Hopp til innhold

Srebrenica: Den dystre byen

Kan ein eigentleg forvente forsoning i ein by der enkene møter sine menns bødlar på gata?

BOSNIA-SREBRENICA/ Bodyguards protect Serbia's Prime Minister Aleksandar Vucic during unrest at a ceremony marking the 20th anniversary of the Srebrenica massacre in Potocari

Serbias statsminister Aleksandar Vucic blei angripe under minnemarkeringa for folkemordet i Srebrenica. Dei fleste tilløp til forsoning fell døde til marka i møtet med uretten som blei gjort, skriv NRKs Knut Magnus Berge.

Foto: STRINGER / Reuters

Srebrenica er ein dyster by å køyre inn, eg har gjort det fleire gongar. Kunnskapen om kva som skjedde. Hatet mellom folk. I Srebrenica har eg stått saman med sørgande enker ved gravstøttene på minnelunden, medan ukvemsorda hagla frå forbipasserande bilar.

For det er ein delt by. Også i dag. Før krigen var det fleirtal av muslimar. I dag er serbarane i fleirtal. Og byen ligg i den serbiske delen av det delte Bosnia.

Naboar blei blodige fiendar

Frå naturen si side er denne delen av Bosnia vakker. Fjell og grøne dalar. Det kan minne om Norge. Her har folkegruppene levd side om side i generasjonar. Dei snakkar same språk. Men på 90-talet blei gode naboar blodige fiendar.

Før krigen var det fleirtal av muslimar. I dag er serbarane i fleirtal.

Knut Magnus Berge

Folkegruppene i Bosnia; serbarar, kroatar og muslimske bosnjakar slakta kvarandre med sjokkerande brutalitet. Dei bosniske serbarane var verst, og dei muslimske bosnjakane leid mest. Av om lag 100.000 døde under krigen i Bosnia var to tredelar bosnjakar. Alle minnast den lange beleiringa av hovudstaden Sarajevo, og massakren i Srebrenica.

Eit folkemord

Haag-domstolen har slått fast at massakren på den mannlege muslimske befolkninga i Srebrenica var eit folkemord. Om lag 8000 gutar og menn blei drepne fordi dei var muslimar.

Valdtekter, vilkårlege avrettingar, etnisk rensing. Det var krigsbrotsverk på alle sider.

Knut Magnus Berge

Dei fleste tilløp til forsoning fell døde til marka i møtet med uretten som blei gjort. Rett nok har den bosniske-serbiske republikken formelt beklaga massakren i Srebrenica. Og staten Serbia har beklaga at dei ikkje gjorde meir for å stoppe den.

Men serbarane går ikkje med på å kalle det eit folkemord. Og i FNs tryggingingsråd i 2015 la Russland – serbaranes historiske allierte – ned veto mot formuleringa.

Verdssamfunnet svikta

Verdssamfunnet hadde nokre hundre soldatar på plass i det som av FN var garantert som eit trygt område for muslimar. Men verdssamfunnet svikta og hadde ingenting å stille opp med dei svarte julidagane i 1995.

Meir enn 25.000 mann var delaktige på bosnisk-serbisk side i massakren, ifølje ein rapport som blei lagt fram for nokre år sidan – 17.000 av namna blei offentleggjort. Mange av desse lever i dag i dette området nordaust i Bosnia.

Samtidig har enkene etter mange av offera for massakren flytta tilbake. Det gjer Srebrenica til ein dyster by – der enkene lever med belastninga av å møte sine menns bødlar på open gate.

Portrettet på veggen

Blant bosnjakane er det ei klar kjensle at tilståingar frå serbisk side berre skjer motstrevande. At offisielle representantar stadig kjem med utspel som sår tvil om den offisielle haldninga. Og at hovudmennene bak massakren nyt respekt hos mange på grasrota.

For nokre år sidan besøkte eg sjukehuset i Banja Luka, den største byen i den serbiske delen av Bosnia. Eg var saman med ei muslimsk kvinne som skulle til ein serbisk lege. Som vanleg måtte ho bestikke legen for å få behandling.

Blant dei muslimske bosnjakane er det ei klar kjensle at innrømmelsar frå serbisk side berre skjer motstrebande.

Knut Magnus Berge

Men sterkast inntrykk gjorde portrettet av general Ratko Mladic som hang på veggen. Den muslimske kvinna betalte altså pengar under bordet til legen som openlyst hylla generalen for blodbadet i Srebrenica.

Tiltalt for folkemord

Ratko Mladic står i dag tiltalt for folkemord i Haag. Portrettet av han på veggen hos legen blei for meg symbolet på kor fjernt snakket om reell forsoning er i denne delen av Europa.

For generasjonen som gjennomlevde folkemordet er det kanskje ikkje mogleg. To tiår er kort tid.

Les også: