Hopp til innhold
Kronikk

Den usynlege miljøkrisa

Vi må seie nei til at kvardagen vår skal vere gjennomsyra av kjemiske stoff som kan ha miljø- og helseeffektar.

Unni Eikeseth

Vi må legge føre-var-prinsippet til grunn for produksjon og bruk av nye kjemiske stoff, skriv kronikkforfattaren.

Foto: Elin Iversen

Plastflaska lék hormonhermande kjemikaliar. Sminkekremen inneheld siloksan som spreier seg på urovekkande vis i miljøet. Ytterjakka er sett inn med vassavstøytande fluorstoff (PFAS) som også blir kalla evigvarande kjemikaliar (forever chemicals) fordi dei ikkje blir brotne ned.

Lista over kjemiske stoff er lang. Berre i EU er det registrert om lag 40 000 kjemikaliar som det nyttast meir enn eitt tonn av per år. Som oftast er vi forbrukarar ukjende med kva for stoff vi blir utsette for.

Miljøgifter er rekna av myndigheitene som ei av dei tre store miljøutfordringar i dag, men får lite merksemd. Kanskje fordi problemet i stor grad er usynleg.

Samtidig har forskarar dokumentert ei rekke urovekkande samanhengar mellom miljøgifter og helseeffektar.

Det finst alt gode løysingar som berre ventar på å bli tatt i bruk.

Å bli utsett for hormonhermarar i fosterlivet kan påverke utviklinga av babyen sin hjerne slik at det gir auka risiko for ADHD og reduksjon av kognitive evner.

PFAS er vist å hemme effekt av vaksiner hos barn. Og forskarar har funne at menn som bur nær produksjonsstadar for PFAS har kortare penis, mindre testikkel og dårlegare sædkvalitet enn andre menn.

Kjønnsforvirring

Historia har vist at det er lett å la seg forføre av fantastiske eigenskapar hos syntetiske kjemikaliar. Insektmiddelet DDT vart kjent som eit mirakelstoff på 1950-talet sidan det bokstaveleg tala drap insekt som fluger.

Det er lett å la seg forføre av fantastiske eigenskapar hos syntetiske kjemikaliar.

Tributytinn (TBT) er eit anna vidunderstoff som vart tatt i bruk i tonnevis for å hindre groing på skip og mærder til havs, og førte til enorm økonomisk innsparing. PFAS er både vass- og feittavstøytande og blir brukt i alt frå klede til pappøskjer til kosmetikk.

Desse stoffa viste seg å ha svært negative sider. DDT tok livet av langt fleire artar enn insekta dei skulle drepe, og førte blant anna til fugledød.

Tributyltinn førte til kjønnsforstyrring hos fleire marine artar, blant anna purpursnigelen som lever langs kysten vår. Hosniglar utvikla penis, såkalla imposex, og enkelte stader forsvann arten heilt. Heldigvis førte eit internasjonalt forbod til at purpursnigelen no er friskmeldt. PFAS-stoffa har vist seg å hope seg opp i miljøet og i næringskjeder, og blir no føreslått forbode.

Vi må lære av desse og andre dyrekjøpte erfaringar frå fortida, og legge føre-var-prinsippet til grunn for produksjon og bruk av nye kjemiske stoff. Det finst alt gode løysingar som berre ventar på å bli tatt i bruk.

Som oftast er vi forbrukarar ukjende med kva for stoff vi blir utsette for.

Grøn kjemi

I dag kan vi forbrukarar unngå miljøgifter som f.eks. PFAS, paraben og siloksan ved å velje miljømerka produkt, f.eks. Svanemerka varer. Studiar viser for eksempel at du kan redusere nivået av hormonhermande paraben i kroppen ved å velje hudpleieprodukt utan dette.

Men kvifor gjeld ikkje krava til føre-var-prinsippet alle forbruksvarer? Vi som forbrukarar bør ikkje trenge doktorgrad i miljøkjemi eller toksikologi for å navigere i butikkhyllene. Vi må kunne stole på at det ikkje finst miljøgifter i produkta vi kjøpar.

Industrien kan også få strengare krav til kva kjemikaliar dei produserer. I 1998 lanserte kjemikarane Paul Anastas og John C. Warner prinsipp for grøn kjemi. Grøn kjemi handlar blant anna om å designe kjemikaliar som ikkje har uheldige helseeffektar, og som ikkje blir verande i naturen. Eit anna viktig prinsipp er å nytte fornybare råmateriale framfor fossile.

Vi bør ikkje trenge doktorgrad i miljøkjemi eller toksikologi for å navigere i butikkhyllene.

25 år etter er vi framleis langt unna ein grøn kjemi-industri. Det vi treng er politikarar som stiller krav til at industrien følgjer desse prinsippa.

Kjemiske oppdagingar har gjort verda til ein betre stad der vi kan produsere meir mat, kurere sjukdommar, og der vi har fantastiske, nye materiale. Dette kan likevel ikkje hindre oss i å vere kritiske til at kjemikaliar med uheldige eigenskapar blir putta i produkta vi brukar, ofte utan at det er nødvendig.

Vi må rett og slett krevje ei framtid der det er slutt på at nye generasjonar blir eksponert for miljøgifter.