NRK Meny
Normal

Den nye gapestokken

Etter å ha blitt utsett for folkets vreide er det brevskrivaren som har blitt den svake parten. Brevskrivaren treng no vår støtte.

Facebook-gruppa "Vis din støtte til Casper. Si NEI til mobbing og diskriminering".

Facebook er blitt vår tids gapestokk. Her er det ingen dommar og ingen rettstryggleik, skriv Vigdis Reisæter i kjølvatnet av saka om hatbreva til familien Frøsaker. Her ser vi Facebook-støttegruppa som har fått 84.000 medlemer på kort tid.

Foto: Skjermdump frå Facebook

Kronikkvignett Ytring

I gamle dagar kunne brotsverk bli straffa i form av å stå med klave rundt halsen på kyrkjebakken sundagar. Folk kunne håne og spytte. Det var gapestokken. Men det låg i ein dom til grunn, og den var føreseieleg på tid og stad.

Facebook er vår tids gapestokk. Men det er ein annleis gapestokk, problemet er at her manglar rettssak, forsvarar og dommar. Den skulda som står framfor folkejuryen på Facebook har ingen rettstryggleik. Innhald, tid og stad for avvikling av straffa er vilkårleg, og soninga tek aldri slutt. På internett lever alt evig.

Enorm merksemd

Saka om hatbrev sendt til eit foreldrepar som har eit barn med Down Syndrom blei spreidd raskt i sosiale media. Etter kvart nådde saka dei tradisjonelle media og blei slått opp med krigstypar. Ei Facebook-gruppe er oppretta og har fått over 84 000 medlemmar.

Men Facebook er ein annleis gapestokk, problemet er at her manglar rettssak, forsvarar og dommar.

Vigdis Reisæter

La det vera klart at eg synest det var galt å senda slike brev. Kanskje er det også straffbart. For familien som er råka er dette sterk kost. Mi hensikt med denne kronikken er ikkje å underslå alvoret i handlinga, men å peike på at reaksjonane på handlinga er heilt ute av proporsjonar. Det bør vera grunn til å stoppe litt opp når ei sak har ei så sterk slagside.

Brevskrivaren treng støtte

Ingen prøver å forstå brevskrivaren. Eg kjenner ikkje brevskrivaren, men eg trur han eller ho treng støtte. Brevskrivaren har blitt den svake parten. Les ein på Facebook, er det ingen der som prøver å sjå saka frå ei anna side.

Brevskrivaren står åleine, sannsynlegvis med hovudet bøygd i skam. Heile Noreg veit om saka, og svært mange fordømmer i sterke ordelag. Valdres er ikkje så stort, snart veit alle kven det er.

Det bør vera grunn til å stoppe litt opp når ei sak har ei så sterk slagside.

Vigdis Reisæter

Å senda brev med svært krenkande innhald, endåtil anonymt, er ikkje greitt. Men nokre gonger må ein også sjå bak orda og handlinga for å leite fram meininga. Korleis kan desse foreldra bli forstått?

Uttrykk for avmakt

La oss sjå nærmare på utsegna «Ta dere av onga deres slik som vi andre må gjøre». Dette er ein kritikk av foreldra til barnet. Det kan tolkast som at denne brevskrivaren seier: «Tenk at dei sender ungen sin på skulen som er sjuk. Dei påfører våre barn sjukdom. Det er ikkje berre dei som strevar, det gjer også vi, men vi må klare oss sjølve.»

Brevskrivaren står åleine, sannsynlegvis med hovudet bøygd i skam.

Vigdis Reisæter

Brevskrivaren som treng hjelp trer fram. Brevet kan vera eit uttrykk for ein avmaktsposisjon som er vanskeleg å koma ut av. Eg vil seie til brevskrivaren: Eg er lei for at ingen har sett deg og dine behov. Eg er lei for at det har gått så langt at du sende brev til denne familien.

Der var ikkje denne familien som skulle ha ditt agg. Men alle gjer vi dumme ting. Det betyr ikkje at du er dum, vond eller har stygge haldningar. Det er fortvilinga di som vert formidla.

Kan snu godheit til vondskap

Gjennom «likes» og delingar Facebook får vi vist fram vår godheit, men dessverre så verkar denne godheita devaluerande på alle partar. Brevskrivaren vert den som representerer vondskapen. Det skal det sterk rygg til å tole.

Men også både forelder og barnet med Downs syndrom blir devaluert. For i den augneblinken vi ser oss nøydd til å gi nokon verdi, blir det som å seie: «Sjå, dei har ikkje det – derfor må vi gi dei det». Barn med Downs syndrom vert den svake part og svakare enn andre barn. Slik kan godheit snu til vondskap og vi blir mobbarar.

Må slåast til jorda

Ei side ved denne saka som gjer den så spesiell er bruk av ordet «mongo» i brevet. Reaksjonane på ordbruken viser tydeleg fram kva forståing vi har når det gjeld det å seie nedsetjande ting om personar med utviklingshemming: Det er ikkje lov.

Eg vil seie til brevskrivaren: Eg er lei for at ingen har sett deg og dine behov.

Vigdis Reisæter

For ein kvar pris må denne måten å opptre på avvisast og slåast til jorda. Her er ein ikkje det minste oppteken av at reaksjonane skal stå i samsvar med handlinga. Brevet vart sendt til to foreldre og ikkje til heile verda. Eg trur ikkje brevet er eit uttrykk for ein trend i samfunnet, men handlar om foreldre som har det vanskeleg.

Når mobben samlast

Over 84 000 medlemmar på eit døger er eit utslag av massesuggesjon. Å stå imot er vanskeleg. På Facebook kan ein enkelt oppheva rettsstatens prinsipp, ironisk nok gjennom framvising av godheit. På Facebook vert folk både dommar og bøddel.

Er du ein som mobbar, eller ein som vernar? Når mobben samlast skjer mobbing. Det må stoppe no!

Les også: