Hopp til innhold
Kronikk

Arven etter Sovjetunionen

26. desember 1991 oppløyste Sovjetunionen seg sjølv. 25 år etter er kanskje den mest sentrale arven at det framleis er betre å vere fiende enn venn.

Vladimir Putin og Mikhail Gorbatsjov

Mikhail Gorbatsjov og Vladimir Putin saman på ein pressekonferanse i Schleswig i 2004. Nokre år seinare, i samband med 80-årsdagen sin i 2011, oppmoda Gorbatsjov Putin til ikkje å stille til attval.

Foto: CHRISTIAN CHARISIUS / Reuters

For 25 år sidan vart Sovjetunionen oppløyst, og femten nye statar vart danna. Mange av desse hadde vore under Det russiske imperiet før dei vart ein del av Sovjetunionen, og hadde hatt ein ny type nasjonsbygging under Sovjetunionen. Arven etter Sovjetunionen er derfor eit relevant tema å sjå på når det kjem til alle dei post-sovjetiske statane.

At Sovjetunionen har vore viktig for alle desse landa, både når det kjem til bygging av interregionale relasjonar og som ei felles historie, tyder derimot ikkje at desse landa har same oppfatning av historia.

Den russiske arven er berre ein liten del av arven etter Sovjetunionen

Forskjellige område hadde forskjellig status internt i Sovjetunionen, og historieskriving i Estland eller Kviterussland vil gi eit heilt anna bilete enn den i Kasakhstan eller Georgia. Den russiske arven er berre ein liten del av arven etter Sovjetunionen. Det er likevel naturleg å starte med arvtakaren til Sovjetunionen, Den russiske føderasjonen.

Geopolitisk katastrofe

24. april 2005 uttalte den russiske presidenten Vladimir Putin at oppløysinga av Sovjetunionen var ein av dei største geopolitiske katastrofane i den 20. hundreåret. Putin si ytring i 2005 står for mange som eit døme på at han allereie då ville ha eit Russland som var meir som Sovjetunionen.

Det er liten tvil om at Putin, som mange andre russarar frå sin generasjon, har eit forhold til Sovjetunionen som er meir positivt enn i Vesten. Spørsmålet her er likevel om dette er så dominerande at Russland er på veg tilbake, i retning av eit meir sovjetisk-type regime.

Sjølv om den russiske sosialistiske republikken spelte ein særs aktiv del i oppløysinga av Sovjetunionen, er Russland den juridiske arvtakaren til Sovjetunionen. Etter oppløysinga var det Russland som mellom anna tok ansvaret for atomarsenalet, statsgjelda og setet Sovjetunionen hadde i tryggingsrådet i FN.

Å setje likskapsteikn mellom Sovjetunionen og Russland vil vere både feil og uklokt

Dei sentralasiatiske republikkane er i dag eigne statar, det same er statane i Sør-Kaukasus, Baltikum, Kviterussland og Ukraina. Å setje likskapsteikn mellom Sovjetunionen og Russland vil vere både feil og uklokt, då dette er ei delt historie og arv mellom mange land.

Ei autoritær vending

90-talet for Russland var utan tvil økonomisk og politisk kaotisk, og den politiske retorikken Jeltsin nytta om demokratisering, eller demokratizatsia, vart av store delar av den russiske befolkninga knytt til manglande utbetalte lønningar, pensjonar og generell utryggleik i kvardagen.

  • Sjå video:
    Video f367d257-b13b-40d7-a0c6-ee3062c13081.jpg

    Stridsvogner rulla gjennom Moskvas gater på veg til Kreml 19. august 1991.

Ein av grunnane til at russarane i stor grad har støtta opp om eit meir autoritært styre, er at mange har hatt det turbulente 90-talet friskt i minne. Tanken om eit meir stabilt styre der utbetalingar skjer til rett tid har vore sett på som viktigare enn moglegheita for å forandre ting gjennom demokratiske prosessar.

Boris Jeltsin under kuppet i 19. august 1991

Boris Jeltsin under kuppforsøket mot Mikhail Gorbatsjov. Dette vart starten på slutten av Sovjetunionen som oppløyste seg sjølv berre fire månader etter.

Foto: DIANE-LU HOVASSE / Afp

Prioriteten i kvardagen for mange har vore økonomisk stabilitet, noko som har gjort det politiske mogleg å byggje opp eit meir autoritært styre.

Russland under Putin har blitt meir økonomisk stabilt enn på 90-talet. Men det har også blitt meir konservativt og makta meir konsentrert rundt Kreml. Det frie mediebiletet har blitt kraftig innskrenka dei siste åra, og det er liten tvil om at store delar av media ligg under Kreml-vennleg kontroll. Dette påverkar sjølvsagt innbyggjarane si oppfatning av regimet.

Populære Putin

Det er likevel farleg å avskrive det russiske folket som hjernevaska eller uvitande om kva som skjer i verda. Yngre generasjonar i Russland er, som alle andre, ivrige brukarar av internett og har tilgang til andre kanalar enn det russiske mediebiletet. Eldre generasjonar har levd i ei tid med eit sovjetisk mediebilete og er godt øvde i lese mellom linjene. Likevel er Putin populær.

