Hopp til innhold
Kronikk

Brunsnegle i akademia

Opne kontorlandskap fungerer heilt sikkert ypparleg i næringslivet og i det nye regjeringskvartalet. I akademia bør slike løysningar derimot svartelistas.

Interior Of Busy Modern Open Plan Office With Staff Interior Of Busy Modern Open Plan Office With Staff

– Som ved eit trylleslag har dermed det som var tiltenkt å vere passeleg for byråkratar i rikets sentraladministrasjon, også blitt «passeleg» for oss som førebur undervisning, rettleiar studentar og forskar, skriver kronikkforfatteren.

Foto: Guerilla Productions

Ein brunsnegle er i ferd med å erobre akademia her til lands. Den heiter «aktivitetsbaserte arbeidsplassar», og verken fornuft eller andre motstandsmiddel synest å hindre at den spreier seg med rekordfart.

På høgskular og universitet i Oslo, Bergen, Trondheim og no også i Volda blir det planlagd nye kontorlokale der dei tilsette ikkje lenger skal ha tradisjonelle faste arbeidsplassar. Høgskulelektorar og professorar skal i staden flytte seg rundt omkring i eit ope kontorlandskap etter kva «aktivitet» ein bedrive.

Se NRK Brennpunkts Kontoret

Dersom ein til dømes skal svare på ein telefon eller ha ein samtale med ein kollega, skal ein flytte seg inn i eit «multirom» på 5 kvm for å utføre «aktiviteten». Etterpå skal ein gå tilbake der ein satt, så sant plassen framleis er ledig. Dette høyrest gjerne komplisert ut, og for den som ser dette utanfrå kan det vere vanskeleg å forstå kvifor ein gjer dette grepet. Men, tru meg, det er også vanskeleg å forstå for oss som ser det «innanfrå» akademia også!

Ein brunsnegle er i ferd med å erobre akademia her til lands.

Passar ikkje alle

Lat oss likevel prøve: Dei som styrer og gjer seg til talspersonar for «aktivitetsbaserte arbeidsplassar» viser til at nye statlege bygg skal halde seg innanfor ein viss arealstandard per tilsett. Denne standarden er eit resultat av planlegginga av eit nytt regjeringskvartal, men har sidan blitt gjeldande norm for andre statlege bygg.

Som ved eit trylleslag har dermed det som var tiltenkt å vere passeleg for byråkratar i rikets sentraladministrasjon, også blitt «passeleg» for oss som førebur undervisning, rettleiar studentar og forskar.

I dei fleste tilfelle er det Statsbygg som utfører desse byggeprosjekta på oppdrag av høgskular og universitet. Ved å vise til regjeringa si arealnorm planlegg Statsbygg nye prosjekt utifrå ei førestelling om at ein må bort frå tradisjonelle kontor og inn i opne kontorlandskap, altså «aktivitetsbaserte arbeidsplassar» som det heiter i nytale.

Det som var tiltenkt å vere passeleg for byråkratar i rikets sentraladministrasjon, er også blitt «passeleg» for oss som førebur undervisning.

Fysiske rammer

For å "selje" dette konseptet, har det blitt pakka inn i svulstige fraser som "framtidsretta", og med påstandar om at det vil gje auka "samhandling" mellom kollegaer og vere langt meir "fleksibelt" enn vanlege kontor.

Samhandling og fleksibel? Sjølv har eg i dag eit kontor som gjev meg til tilstrekkeleg ro til å planlegge undervisning og rettleie studentar utan å bli forstyrra eller forstyrre andre. I enden av rommet er det montert ei innretning som i daglegtale kallast «dør». Den er så fleksibel at den når som helst kan opnast dersom kollegaer eller studentar ønskjer å snakke med meg.

Kort sagt, det er slike fysiske rammer dei fleste i dette yrket treng for å gjere arbeidet på ein god måte.

I enden av rommet er det montert ei innretning som i daglegtale kallast «dør».

I strid med forsking

Sjølvsagt kan ein innvende at dette berre som mi subjektive meining, så kva seier vitskapen om dette? Det er jo slik at dei som skal avgjere dette spørsmålet er godt utdanna personar som i dei fleste andre samanhengar held vitskapen høgt. Ein burde vel forventa at dei vil lytte til vitskapen? Lat oss difor sjå kva fersk forsking seier om aktivitetsbaserte arbeidsplassar.

Jan Vilhelm Bakke, arbeidsmedisinar og overlege i Arbeidstilsynet, og Knut Inge Fostervold, førsteamanuensis i psykologi ved Universitetet i Oslo, har i ein metastudie gått gjennom forskingslitteraturen på feltet.

I konklusjonen skriv dei mellom anna at «Kontorlandskap er negativt for arbeidstakere med kognitivt krevende arbeid som krever korttidshukommelse. De opplever dårligere arbeidsmiljø, mer stress og slitenhet, mindre produktivitet, dårligere helse og får økt sykefravær.» Ved Universitetet i Malmø valde dei tilsette å arbeide heime, i staden for i sine nye «aktivitetsbaserte» lokale, nettopp av dei same årsakene som Bakke og Fostervold peikar på.

Situasjonen synest fastlåst.

Klamrar seg til irrelevante enkelstudiar

Med slike erfaringar og ein så klar konklusjon basert på brei forsking skulle ein tru at ein ville skrinlegge alle planar om aktivitetsbaserte arbeidsplassar. Men i staden held ein fast ved planane og viser til diverse irrelevante enkeltstudiar kring arbeidsplassar i det private næringslivet, og ignorerer galant at desse har heilt andre arbeidsformer enn innan akademia. Det kan minne om reaksjonsmønsteret som «klimaskeptikarane» bruker mot FNs klimapanel sine konklusjonar.

Situasjonen synest fastlåst, så finst det nokon veg ut av dette uføret? Må det verkeleg gå så galt som for eksempel ved Universitetet i Malmø før ein innser at «aktivitetsbaserte arbeidsplassar» er øydeleggande for akademia? Vi har ei regjering som i festtalar seier den vil satse på å betre kvaliteten i høgare utdanning.

Lat oss difor appellere til at ho ser nærmare på desse byggeprosjekta og konkluderer med å setje «aktivitetbaserte arbeidsplassar» på svartelista, til liks med brunsneglen!