Hopp til innhold
Kronikk

Den skjulte litteraturen

Kvart år blir det skrive nye bygdebøker for titals millionar kroner. Ein annleis litteratur, som er underhaldande og gjev innsikt og innhald til vår eigen identitet.

Bygdebok

Interessa for lokalhistorie og slektsgransking aukar. Bygdebøkene, og den nære slektningen Gardsboka, er sladrebok og kjærleiksbok på same tid. Litt leksikon. Litt Se og Hør. Eit titteskåp inn i vår nære og fjerne fortid, skriv kronikkforfattaren.

Foto: Roald Marker / NRK

Det var ikkje mange bøker i heimen der eg vaks opp, men bygdebøker hadde vi. Og dei vart lesne. Valdres Bygdebok V vart gjeven ut i 1964 og kom i to bind – og var ei innføring i dei sosiale og kulturhistoriske strukturane i bygda:

Her var emne om skulekvardag og idrettsliv, om folkemusikk, forsamlingshus og husstell. Og om jord og skog. Slike ting. Ei anna bygdebok i reolen var Gardar og slekter i Vestre Slidre, ei gards- og ættesoge utgjeven fyrste gong i 1979. Her kan du følgje dei lange linene og slektene tilbake i tid. Her er tusenvis av namn, fødselsår og når dei døydde. Og kven som drog ut av bygda, og skapte sitt eige liv, ein annan stad.

God underhaldning

Kanskje er ikkje bygdebøkene store litterære meisterverk, men bøkene er underhaldande, gjev innsikt – og er med på å gje innhald til min eigen identitet. Bøkene om kulturhistoriske emne er forteljande og analytiske i forma. Språket er farga av forfattaren og dei språklege grepa han eller ho vel.

Gards- og ættesogene skil seg ut og er i røynda ei systematisert framstilling av kyrkjebøker, folketeljingar, skifte og andre kjelder: Her er nøktern og stram oppramsing av namn og årstal, tabellar og statistikk over mengde dyr og dyrka mark. Dessutan ber gards- og ættesogene i seg eit viktig likskapsprinsipp: Alle skal med.

Sladrebok og kjærleiksbok på same tid. Litt leksikon. Litt Se og Hør.

Knut Aastad Bråten

Dei fyrste bygdebøkene vi kjenner til i Noreg, vart skrivne på slutten av 1700-talet, og var topografiske skildringar. Pionerane Edvard Bull (1881–1932), og seinare Andreas Holmsen (1906–1989) – med fleire – var med på å gje auka merksemd til lokalhistoriske emne, og lokalhistorie som vitskapleg disiplin. Frå 1960-talet tok kommune, historielag og museum initiativ til å skrive om bygda, gardane og slektene i sine kommunar. Slektshistorielag og historielag bidrog med kunnskap og dugnadsinnsats som grendekontaktar, korrekturlesarar og bildeinnsamlarar.

FØLG DEBATTEN: @NRKYtring på NRK

Meir profesjonelle

Utover på 70-talet skjer ei profesjonalisering av arbeidet. Bygdebokforfattarane er ikkje lenger pensjonistar og hobbyhistorikarar, men har relevant utdanning, og brei vitskapleg tilnærming til arbeidet, fortel direktør Knut Sprauten ved Norsk lokalhistorisk institutt. I dag er mellom 150 og 200 engasjerte som forfattarar av lokalhistoriske emne, seier Sprauten. Og kvart år brukar Kommune-Noreg mellom 40 og 50 millionar kroner på produksjon av bygdebøker.

Det var ikkje berre bygdebøker eg las då eg var yngre, men òg den nære slektningen til bygdeboka: gardsboka. Ei gråbrun bok, utgjeven i 1950.

Direktør i Norsk Lokalhistorisk institutt, Knut Sprauten

Dagens bygdebokforfattarar er meir profesjonelle enn tidlegare, seier direktør i Norsk Lokalhistorisk institutt, Knut Sprauten.

I motsetnad til dei teksttunge bygdebøkene gjev gardsboka, eller Norske Gardsbruk, som ho heiter, kortfatta opplysningar om garden og eigaren. Her er bilete av husa på tunet, oversikt over talet på husdyr, dyrka mark og produktiv skog, namnet på eigar, kjerring og ungar.

Eit nyttig oppslagsverk, ikkje minst for den nysgjerrige nabokona. Gardsboka var sladrebok og kjærleiksbok på same tid. Litt leksikon. Litt Se og Hør.

Aukande interesse

Innhaldet i bygdebøkene eller i gardsboka er kan hende smalt og marginalt, tenkjer du. Nedslagsfeltet utanfor bygda er naturleg nok ikkje stort. Samstundes er fenomenet slektsgransking, gards- og bygdehistorie noko som interesserer stadig fleire av oss.

Bøkene er underhaldande, gjev innsikt – og er med på å gje innhald til min eigen identitet.

Knut Aastad Bråten

Kanskje ikkje så rart? Den urbane historia i Noreg er relativt kort. Ikring 1900 budde nær 70 prosent av oss på gardar og i bygder. «Heime» var alltid ein plass langs ein vestlandsfjord, eller på eit småbruk mot himmelsynet. Er det difor lokalhistorie og bygdebøker framleis er så populære?

Lokalhistoriske bøker

Lokalhistorie selger, og har fremdeles en plass i bokhandlernes hyller

Foto: Arne Flatin / NRK

Teknologi gjer historia nærverande på andre måtar enn tidlegare. I staden for å gå omvegen om bygdebøkene eller sladreboka kan du i dag gå direkte til kjeldene sjølv. Med enkle tastetrykk kan du grave deg ned i digitale versjonar av kyrkjebøker og folketeljingar. Då 1910-folketeljingane vart tilgjengelege i 2011, vart det 31. januar same året registrert heile 1 647 000 unike besøk hjå serveren i Digitalarkivet, ifølge Aftenposten.

Satsinga lokalhistoriewiki frå 2008 har per august i år over 32 000 unike artiklar og nær 135 000 bilete. Landslaget for lokalhistorie er medlemsorganisasjon for ikring 400 historielag med til saman 80 000 medlemmer. Lokalhistorie, slekt og ættesoge fengjer.

Sosiologen Zygmunt Bauman kallar tida vi lever i, for den flytande moderniteten: Kulturar, tradisjonar, haldningar og verdiar endrar seg, blir oppløyste, finn nye former, blir det sagt. Men moderniteten er òg paradoksal. Kompleks. Er interessa for gard, ætt og lokalhistorie ein motreaksjon mot dei globale oppløysingstendensane?

Menneske har ikkje røter, men føter – og kan bevege seg fritt, er det nokon som seier. Det gjev oss moglegheit til å sjå framover – men òg til å vende blikket bakover, til vår eiga fortid, til oldemor og oldefar og plassen der dei ein gong vaks opp.

FØLG DEBATTEN: NRK Debatt på Facebook

Unngår det ubehagelege

I bygdebøkene finst ein flora av spennande emne om det meste, men her er sjeldan artiklar om det ubehagelege eller vanskelege, som til dømes seksualitet, om å stå utanfor, om mobbing eller kvinnehistorie. Er det fordi kjeldematerialet om desse emna er snautt, eller ynskjer ikkje bygdebokforfattarane å ta tak i tabua og det underkommuniserte?

Bygdebøkene gjev oss overblikk og innblikk – over bygdesamfunn, gardar, slekt og årstal. Dei er som titteskåp og døropnarar inn i vår nære og fjerne fortid. Bygdebøkene er viktige kulturhistoriske bidrag til forteljinga om Noreg – ei forteljing om dei andre historiene.

Vår historie.