NRK Meny
Kronikk

Bak gisselaksjonen

Gisselaksjonen i Algerie har mange røtter. For å finne ut kva som ligg bak, må vi ta dei for oss konflikt for konflikt.

Tuaregene

Lengst tilbake går kravet om regional autonomi for dei som bur nord i landet, i Sahara eller i ørkenkanten - tuaregane, seier Knut S. Viksø om bakgrunnen til gisselaksjonen i Algerie. Her er tuaregane i Mail berre månader før opprøret i mars i fjor.

Foto: Aliou Sissoko / Ap

Aksjonen er eit resultat av borgarkrigen i nabolandet Mali, og at Frankrike greip inn i den ei veke tidligare. Opprøret der har igjen to ulike komponentar, som av og til står sammen, av og til i intern strid.

Tuaregane i Sahara

Lengst tilbake går kravet om regional autonomi for dei som bur nord i landet, i Sahara eller i ørkenkanten. Det er tuaregane, kjent frå turistreklamen sittande i stolt positur høgt på sine kamelar, sverd ved sida og slør over ansiktet. Det siste

Lengst tilbake går kravet om regional autonomi for dei som bur nord i landet, i Sahara eller i ørkenkanten.

Knut S. Vikør, UiB

gir dei det arabiske namnet mulaththimun, som også er namnet gisseltakarane brukar på seg sjøl. I moderne tid har dei vore pressa av statsmaktene, som ønsker å busette nomadane, mens dei sjøl vil leve på tradisjonelt vis. Men tørkekatastrofane på 1980-talet tvang mange av dei til å slakte sine kamelar og busette seg i slumområde rundt ørkenbyane.

LES OGSÅ: AP: Tre nordmenn tatt som gisler i Algerie

LES OGSÅ: Islamistveteran står trolig bak gisseltagningen i Algerie

Tuareggrupper har kravd større autonomi i alle land rundt Sahara, og gjort opprør. Den viktigaste gruppa i Mali har vore “Den nasjonale frigjeringsrørsla for Azawad”, MNLA. (“Azawad” er namnet på tuaregstaten dei vil opprette).

Så gjekk MNLA i samarbeid med ei heilt anna gruppe med ein ganske annan agenda: islamske jihad-grupper med basis i Algerie og Mali.

Arven frå Algerie-krigen

Desse er etterraksten frå borgarkrigen i Algerie på 1990-talet, etter at dei militære kuppa valseieren til islamistpartiet FIS i 1992. Med FIS borte, kom svaret frå ei mye meir radikal islamistgruppe, GIA. Krigen vart så bitter og blodig, og GIA så vill i si blodtørst at tilmed Usama bin Laden betakka seg for samarbeid. Men ved årtusenskiftet hadde militæret fått overtaket, og GIA vart knust.

FØLG DEBATTEN: Ytring på Facebook

Berre ei utbrytargruppe - som også kritiserte GIA for å ha gått for langt - overlevde. Dei kalla seg Salafist-fronten, GSPC, men noen år seinare fann dei det best å knytte seg til “varemerket” al-Qa’ida, “al-Qa’ida i det islamske Maghreb” (AQIM

AQIM presenterer seg som eit puritansk, strengt islamsk og moralsk alternativ, men skillet mellom jihadistar og meir reine kriminelle grupper vart meir og meir vanskelig å sjå.

Knut S. Vikør, UiB

mellom kjente). Dei vart raskt pressa ut i ørkenen, vart aktive frå Mali i vest til Nigeria i aust, og knytte nære band til tuareg-grupper av ulikt kaliber.

Kidnappingar, menneskesmugling og narkotika vart gode måtar å skaffe pengar; AQIM presenterer seg som eit puritansk, strengt islamsk og moralsk alternativ, men skillet mellom jihadistar og meir reine kriminelle grupper vart meir og meir vanskelig å sjå. Men effektive var dei, til å skaffe seg pengar, trente i ørkenkrig, ekstremt mobile og godt ustyrte med våpen. Forsøk frå både statsmakter lokalt og franske og andre utlendingar på å kjempe mot var ofte mislykka.

Statanes svakheit

For om opprørsgruppene er effektive, så er dei statane tilsvarande svake, korrupte og ustabile. Tidlige tiårs stadige rundar av statskupp vart rett nok erstatta av sivile val og “forsoningsprosessar” frå 1990-talet, men statane klarte likevel ikkje på noen avgjerande måte å løyse sine økonomiske problem.

LES OGSÅ: Morten Bøås: Høyt spill om Mali

Det var dette som til slutt ga oppløysinga i Mali for eit år sidan: Hæren fekk ikkje betalt eller ressursar til å slåss mot tuareg-opprøret i nord, og gjorde kupp.

Knut S. Vikør, UiB

Det var dette som til slutt ga oppløysinga i Mali for eit år sidan: Hæren fekk ikkje betalt eller ressursar til å slåss mot tuareg-opprøret i nord, og gjorde kupp. Etter internasjonale protestar lot dei ein sivil overgangsfigur bli president, men kuppleiaren har fortsatt stor politisk makt, og lite skjer. I mellomtida forvitra hæren nesten heilt, og når det kom til konflikt, var soldatane både uvillige og ute av stand til å stå mot. Mange av soldatane som kom frå nord, tuaregar som hadde blitt innrullert i hæren, deserterte med sitt materiell og slutta seg til opprøret.

Libya-krigen rista Mali

Opprøret starta altså i 2012, og hadde krigen i Libya året før som direkte utløysar. Qadhafi hadde trent og utrusta tuareg-opprørarar frå heile Sahara, og da han fall reiste dei heim, mange til Mali. Etter statskuppet i Mali tok MNLA straks styring med den nordlige halvdelen av landet, nå “Republikken Azawad”.

Raskt slutta islamistar, både AQIM, og ei lokal tuareg-basert jihadistgruppe, Ansar Eddine (leia av den karismatiske Iyad ag Ghali). Dei var sterkare enn det sekulære MNLA, skauv dei til sides og tok kontrollen; MNLA flykta over til regjeringssida. Måla deira var ulike, MNLA var nøgd med det Azawad dei hadde vunne, mens ag Ghali og AQMI ville ha heile Mali og nabolanda med. Det var da dei begynte å gjere alvor av det at Frankrike sette inn troppar for å stanse flaumen.

Etter statskuppet i Mali tok MNLA straks styring med den nordlige halvdelen av landet, nå “Republikken Azawad”.

Knut S. Vikør, UiB

FØLG DEBATTEN: Ytring på Facebook

Der står vi nå. Frankrike har møtt uventa sterk motstand, og jihadistane har altså ville straffe Algerie fordi dei støttar franskmennene. Dei franske kunne knapt gjere anna, å sjå Mali falle til jihadistane var utenkelig. Men mange er redd dei har tatt seg vatn over hodet, å slå dei veltrente og godt budde opprørarane er vanskelig nok, å bygge eit stabilt og velfungerane Mali nær sagt utenkelig. Men samtidig er også opprørsgruppene samansette, slåss ofte seg imellom, og har motstridande mål, den påståtte gisselleiaren braut med AQMI fordi dei meinte han brukte for mye tid på narkohandel. Men nå står dei samla i Mali, vi får sjå om samhaldet eller skilnadene får overtaket.