Hopp til innhold
Kronikk

Barn må eige eigne data

Nettundervisningen gjer at den digitale skolen veks fram i rekordfart. Nå må vi sikre oss at unganes data ikkje blir misbrukt.

Hjemmeundervisning

I den digitale skulen blir alt tatt vare på. I all fall opnar teknologien for det. Ein eller annan stad ligg titusen elevtekstar med tittel Min påske, skriv kronikkforfattaren. (Illustrasjonsbilde)

Foto: Thomas Brun / NTB/Scanpix

Eg er pappa til tre skulebarn. Kvar dag desse vekene legg dei frå seg meir data i skya enn foreldregenerasjonen gjorde under heile skulegangen.

Barna har ingen ide om kor og når dei møter desse data igjen. Dei skal heller ikkje måtte tenke over det. Det er eit vaksenansvar.

Derfor er det grunn til å spørje om skuleeigarane har kompetanse til å ta det ansvaret, om lærarane har fått tid og tilstrekkeleg støtte til å vurdere alle dei digitale tenestene som no er i bruk.

Skulen går gjennom ei hyperdigitalisering. Frå ein famlande start 13. mars har eg sett den heildigitale skulen vekse fram i løpet av veker. Og med det ei tydeleggjering av kor og korleis den skulen betrar læring, og kor den kjem til kort.

I den digitale skulen blir alt tatt vare på. I all fall opnar teknologien for den moglegheita.

Eg har sett femteklassingen min, som knapt har sett ein datamaskin i skulen, bli TEAMS-sjef i løpet av få dagar. Og tenkt at i desse vekene tar me årslange steg inn i framtidssamfunnet.

Eg ser også at ingenting kan erstatte læraren og det heilt naudsynte menneskelege samværet som klasse- og grupperomsdynamikken gir. Eller for å seie det med andre ord. All den kommunikasjonen mellom elevar, og mellom lærar og elevar som hender der og då, og som for ettertida ikkje finst andre stadar enn i den enkelte sitt minne. Eventuelt i eit notat skrive ned slik ein oppfatta det, eller etter hugsen.

I den digitale skulen blir alt tatt vare på. I all fall opnar teknologien for den moglegheita. Ein eller annan stad i dataskya ligg ti tusen elevtekstar med tittel «Min påske». Ein annan stad ligg videoen som dokumenterer korleis 8.-klassingen gjennomførte gymtimen. Ein tredje stad ligg lydfila som enten avslører elevens talent eller mangel på talent som komponist.

Google og Microsoft gjer som den vesle norske oppstartsverksemda. Alle samlar bruksdata for å betre tenestene.

Enkelte skular meiner til og med på alvor at desse oppgåvene skal danne grunnlag for vurdering og karaktersetting. I kva grad digitalskulen skil ressurssterke frå ressurssvake vil kome fram etter kvart.

Den eine skulen eg har kontakt med seier at dei har mista kontakt med 25 prosent av elevane. Ingunn Folgerø som er rektor på Bryne Vidaregåande skule seier til NRK at skulen har mista 10 elevar som dei med open skule truleg hadde halde på.

I skya finst det ingen eller manglande spor av desse elevane. Det er også data. Veldig viktige data, kan det syne seg. Både for å gjere den digitale skulen betre, men også for å gjere moglegheitene til enkeltelevar færre.

Ein eller annan stad i dataskya ligg ti tusen elevtekstar med tittel «Min påske».

Det er ikkje utenkeleg at barna møter sine eigne data igjen om 20 år. I ei melding frå eit forsikringsselskap som i beste fall tar dobbelt betalt for å teikne livsforsikring. Helst avslår søknaden med støtte i at volatiliteten i leveranseprofilen ikkje svarar til selskapets risikoprofil.

Google og Microsoft gjer det same som den vesle norske oppstartsverksemda. Alle samlar bruksdata for å betre tenestene. Datafangsten har endå større verdi i marknaden, som data. Kan vi verkeleg lite på at finanssektoren ikkje får tilgang på også desse data om oss? Alt er vel til sals om prisen er rett.

Det er ikkje utenkeleg at barna møter sine eigne data igjen om 20 år.

Vi veit at den store datafangsten er vår beste hjelpar i kampen mot virus, for betre helse, for utvikling og framsteg generelt. Likevel synest det klart at den datamengda som blir skapt kvar dag, vil møte oss igjen, og for enkelte bety eit vegskilje. Det betyr ikkje at desse data treng å bli utilgjengelege for forsking og tenesteutvikling. Det er mogleg å ha begge tankane i hovudet samstundes.

Data er for viktig til at vi skal la det vere opp til teknologane og den kunstige intelligensen å bestemme spelereglane. Derfor er det så viktig å avklare både eigedomsretten og bruksretten, og gi den naudsynt støtte i gjennomføringa av digitaliseringa.

Det er eit helt legitimt krav at barna våre, som kvar dag fyller skya over oss med data, har full råderett over sine eigne data.