Hopp til innhold
Replikk

Baksida til vinnarloddet

Når noko verkar for godt til å vere sant, er det som regel det. Det er også tilfellet med Postkodelotteriet.

CASINOS-LITIGATION/ Gambler stacks his chips during the finals of World Series of Poker Main Event at the Rio hotel-casino in Las Vegas

De som kjemper for eit postkodelotteri har ikkje reflektert over kva konsekvensar Postkodelotteriet vil ha for spelpolitikken.

Foto: STEVE MARCUS / Reuters

Denne teksten er et svar til teksten «Et vinnerlodd for gode gjerninger».

I ein kronikk signert av sjefane i ei rekke profesjonaliserte organisasjonar blir Postkodelotteriet teke i forsvar. Å sleppe til det nederlandske lotteriet vil gi norsk frivilligheit sårt trengde pengar og generalsekretær Nina Jensen i WWF Norge har sagt til Aftenposten at det vil vere ei gåvepakke for frivillig sektor. Dette er ikkje tilfelle og noko dei burde halde seg for gode til å påstå.

Blir kaka større?

Postkodelotteriet vil sikre at berre eit fåtal organisasjonar får auka inntekter, medan det vil gå utover finansieringa av resten av frivillig sektor og den ansvarlege spelpolitikken. Erfaringane frå andre land gir oss ingen grunn til å tru at kaka vil bli større om ein slepp inn kommersielle aktørar. Fleire aktørar vil føre til auka bruk av pengar til reklame, meir press i marknaden og mindre pengar til utdeling.

LNU meiner at spelmonopolet er ein føresetnad for ein ansvarleg spelpolitikk. Norsk Tipping har som ein del av føremålet sitt å sikre eit ansvarleg speltilbod med minst mogeleg negative konsekvensar. Det er eit samfunnsansvar vi ennå har til gode å sjå at nokon kommersiell aktør vel å ta. Det betyr ikkje at vi meiner Norsk Tipping er ufeilbarlege, og vi har gjort det klart at vi skal vere dei første til å kritisere dei om dei kryssar streken. Barne- og ungdomsorganisasjonane ønskjer å vere ansvarlege mottakarar.

FØLG DEBATTEN: NRK Ytring på Facebook.

Kva gjer regjeringa neste gong?

På overflaten verkar det som Postkodeorganisasjonane er ansvarsfulle. I kronikken påpeikar dei mange forfattarane at Postkodelotteriet er vurdert til å ha liten risiko for negative konsekvensar for den enkelte, som det å bli speleavhengig. Det er bra. Men det dei same organisasjonane ikkje har reflektert over, eller som dei har valt ikkje å skrive om, er kva konsekvensar Postkodelotteriet vil ha for spelpolitikken.

Kva konsekvensar vil Postkodelotteriet ha for spelpolitikken?

Stian Seland, styreleiar, LNU

For det første er vil det sette ein presedens. Kva gjer regjeringa neste gong det kjem ei gruppe organisasjonar som ønskjer sitt eige pengespel? For det andre vil ein ved å liberalisere litt vere på utrygg grunn EØS-rettsleg. Det er fleire pågåande saker i fleire EU-land når det gjeld spelpolitikk. EU godtek spelmonopol av sosiale omsyn, men delmonopol kan bryte med prinsippet om fri konkurranse. I verste fall kan ei delliberalisering av det norske spelmonopolet resultere i total avvikling og fullt frislepp.

I Sundvolden-plattformen slår regjeringspartia fast at dei ønskjer å greie ut om det er mogeleg å opne for spellisensar til utanlandske selskap utan å sette spelmonopolet i fare. Denne utgreiinga er ennå ikkje gjort.

At Postkodeorganisasjonane no vel å køyre på for å sleppe til Postkodelotteriet før ein har fått alle fakta og konsekvensar på bordet, vitnar om hastverksarbeid og at det er auka inntekter og ikkje ansvarleg spel som står i første rekke.