Hopp til innhold
Kronikk

Dei urimelege utviklingslanda

Norsk næringsliv treng investeringsavtaler eine og aleine for å sleppe brysomme reguleringar i utlandet.

Kronprins Haakon

Brasil er eit godt bevis på at norsk næringsliv ikkje treng investeringsavtaler for å investere i utviklingsland, skriv Heidi Lundeberg. Her er kronprins Haakon på Statoils produksjonsskip på Peregrino-feltet i Brasil i 2011. ARKIVFOTO

Foto: SCANPIX

Denne veka har debatten om Noreg bør inngå investeringsavtaler gått heitt for seg. Regjeringa meiner slike avtaler er naudsynte for å forhindre at norske investorar skal bli urimeleg behandla i utviklingsland. Men kven er det eigentleg som er urimelege – utviklingslanda som ynskjer norske bedrifter velkomne, eller Noreg med dei føreslåtte investeringsavtalene?

Næringsminister Monica Mæland frå Høgre, Jørund Rytman frå Frp og Ingebjørg Harto frå NHO har denne veka sagt at me treng slike avtaler for at norske bedrifter skal kunne investere i utviklingsland. Norsk næringsliv er likevel godt til stades i dei landa som står øvst på NHO si liste over land dei ynskjer at Noreg skal inngå avtaler med.

I lang tid har Brasil stått på toppen av ynskjelista. Brasil er det landet, nest etter EU og USA, som norske bedrifter investerer mest i. Det er om lag 100 norske bedrifter til stades i landet. Brasil er eit godt bevis på at norsk næringsliv ikkje treng investeringsavtaler for å investere i utviklingsland.

Fleire internasjonale organisasjonar, inkludert Verdsbanken, har understreka at investeringar ikkje kjem som følgje av investeringsavtaler, men at avtale tvert imot kjem etter investeringane. Noreg treng med andre ord ikkje investeringsavtaler for at norske bedrifter skal kunne etablere seg i utviklingsland.

Urimeleg behandling?

Norsk næringsliv treng investeringsavtaler eine og aleine for å sleppe brysomme reguleringar. For som NHO har understreka så er det stor risiko knytt til å investere i utviklingsland. Når ein høyrer på argumentasjonen så får ein eit inntrykk av at det er mafialiknande tilstandar det er snakk om, at nærast kva som helst kan skje. Men kva er det eigentleg dei internasjonale investeringstvistane handlar om?

FØLG DEBATTEN: NRK Debatt på Facebook og @NRKYtring på Twitter

Etter den store katastrofen i Fukushima i 2011 avgjorde det tyske parlamentet ei gradvis stenging av atomkraftverka med endeleg stopp i 2022. Dei eldste kraftverka skulle stengast med ei gong. Den svenske kraftprodusenten Vattenfall gjekk til sak mot Tyskland og kravde enorme erstatningssummar.

Brasil er eit godt bevis på at norsk næringsliv ikkje treng investeringsavtaler for å investere i utviklingsland.

Heidi Lundeberg

I 2010 innførte Uruguay ei ny tobakkslov med mål om å redusere helsefarleg røyking. Ifølgje lova skulle sigarettpakkene merkast godt med varsel om kor helseskadeleg røyking er. Tobakksprodusenten Philip Morris stevna Uruguay for ein stor sum.

Ecuador ville forby oljesøl i regnskogen, men oljeprodusenten Chevron saksøkte landet. Er dette urimeleg ekspropriasjon eller er det ganske enkelt god politikk for å sikre folks helse og miljø?

Sårt tiltrengte pengar

Utfallet av alle søksmåla er mangfaldig, men i ein stor del av sakene har dei store selskapa vunne, og utviklingsland har blitt erstatningspliktige. I mange av sakene er det enorme summar det er snakk om.

Argentina er eit av dei landa som flest gonger har blitt stevna på grunnlag av ei investeringsavtale, og i kjølevatnet av den økonomiske og sosiale krisa på starten av 2000 talet toppa det seg. Totalt var søksmåla dette året på heile 80 milliardar dollar. Til samanlikning utgjorde beløpet 13 prosent av landets BNP i 2013 og dobbelt så mykje som dei totale pensjonsutgiftene til landet.

I ein stor del av sakene har dei store selskapa vunne og utviklingsland har blitt erstatningspliktige.

Heidi Lundeberg

Er det rett at eit land i økonomisk og sosial krise, skal bruke dei små midlane sine på å betale søksmål til svært kapitalrike selskap?

Enorme summar

Ein kan diskutere kor rimeleg og urimeleg ulike reguleringar er, men det synast svært urettvist at utviklingsland kvart år må betale enorme summar til multinasjonale selskap på grunnlag av investeringsavtaler.

Før Noreg startar med slike avtaler må me altså spørje oss om det er greitt at norske storselskap kan stevne utviklingsland for enorme summar som dei heller burde ha bruka på den fattige befolkninga.

Rett og rimeleg

Brasil står øvst på NHO si ynskjeliste. Norske bedrifter har ikkje blitt utsett for ekspropriasjon. Tvert imot er norske bedrifter tatt godt imot i det søramerikanske landet. Statoil er til dømes den største utanlandske oljeprodusenten i landet og norske selskap sit på 11 prosent av marknadsdelen i petroleumssektoren.

Men brasilianske styresmakter har stilt krav til norske selskap. Krav om at Statoil skal tilsetje lokale arbeidarar til dømes. Eit heilt urimeleg krav syns Statoil. Derfor er også dette kravet ulovleggjort i regjeringa sitt forslag til modell for investeringsavtaler.

Er det rett at eit land i krise skal bruke dei små midlane sine på å betale søksmål til svært kapitalrike selskap?

Heidi Lundeberg

Heilt rimeleg var likevel kravet i Statoil sine yngre dagar: Noreg stilte dette same kravet til utanlandske oljeselskap. Kravet var godt for Noreg; det bidrog til arbeidsplassar. Og det var godt for Statoil, for med arbeidarane følgde også teknologi og kunnskap.

Så er det vel ikkje meir enn rett og rimeleg at utviklingsland skal kunne gjere akkurat det same som me har gjort?

Les også: