Hopp til innhold

Avmakt og bar stump

Fotballfrue viser rumpa i Det Nye. Kvifor får vi ikke sjå Per Sandbergs krittkvite stuss?

Råning i Strømstad

Ein rånar viser rumpa på veg til fest i Sverige. Fotballfrue gjer det i Det Nye. Mens ein mann med makt, skjuler rumpesprekken, skriv kronikkforfattaren.

Foto: Aas, Erlend / SCANPIX

Kronikkvignett Ytring

Det har vore sommar, og i fleire månader har vi omfamna kroppen vår. Fotballfrue Caroline Berg Eriksen bestemte seg nyleg for å spesielt omfamne rumpa si, då ho stod fram med baken bar på framsida av Det Nye.

Vi har alle ei rumpe, og det er godt vi også får sett Eriksen si. Det er morosamt og overraskande, seier redaktøren i Det Nye.

Men kvifor er det berre kvinnekroppen vi får sjå? Tenk så morosam og overraskande samfunnsdebatten hadde vore om menn med makt kunne følgt eksempelet til Caroline Berg Eriksen.

Sandberg med krittkvit rumpe

Faksimile av Det Nye

Faksimile fra forsiden av Det Nye.

Tenk om eksempelvis Per Sandberg trekk valgkampen to hakk lenger og viser oss stussen. Kanskje på ein valgkampplakat, diskret kikkande over skuldra med ein cardigan som einaste antrekk. Det ville overraska oss. Langt meir overraskande enn når den kroppseksponerte Caroline Berg Eriksen gjer det same.

Det er jo som regel kvinner som står fram i nettoen. Sandberg med krittkvit rumpe kjem neppe til å skje. Mannen søker trass alt reell makt. Den som søker makt, skjuler rumpesprekken.

Tidlegare denne sommaren oppfordra Unni Askeland Erna til å stå fram naken. Kva glede skulle vi ha av det? Og skulle då neste steg vere at Jens eller Jonas viste seg fram i berre ræva? Eller for den saks skuld - kanskje Kofi Annan eller Barack Obama? Der er massevis av menn med makt som kan utfordrast.

Den som søker makt, skjuler rumpesprekken.

Anne Viken, statsvitar og samfunnsdebattant

Kan vi bokstaveleg talt kle av forfattarane Karl Ove Knausgård eller Jo Nesbø? Det er jo bokhøst. Eller kvifor ikkje la professor Frank Aarebrot analysere valget splitter naken?

Skrittet skjult bak ein IPad

Men det kjem neppe til å skje. Naturleg kropp utan klede vil i regelen seie ein kvinnekropp, anten modelltynn eller heilt naturlig. Men tenk dykk, om så berre for moro skuld, maktmenn i blanke messingen. Ikkje for det, det er dei som er på god veg alt. Men no treng vi ei bølge på Facebook, gjerne selfies, tekne framfor spegelen, eller gjerne med mannen pent dandert i sofaen med skrittet diskret skjult bak ein IPad.

Vi har nokre førebilete: Mussolini slengde av seg kleda til berre beltet var att, og poserte med slegge og spade. Putin er ikkje borte han heller, der han poserer muskuløs på ryggen av ein hest, langt ute i den russiske villmarka.

Så prøv å sjå det for dykk.

Ein naken Jens i korgstol i hagen. Jonas bukselaus på talarstolen i Stortinget. Per Fugelli i tversoversløyfe og ingenting anna.

Kuk i kaldt vatten

Som ei erfaren kvinne sa: Desse menn med makt, desse påfuglane med ego store som Zeppelinarar. Det er berre å forestille seg at ein kler av dei, så skrumpar dei samen som ein kuk i kaldt vatten.

Kvifor ikkje la professor Frank Aarebrot analysere valget splitter naken?

Anne Viken, statsvitar og samfunnsdebattant

Men det er ikkje ofte desse gutta vert bedt om offentleg avkleding, det er ei spesiell ære som er oss kvinner til del. Det kan sjølvsagt vere at eg og andre skulle tolke dette som eit eksempel på den største dyrking av attrå og vakker stump, men eg har ei anna aning.

Ein fartar rundt i det gamle kjønnsrollemønsteret. Det er ikkje vits å kle av seg til ein er naken og stå fram i hytt og ver, om det er likestilling og innflytelse ein vil ha.

Å ta seg sjølv høgtidelig

Og det er ofte dessverre for nokre, og heldigvis for andre, slik at folk er mindre opptatt av korleis du ser ut, enn det du trur. Vi er no ein gong mest opptatt av oss sjølv.

Det er ikkje vits å kle av seg til ein er naken og stå fram i hytt og vêr om det er likestilling og innflytelse ein vil ha.

Anne Viken, statsvitar og samfunnsdebattant

Om nokon ikkje likar synet av meg i bikini, let eg det vera deira problem. Det er stor forskjell på å ta seg sjølv alvorleg og å ta seg sjølv høgtideleg.

Og så til slutt: Menn kan behalde dress og slips, medan kvinner med makt og innflytelse, eller blogg for den del, gjerne kan utfordrast til å stå fram i nettoen. Det er mulig denne kleskastinga bidrar til både sedimentering av kjønnsrolle, kroppssteretypia og kven som har makt.