NRK Meny
Kommentar

Bygd, by og Øygard-saka

Folk les i referata kva som blir sagt i rettssalen. Får mange styrka sine fordommar mot Bygde-Noreg og gudbrandsdølar?

Rettssak Rune Øygard

Rettstegning: Rune Øygard i vitneboksen. Det vekte oppsikt då varaordførar Astrid Marie Sveen Løkken forklarte kvifor ho ikkje reagerte når Øygard hadde med seg den fornærma på tur. Ho meinte det var heilt vanleg at vaksne og ungar delte seng.

Foto: Elin Fagertun / Tegner

«Vi blir provoserte og frustrerte over uttalelsar som er direkte krenkande for oss som er norddølar. Det er ikkje naturleg at ein vaksen person deler seng med ein ungdom».

Eit ektepar frå Lom skriv dette i eit lesarbrev i Gudbrandsdølen Dagningen torsdag 16. mai. Dei følgjer Øygard-saka med interesse, men dette har fått begeret til å flyte over. Dei ber dei som har uttala seg på vegner av norddølar i lagmannsretten på Hamar tenkje seg om og be om orsaking for at dei svertar dølane ut over landet. «Dette er ikkje bra omdømmebygging», avsluttar dei brevet sitt med.

Redd for omdømmet

Og ja, vi var fleire norddølar som skvatt da varaordførar Astrid Marie Sveen Løkken i sitt vitnemål i retten sa ho ikkje var forundra over at vaksne og ungar delte seng. Det er visstnok helt vanleg. Bistandsadvokaten meinte at slikt kunne da ikkje vere vanleg. Sveen grunnla da påstanden sin med at det kan ha med kulturskilnader å gjere. Dette var årsaka til at ho ikkje reagerte når Øygard hadde med seg jenta på overnattingsturar.

Og ja, vi var fleire norddølar som skvatt da varaordførar Astrid Marie Sveen Løkken i sitt vitnemål i retten sa ho ikkje var forundra over at vaksne og ungar delte seng.

Inger Johanne Solli, distriktsredaktør NRK Hedmark og Oppland

Det høyrer med til denne for alle partar så vonde saka, at Sveen Løkken har vore ein av mange som har vore redd for at Vågå sitt omdøme skulle bli skada. Bistandsadvokat Nina Bråthen Hjortdal såg raskt sitt snitt: I pausen i retten presiserte ho at ho ikkje trur dette er vanleg, og at ho tvilte på at det er kulturskilnader mellom bygd og by i dette.

– Den uttalelsen kan ikke være i samsvar med den vanlige oppfatningen i Vågå, sa Hjortdal.

FØLG DEBATTEN: Ytring på Facebook

Urettferdige fordommar

Men allereie neste dag: Bror til Rune Øygard, Kristen, vitnar for bror sin. Han kan ikkje tru anna enn at Rune snakkar sant. For han veit ting om jentas familie som kan peike mot at jenta ikkje er heilt i balanse. Altså: Ikkje nødvendigvis heilt sannferdig. Til journalistane etterpå understreka han at han heilt og fullt, og berre det, var i retten som bror, ikkje ordførar i kommunen der jenta og familien bur.

Får mange styrka sine fordommar mot Bygde-Noreg generelt og mot gudbrandsdølar spesielt?

Inger Johanne Solli, distriktsredaktør NRK Hedmark og Oppland

Folk les i referata kva som blir sagt i rettssalen. Får mange styrka sine fordommar mot Bygde-Noreg generelt og mot gudbrandsdølar spesielt? Mektige og innflytelsesrike personar ser ut til å kjenne kvarandre, vere i slekt med kvarandre, arbeider i lag på dagtid eller i fritidssamanhengar. Beskyttar dei kvarandre? Kan dei kome til å sverte ei ung jente og hennar familie for å forsvare og forklare oppførselen til ein dei er glad i?

Sosiale media fløymer over av hets, mot Øygard, mot dei som vitnar og mot Bygde-Noreg. Vakkert er det ikkje og neppe fullt ut rettferdig.

FØLG DEBATTEN: Ytring på Twitter

Bygdene må forsvare seg

Det er lenge sidan den grøne bølgja på 70-talet. Da byfolk romantiserte over det gode livet på bygda. Sidan den gong har folketalet i Utkant-Noreg gått mykje tilbake. For dei store folkestraumane går inn til byane, til det urbane og hippe og «moderne», der mest all sanning om alt og alle blir definert. I redaksjonane, i departementskontora, på styreromma i dei største næringsverksemdene.

Bygdene står med ryggen mot veggen. Dei har mykje å forsvare, som er lett å miste.

Inger Johanne Solli, distriktsredaktør NRK Hedmark og Oppland

Kampen for å halde oppe folketalet og sunn vekst er hard. Ein treng å ha eit godt omdømme. Bygdene står med ryggen mot veggen. Dei har mykje å forsvare, som er lett å miste. Å få nye innbyggjarar og dei unge arbeidsvillige, ressurssterke til å bli buande er målet.

Arbeidsinnvandring frå andre europeiske land er med på å halde oppe både skatteinngangen og dei kommunale tenestene. Er det som har skjedd under Øygard-rettssaka, først i tingretten og nå i lagmannsretten, rekrutterande?