Kronikk

Det er tøft å vere ungdom

Vi skal vere veldig forsiktige med å rette peikefingeren mot dei no, sjølv om smitta er størst i deira aldersgruppe.

Vegard Nedrelid

Eg er lærar, og av og til føler eg meg skuldig i at ungdommen har det tøft, og det gjer meg faktisk vondt, skriv kronikkforfattaren.

Foto: Privat

Denne artikkelen er over en måned gammel, og kan inneholde utdaterte råd fra myndighetene angående koronasmitten.

Hold deg oppdatert i NRKs oversikt, eller gjennom FHIs nettsider.

Det er tøft å vere ungdom. Det var tøft å vere ungdom før korona også, med eit konstant press om å bli likt, sjå bra ut, få gode karakterar og alt anna som masar og eglar seg på. Dersom du legg ein pandemi opp på det heile, så er det faktisk ekstra tøft å vere ungdom.

Ofte tek eg meg i å tenkje på korleis det er å vere ungdom ATM, det sistnemnde er ungdomsspråk og betyr «at the moment», akkurat no.

At eg visste kva ATM betyr, er ikkje på grunn av min relativt unge alder, men på grunn av at eg jobbar på skule for ungdommar mellom 13 og 19 år. Eg er lærar, og av og til føler eg meg skuldig i at ungdommen har det tøft, og det gjer meg faktisk vondt.

Det er tøft å vere ungdom akkurat no. Rett og slett fordi vi har tatt bort alt av moro, og latt berre skule vere igjen. Dette gjeld spesielt for Oslo og Bergen, men fleire byar og tettstadar kjem etter.

Sist gang var det sol ute og det nærma seg vår, no er det mørkt og kaldt.

Idretten stenger ned. Det gjer og fritidsklubbar, kor og andre sosiale treffpunkt og arrangement for ungdom blir avlyst.

Min skule har også avlyst alt av utanomfaglege aktivitetar. Kva blir då igjen i november? Heildagsprøver, vurderingar, innleveringar og friminutt, der ein må stå ein meter unna kameraten eller venninna si.

Ungdommen sit berre igjen med det alvorstunge og viktige. Dei mistar gleda ved å leikesloss med ein kamerat i storefri, sitte på fanget til ei venninne, gi ein kjempeklem når ein ser kvarandre på morgonen, eller berre stå i ei megasvær klynge og prate saman. Det gøye og uviktige.

Dersom nokon i det heile tatt prøver seg på å gi ein liten klem, står det fort ein vaksenperson og seier, «fy, dette er ikkje lov». Dette er realiteten for ein elev i dag. Vi gjer det for å stanse smittespreiing, men det er framleis like kjipt for ungdommen.

Vi har tatt bort alt av moro, og latt berre skule vere igjen.

Det er tøft å vere ungdom, så vi skal vere veldig forsiktige med å rette peikefingeren mot dei no, sjølv om smitta er størst i deira aldersgruppe.

Under førre smitteperiode var vi flinke på å vise samhald og medkjensle. Lærarar spelte inn musikkvideo, Høie skreiv tale til ungdommen og vi viste at vi brydde oss om kvarandre.

No er vi inne i den andre smittebølga, og det er november, og den same anda ljoser ikkje over Noreg lenger.

Sist gang var det sol ute og det nærma seg vår, no er det mørkt og kaldt, og kanskje blir det ikkje den jula ungdommen ønska seg eller håpa på heller.

Dette er difor tida for å vere ekstra rause mot vår kjæraste ungdom. Finne igjen noko av den kjærleiken vi delte i mars og april.

Eg er lærar og av og til føler eg meg skuldig i at ungdommen har det tøft, det gjer meg vondt.

No må dei vere unge, ansvarsfulle og bekymra for besteforeldra sine.

Mitt ansvar som lærar er stort. Av og til så synest eg det ikkje er så gøy å erkjenne akkurat det, men det må eg faktisk stå til rette for.

Eg har ansvar for din ungdom store delar av dagen og veka. Eg håper og trur at vi lærarar kan bety noko for ungdommen akkurat no.

Eg håper vi kan vere ekstra gode på å vise at vi forstår at det er tøft. At vi kan vere enno flinkare på å sette oss inn i deira situasjon.

Skoa deira er kanskje litt vel tronge og glorete, men vi må stå i dei for å forstå kva dei går gjennom.

Vi må vere medvitne om at mange slit ekstra med å finne motivasjonen til skulearbeid om dagen.

Vi må vere medvitne om at ungdommen saknar aktivitetane sine. Vi må vere medvitne om at dei har lyst å klemme, kose og klappe på kvarandre, enno meir enn å lære om kald krig i Europa, Henrik Ibsen eller løyse differensiallikningar.

Ungdommen sit berre igjen med det alvorstunge og viktige.

Vi må sjå på ungdom, ikkje som eit problem på auka smitte, men som offer for strenge smitteverntiltak.

Eigentleg skal jo dei vere unge, dumme og bekymringslause, men det får dei heller ikkje lov til. No må dei vere unge, ansvarsfulle og bekymra for besteforeldra sine.

Vårt ansvar som lærarar er ikkje å fikse alle problem, men eg trur vi kjem langt med å sjå, forstå og lytte til ungdommen.

Kanskje kan vi vere med på gjere det litt mindre tøft å vere ungdom. ATM. Akkurat no.

Mer om koronaviruset

Status Norge

Sist oppdatert: 27.01.2021
1 711
Smittede/uke
125
Innlagte
550
Døde
78 100
Vaksinerte