og kreft

Kan jodmangel føre til brystkreft, livmorhalskreft og hjartesjukdom? Dette blir påstått av den amerikanske forfattaren, Lynn Farrow, i boka The Iodine Crisis. Er ekspertane villige til å sjå nærare på dette i Norge, eller er det eit ikkje-tema som holistiske legar som legen David Brownstein har dikta opp?

Kan flammehemmande stoff som inneheld Brom, Fluor og Klor føre til nedsett opptak av jod? Dette blir påstått av dr. Brownstein. Vi høyrer jo stadig om hormonforstyrrande stoff. Er det bevisst at dette ikkje er inkludert i rapporten?

Vi risikerer at ein heil generasjon blir utsett for stoffskiftesjukdomar, kreft og barn med utviklingshemming.

Kreft i skjoldbruskkjertelen og bruk av stoffskiftemedisin har auka dramatisk i Norge dei siste tiåra. Er dette tilfeldig, eller kan det koplast til nedgang i jodinnhald? Eg sit att med eit spørsmål: Kunne enkelte tilfelle av min type kreft ha vore førebygd?

Sidan 2004 har talet på personar som brukar medisin mot lågt stoffskifte auka frå 137.409 til 207.013. Dette utgjer ein auke på 51 prosent. Dette blir understøtta i ein artikkel i Tidsskrift for Den norske legeforening, der dei konkluderer med at ein stor del personar har stoffskiftesjukdom utan å vere klare over det.

Ingen kan ta patent på jod, difor vil nok heller ikkje legemiddelfirma vere interessert i å sponse forsking.

Råd

Vi treng midlertidige tiltak medan vi ventar på at salt eller brød skal bli tilsett jod. Fastlegar bør måle jod i døgnurin ved symptom på lågt stoffskifte. Ta med deg svensk salt når du er på harryhandel i Sverige. Personar som ikkje drikk rikeleg mjølk og et fisk bør ta Mulitivitamin året rundt (inneheld dagsdosen med jod). Lågt stoffskifte med negativ Anti-TPO kan behandlast med jod. Gynekologar bør sjekke jod i urin ved fertilitetsproblem og etter spontanabort, då dette er eit problem ved jodmangel.

Legane treng nasjonale retningsliner som seier korleis dei skal informere sine pasientar. Det er heilt tydeleg at arbeidet rundt jodsaka burde vore meir tverrfagleg. Minstekravet burde vere at styresmaktene engasjerer legar til å vurdere risiko for alvorleg sjukdom.

Dette famnar om langt meir enn avansert ernæring for spesielt interesserte.

Følg NRK Debatt på Facebook og Twitter