NRK Meny
Kronikk

Bygde-TV i reprise

Bygda er enkel, vakker, eksotisk og ikkje minst langt unna. I alle fall på TV, skriv Janne Nygård, nestleiar i Noregs mållag.

Hellfjord

Stig Frode Henriksen spelar Kobba, Hellfjords lensmann, i TV-serien 'Hellfjord'. Eg har sett det før, skriv Janne Nygård om denne måten å framstille bygda på.

Foto: Carsten Anniksdal / NRK

Førre veke var det premiere på «Utkant» og «Hellfjord» på NRK, som begge føyer seg inn i rekkja av TV-program med som har bygda og bygdeliv som tema. «Utkant» oppsøkjer verkelege stader i Noreg, medan «Hellfjord» lagar seg ei fiktiv bygd. Basert på dei to fyrste episodane kan eg konstatere at det ikkje er noko spesielt nytt som kjem fram. Eg har sett det før.

Råning, gardsdrift, dårleg mobildekning, få kvinnfolk, heimebrent og lite å finne på. Er det dette som er bygda?

Gamle stereotypiar

Dei aller fleste er sjølvsagt fullt klar over at ideen om bygda rommar meir enn tilårskomne gubbar på gamle gardsbruk der ingen skulle tru at nokon kunne bu. Bygda er òg meir enn vakker natur og stressfrie liv. På same måte som byen er meir enn dyr jåle-kaffi og kriminalitet. Når bilete av fjøsfestar sklir forbi på TV-skjermen er det eksotisk òg for meg med bygdebakgrunn, tru det eller ei. Det er ein ekstremt liten del av det eg assosierer med oppveksten min, sjølv om det er nettopp slike scener ein ofte får sjå på skjerm.

Ved å alltid karikere og spele ut det mest bygdete som fins, forsterkar ein dei fordommane og førestillingane ein sit med frå før.

Janne Nygård, nestleiar Noregs mållag

Dei fleste på bygda er faktisk ikkje bønder, og har ikkje fjøs. Ved å alltid karikere og spele ut det mest bygdete som fins, forsterkar ein dei fordommane og førestillingane ein sit med frå før. Sjølv om eg kan kjenne meg att i enkeltepisodar og enkelte trekk, er det store biletet ein sit att med til slutt ganske framand for meg.

FØLG DEBATTEN: Ytring på Facebook

Utdaterte skiljeliner

Eg er sjølv oppvaksen på bygda og er stolt av staden eg kjem frå, samstundes som eg nyt bylivet i Oslo med universitet, arbeid og søndagsopne butikkar. Slik trur eg det er for mange unge som har flytta frå bygda for å ta seg utdanning eller jobb. Avstandane i dag er jo uansett så små at det er mogleg å leve med ein fot på kvar stad. Med hjelp av Widerøe er eg heime i Jølster hjå familie og vener på eit par timar. Folk på bygda renn på møter i hovudstaden rett som det er. Når NRK vel å presentere fyrste stad ut i Utkant som «gudsforlatt» er det med på å forsterke ei fiktiv førestilling om at det er uendeleg lange avstandar mellom bygd og by i Noreg i dag. Gudsforlaten sett frå kva perspektiv?

Oppveksten min i byggefeltet på bygda skil seg lite frå ein oppvekst i eit byggefelt på Bøler i Oslo.

Janne Nygård, nestleiar Noregs mållag

LES OGSÅ: Ordføraren kjenner seg att i «Utkant»

Oppveksten min i byggefeltet på bygda skil seg lite frå ein oppvekst i eit byggefelt på Bøler i Oslo. Det er kanskje ikkje naudsynt å påpeike at vi trass alt har dei same TV-kanalane, avisene, bøkene og nettstadane som i byen. Det generelle kulturtilbodet er nok rikare i dei største byane. Men sjølv om eg har fleire konsertar å velje mellom kvar kveld i Oslo, må eg innrømme at eg gjekk mykje oftare på konsert då eg budde heime. Kanskje er det daglege bygdelivet i dag for keisamt å portrettere på TV utan å ty til stadfesting av dei stereotypiane ein har frå før. Kanskje vil ein finne at det ikkje er så stor skilnad mellom måten folk lever på. Går det an å tenkje seg at dei tradisjonelle grensene mellom by og bygd er annleis i dag enn før?

Einsidig perspektiv

Eit sams trekk ved dei fleste TV-portretteringane av bygda er at det som oftast tek utgangspunkt i å reise til ein stad og sjå kva ein kan finne der. Det kan vere eit kamerateam som kjem til ein liten stad for å lage ein dokumentarserie, eller ein norsk-pakistansk (altså «urban») politimann som vert tvangsflytta inn i ei lita bygd, som i «Hellfjord». Visst kan det vere interessant og morosamt, men er det den einaste måten å lage bygde-TV på? Det er viktig å kunne sjå ting utanfrå, men det kan vere fordummande om det er det einaste perspektivet ein har. Særleg om den som ser, og det som blir sett, alltid er det same.

Det er viktig å kunne sjå ting utanfrå, men det kan vere fordummande om det er det einaste perspektivet ein har.

Janne Nygård, nestleiar Noregs mållag

Det at programma ikkje er direkte nyskapande, treng ikkje å vere kritikkverdig. Velprøvde programoppskrifter blanda med gamle stereotypiar kan vere effektivt når ein skal lage underhaldningsprogram som fungerer på TV. Og for oss som har vakse opp i dag, er det barnelærdom at «reality» ikkje er det same som realitet. Det ein ser på skjermen er eit resultat av nøye utvalde scener og andre medvitne val serieskaparane har tatt. Men vel ein noko, vrakar ein noko anna.

FØLG DEBATTEN: Ytring på Twitter

Bygda, ein tilstand

Den største skilnaden mellom bygd og by er kanskje storleiken. Eg har vakse opp i eit samfunn eg har hatt oversikt over og er vant med å måtte hanskast med eit stort spenn av forskjellige folk på ein anna måte enn eg har måtte gjort i byen. Det er ei verdifull erfaring å ha med seg i bagasjen.

For meg er ikkje «bygda» berre knytt til ein spesiell stad det går an å oppsøkje med eit kamera.

Janne Nygård, nestleiar Noregs mållag

For meg er ikkje «bygda» berre knytt til ein spesiell stad det går an å oppsøkje med eit kamera. Det er like mykje knytt til ein tilstand eller ei legning som eg ber med meg uavhengig av kvar eg er i verda, om det er Oslo eller Tokyo. Det er kanskje på tide å utforske andre sider og andre grenseoppgangar ved det såkalla «bygde-Noreg».