Hopp til innhold
Kronikk

Derfor har det blitt sjedelig å gå på sjino

For mange har samanfallet mellom sj- og kj-lyden blitt den nye språknorma. Dei bryr seg slett ikkje om moralske peikefingrar.

Justin Bieber kaos Oslo

Hos Justin Bieber-generasjonen er kj-lyden på full retrett. «Når Facebook-aksjonen mot uttalefeil går til angrep på samanfallet, er det altså ganske mange barn, unge og vaksne i det urbane Noreg dei råkar», skriv førsteamanuensis ved UiO, Unn Røyneland, i denne kronikken. Bildet er tatt i forbindelse med Justin Biebers besøk i Oslo i mai i fjor.

Foto: Sørbø, Krister / NTB scanpix

«Hvor har det blitt av den grammatikalske undervisningen i skolen?»
«Stå på! Dette er grusomt å høre på».
«Dette er ikke språkutvikling. Det er slurvete barneuttale som ikke blir grepet fatt i».

Dette er nokre av reaksjonane frå dei over 22.000 som likar Facebook-sida «Bilder i kampen mot uttalefeil». Her er det særskilt samanblandinga av sj- og kj-lyden som får gjennomgå. Bilete av ein bil og eit kyss blir sidestilt, med merkelappen: «Vil du ha skyss eller kyss?» I uttalen til mange unge vaksne er det no ikkje råd å høyre forskjell.

Aksjonen vart laga etter inspirasjon av «Bilder i kampen mot særskrivingsfeil» , som får ros av språkrådsdirektør Arnfinn Muruvik Vonen, men han er meir skeptisk til latterleggjering av uttale. «Når man engasjerer seg i uttalefeil opphever man seg selv til å være dommer uten at det finnes en standard norm eller fasit», meiner han.

FØLG DEBATTEN: Ytring på Facebook

Mange lydsamanfall

Som språkrådsdirektøren seier, har vi ikkje tradisjon for talemålsnormering her til lands. Han framhevar likevel at folk gjerne må få jobbe for sin favorittmåte å uttale ord på, men at ein samtidig bør vere merksam på kven dette kan gå ut over.

For 700 år sidan hadde vi seks ulike såkalla frikativar der vi i dag berre har sj- og kj-lydane att. Når desse to lydane no fell saman, så er det altså det siste av ei lang rekkje lydsamanfall.

Unn Røyneland, førsteamanuensis ved UiO

For 700 år sidan hadde vi seks ulike såkalla frikativar, der vi i dag berre har sj- og kj-lydane att (Sandøy 2008: Språkendring. I Mæhlum et al. Språkmøte. Oslo: Cappelen Akademisk Forlag.). Ulike skrivemåtar ber framleis vitne om ulike uttalar: skj, sj, sk, tj, kj, ki. Når desse to lydane no fell saman, så er det altså det siste av ei lang rekkje lydsamanfall.

Samanfallet mellom kj-lyden og sj-lyden vart først registrert i Bergen tidleg på 1980-talet, men har vore rekna som eit «problem» blant barn og unge i Oslo-området i minst 70 år. Det er derfor liten grunn til å tru at dette er eit fenomen som først oppstod i Bergen og sidan har spreidd seg til Oslo og andre norske byar. Det er snarare ei endring som har oppstått meir eller mindre parallelt i fleire byar samtidig.

HØR OGSÅ EKKOs REPORTASJE: Språket vårt endrer seg

Barn har problem med lyden

Både sj og kj er lydar det er vanskeleg å uttale, og distinksjonen mellom dei to lydane er blant dei siste barn lærer (ofte ikkje før i åtte-niårsalderen). Vanlegvis er kj-lyden den siste som blir lært, og mange barn har problem med å meistre denne lyden. Det er derfor rimeleg å gå ut frå at samanfallet først har oppstått i barns språkinnlæring.

Kj-lyden førekjem i nokså få ord, og stort sett berre i framlyd, til dømes kjøre, kjære, kinn, tjære.

Unn Røyneland, førsteamanuensis ved UiO

Det er ikkje så merkeleg at barn overgeneraliserer sj-lyden. Denne lyden er både meir frekvent og har ei vidare utbreiing enn kj. I austnorsk finn vi til dømes sj-lyden ved konsonantsambanda sj, sk, skj, sl og rs som i dusje, skiskyting, skjære, Oslo, og vers. Kj-lyden, derimot, førekjem i nokså få ord, og stort sett berre i framlyd, til dømes kjøre, kjære, kinn, tjære. Dei to lydane ligg uttalemessig svært nær kvarandre, noko som også kan bidra til å forklare kvifor dei så lett vert blanda saman.

Det finst berre mellom 20 og 30 (litt avhengig av dialekt) ordpar der sj og kj er dei einaste lydane som skil orda frå kvarandre (til dømes Kjell – skjell og kyss – skyss). Samanfallet skapar dermed ikkje så veldig mange nye homonym. I dei fleste tilfelle vil det dessutan gå fram av samanhengen som det er eit kyss eller ein skyss det blir bede om.

FØLG DEBATTEN: @NRKYtring på Twitter

Slurv og språkleg forfall?

Denne utviklinga går mot den etablerte språknorma, og det er nok nettopp derfor reaksjonane er så sterke. Det er eit brot med det mange har lært at er korrekt språkbruk, og dermed blir samanfallet naturleg nok oppfatta som feil. I mange krinsar blir sj-uttale av kj assosiert med slurv, slendrian og språkleg forfall. Men trass i dette ser vi altså at den spreier seg blant barn og unge i Oslo og i andre byar i Noreg.

Når Facebook-aksjonen mot uttalefeil går til angrep på samanfallet, er det altså ganske mange barn, unge og vaksne i det urbane Noreg dei råkar.

Unn Røyneland, førsteamanuensis ved UiO

Det ser ut til å vere ein aukande tendens til at ungdom ikkje høyrer forskjellen mellom dei to lydane. Stadig fleire unge vaksne ser i dag ut til å halde på samanfallet, og ein del ungdom som skilte dei to lydane som barn, går over til sj-uttale i ungdomsåra. Dette betyr at sj-uttale av kj er i ferd med å etablere seg som den nye norma i stadig større grupper.

Når Facebook-aksjonen mot uttalefeil går til angrep på samanfallet, er det altså ganske mange barn, unge og vaksne i det urbane Noreg dei råkar. Hos nokre vil kanskje denne typen forsøk på normkorreksjon ha tilsikta resultat ved at dei lærer seg å skilje mellom dei to lydane, men hos dei fleste vil det nok ha lite å seie.

LES OGSÅ: Fredsmegling i sykkelkrigen

Innpass hos fleire

Mykje tyder på at samanfallet er den nye norma for svært mange og at dei slett ikkje bryr seg om moralske peikefingrar. Som ein ung Oslo-gut seier det: «jæ vet at det er feil men det bry-mæ’ke – det er sånn vi snakker – det er vårt språk». Trekket ser altså ut til å få innpass og status innanfor stadig større ungdomsgrupper og fungerer som ein identitetsmarkør og symbol for ein ungdommeleg og tilbakelent stil.

Allereie på Kong Hammurabis tid (Babylon, ca. 1800 f.Kr.) er det nedskrive klager over at barn ikkje lystrar foreldra sine og at språket deira er forferdeleg.

Unn Røyneland, førsteamanuensis ved UiO

Det at ungdom bryt med etablerte språknormer, er ikkje noko nytt. Det har skjedd til alle tider. Allereie på Kong Hammurabis tid (Babylon, ca. 1800 f.Kr.) er det nedskrive klager over at barn ikkje lystrar foreldra sine og at språket deira er forferdeleg (Jørgensen & Quist 2008. De unges sprog. København: Reitzels). Det blir gjentatt i generasjon etter generasjon. Det kan sjå ut til at dei unge har aldri snakka så dårleg som «akkurat no», heilt uavhengig av kva tid «akkurat no» er.