Hopp til innhold
Kronikk

Blodig valkamp i Romania

Sjølv for eit herda publikum, har det vore ein dramatisk valkamp i Romania, med sjølvmordsforsøk, folkeavstemming for å avsette presidenten og eit bittert oppgjer i nasjonalforsamlinga.

Adrian Nastase

Den tidlegare statsministeren til sosialdemokratane, Adrian Nastase, bad politiet vente slik at han kunne pakke for to år i fengsel. I stedet skaut han og skada seg.

Foto: MUGUR VARZARIU / Afp

Dei kaldsveitta nok, politimennene som stod på døra for å arrestere den tidlegare statsministeren til sosialdemokratane, Adrian Nastase. Den mektige politikaren bad politiet vente slik at han kunne pakke for to år i fengsel. I staden henta han jaktrifla og skaut seg. Den erfarne jegeren streifa seg so vidt i skuldra.

Den sosialdemokratiske statsministeren Victor Ponta skulda sjølvmordsforsøket på den konservative presidenten Traian Basescu.

– Eg håpar Basescu er fornøgd no og kan sove godt om natta, sa Ponta til pressen.

Se Urix tirsdag med reportasje fra Romania

Det populistiske folkepartiet - kontor i Resita

Det populistiske folkepartiet sitt kontor i byen Resita. Partieigar Dan Diaconescu sel openlyst plassar i nasjonalforsamlinga til forretningsmenn som har behov for politisk innverknad.

Foto: Roger Sevrin Bruland, NRK

For sjølv om det søndag er val på ny nasjonalforsamling, er dette eit oppgjer mellom den mektige presidenten og hans sentrum-høgre-koalisjon, og statsminister Victor Ponta og hans sosialliberale union.

Kynikarane, og dei er det mange av i Romania, trur denne unionen fekk panikk då dei såg at Basescu klarte å få dømt ein politisk motstandar til fengselsstraff, sjølv om denne motstandaren var tidlegare statsminister. Kven blir neste? Og det er difor, hevdar kynikarane, at unionen nører eit slikt hat mot presidenten.

FØLG DEBATTEN: Ytring på Facebook

Romanias sterke mann

For dei som ikkje kjenner president Traian Basescu, so kan nok industriherrar frå verftsindustrien på Sunnmøre fortelje at han er ein noregsvenn. Ein gammal sjøkaptein med trollete sjarm, det eine auget halvvegs lukka og eit karismatisk smil om munnen.

Eller som journalisten Ioana Burtea skriv.

– Traian Basescu overkøyrer domstolane og kuttar pensjonane, men han tek også på seg ei t-skjorte og kosar med babyar på fjernsynet, og folk kjøper det.

Basescu er meister i politisk overleving. Han har køyrt i fylla, stole mobiltelefonar frå journalistar, og i Berlusconi-stil gjeve barmfagre kvinner kremjobbar i staten

Opposisjonen har halde folkeavstemming for å avsette presidenten to gongar, første gong i 2007. Då han vart suspendert for andre gong i sommar, var det berre so vidt han overlevde folkeavstemminga (ifølgje grunnlova er det folket som kan avsette ein sittande president).

Presidenten skjønte han ville tape folkeavstemminga, og dreiv «valkamp» der han ba veljarane sitje heime. Tanken bak denne mildt sagt antidemokratiske strategien, var å hindre oppslutning på over 50 prosent, slik at heile avstemminga kunne underkjennast av grunnlovsdomstolen. Heldigvis, for Basescu, møtte berre 47 prosent opp.

FØLG DEBATTEN: Ytring på Twitter

Traian Basescu

Basescu er Romanias Silvio Berlusconi: En meister i politisk overleving, som har køyrt i fylla, stole mobiltelefonar frå journalistar, og gjeve barmfagre kvinner kremjobbar i staten.

Foto: THIERRY CHARLIER / Afp

Presidenten mistar oppslutnad

Det er inga hemmelegheit at finanskrisa og påfølgjande slanking av lønene i offentleg sektor har skada populariteten til Basescu, og det er farleg for ein populist.

So farleg at fleire støtteparti i den Basescu-vennlege regjeringa hoppa av i mai, eit halvt år før valet. Dei hadde kalkulert med at sentrum-høgre koalisjonen til Basescu ville tape valet i desember. Og då gjekk dei over til fienden. Eit bevis på at makt er den einaste levedyktige politiske ideologien i Romania.

Statsminister «copy – paste»

Den politiske broileren, statsminister Victor Ponta, er utpeika som hærførar av sosialistunionen i krigen mot president Basescu. Og det har gjort statsministeren til mottakar av ei rekke spektakulære «dritpakker» frå presidentkontoret. Til dømes vart han skulda for å ha plagiert doktorgradsavhandlinga si. Noko som førte til at Ponta fekk kallenamnet «statsminister copy – paste».

Men før valet ser det ut som at Ponta har overlevd harselasen. Victor Ponta er no Romanias mest populære politikar med ei rating på 54,5 prosent. Men han har betalt ein dyr pris for kampen mot presidenten.

Victor Ponta

Valet i Romania er eit oppgjer mellom president Basescu sin koalisjon og statsminister Victor Pontas hans sosialliberale union.

Foto: THIERRY CHARLIER / Afp

Med Basescu suspendert trumfa Ponta gjennom over 40 hastevedtak i nasjonalforsamlinga på ein dag. Leiarane i over- og underhuset fekk sparken, saman med kringkastingssjefane for radio og TV, og ein haug med ombodsmenn.

Den amerikanske ambassadøren i Bucuresti skal ha sprunge panisk inn og ut av det gigantiske folkets palass med eit varsku om at demokratiet var avskaffa i Romania.

På ytterfløyene lurer turbopopulistane

Valkampen har soleis degenerert til skittkasting mellom dei to leirane.
I tillegg til dei to store blokkene, er det eit parti som har byrja gjere seg gjeldande.

Og det «populistiske folkepartiet» tek omgrepet populisme til nye høgder. Partieigar Dan Diaconescu driv fleire lettbeinte TV-kanalar, han har eigentleg ikkje noko politisk program, han sel berre plassar i nasjonalforsamlinga til høgstbydande.

Han er det tredje største partiet i Romania med 14 prosent. I Romania kallar dei dette «idiotpartiet». Eit sørgjeleg resultat av det sosiale forfallet etter kommunismen.

Stor politikarforakt

Den ressurssterke delen av befolkninga har på si side mista all tru på politikk. Ein ung rumensk entreprenør sa til meg:

– Vi må vente ein generasjon til politikarane frå kommunisttida dør eller blir bura inne, først då kan vi få ekte demokrati, og først då kan vi utnytte det sanne potensialet til Romania.

Slik blir valet i Romania ein palasstrid mellom eliten, der fattigfolk er marionettar. Dei som ynskjer seg eit meir moderne Romania vil halde seg heime, dei veit det er nyttelaust å gjere borgarplikta. Spørsmålet er kor lenge dei vil finne seg i å vere statistar.