For å forstå utviklinga av Russland må ein anerkjenne at Putin har ein reell popularitet. Sjølv om det er liten tvil om at det har vore valfusk har dette truleg vore for å sikre eit overlegent fleirtal av røyster. Dei fleste russarar er likevel samde nok med Putins politikk til at det er han dei ville ha røysta på. Motstanden rapportert mot Putin ligg primært i Moskva og St. Petersburg, og representerer ikkje eit fleirtal av befolkninga.

Putin til hest

Putin er teken bilde av fleire gonger på ein hest. Såleis kan han vise at han er ein sterk mann, både fysisk og psykisk.

Foto: RIA NOVOSTI / REUTERS

Gjennom å byggje opp eit bilete av seg sjølv som ein vernar av russiske verdiar, mellom anna ved å slå ring rundt den ortodokse kyrkja og vere ein sterk mann både fysisk og psykisk, har Putin eit image som ein klassisk, russisk leiar. Dette er ikkje primært eit bilete som går tilbake til Sovjetunionen, men til Det russiske imperiet, ein annan bit av russisk historie som har lagt føringane sine på russisk identitet.

Ei nasjon i bygging

Russland har dei siste 25 åra vore eit land som har prøvd å finne seg sjølv. I likskap med mange andre land har Russland sett tilbake på historia si for å leite etter svar. Det ein har sett i Russland under Putin er eit slags opprør mot vestleg historieskriving etter den kalde krigen og oppløysinga av Sovjetunionen. Der det var forventa at Russland skulle ta fullstendig avstand til 70 år av sovjetisk historie, har russarane no gått i ei anna retning.

Ein har i større grad byrja å byggje identitet rundt det å vere stolte av ein periode der dei var mektige og var ein dominerande del av det internasjonale samfunnet. Då Sovjetunionen vart oppløyst, var oppfatninga av kva Russland sin posisjon skulle vere sprikande.

Der oppfatninga i Russland var at Russland i stor grad skulle arve Sovjetunionens posisjon i det internasjonale samfunnet eller i alle fall bli invitert inn i det gode selskapet, var ikkje dette oppfatninga i dei fleste vestlege land. Dette sette Russland i ein strategisk svakare posisjon for å få gjennomslag for nasjonale interesser.

Obama vs Putin

Eit av mange møter mellom Barack Obama og Vladimir Putin, her frå G8-møtet i Nord-Irland i 2013

Foto: Evan Vucci / Ap

Om ein ser dette i samanheng med den ustabile økonomiske situasjonen kan det verke som om den viktigaste lærdomen for Russland frå det første tiåret etter Sovjetunionens fall var viktigheita av å byggje opp eigen posisjon i verda for å få gjennomslag for nasjonale interesser. Ein viktig del av dette var økonomisk stabilitet og vekst, og å gjere seg viktige i europeisk økonomi mellom anna gjennom å styrke handelen mellom Russland og europeiske land på energiområdet.

Omringa av vennleg innstilte statar

Ønsket om status som maktsentrum var ikkje noko nytt som kom med Sovjetunionen, sjølv om fokuset på kommunistisk ideologi då var nytt. Det russiske imperiet prøvde i hundreår å kome seg inn i det gode selskap i Europa, og veksla mellom å vere meir europeisk for å få innpass og å vende seg vekk frå Europa ved og fokusere meir på euroasiatiske og slavofile idear.

Etter andre verdskrigen fekk Sovjetunionen ikkje berre ein geografisk buffer, men også ein ideologisk buffer vestover

Dette er eit mønster ein kan argumentere for at også Russland har følgt desse siste 25 åra, der 90-talet symboliserte ei vestlegvending ein i større grad har gått bort frå under Putin. Russland posisjon som regional hegemon i det post-sovjetiske området har her også vore viktig.

Grensevoktere anno 1971

To norske soldatar ved grensa til det som den gang var Sovjetunionen i 1971. I dag grenser Russland til Noreg, Finland, Estland, Latvia, Kviterussland, Ukraina, Georgia, Aserbajdsjan, Kasakhstan, Folkerepublikken Kina, Mongolia og Nord-Korea samt Litauen og Polen via Kaliningrad-eksklaven.

Foto: Scanpix / NTB scanpix

For Russland, eit land med eksepsjonelt lange og utsette grenser, har det av reint tryggleikspolitiske årsaker vore viktig å vere omringa av vennleg innstilte statar. Rolla som regional hegemon i dei post-sovjetiske områda har for Russland ikkje vore ideologisk, men strategisk. Jo meir påverknad Russland har over det som blir kalla det nære utlandet, jo lettare er det å ha kontroll over dei russiske grensene.

Etter andre verdskrigen fekk Sovjetunionen ikkje berre ein geografisk buffer, men også ein ideologisk buffer vestover. Det ideologiske behovet er ikkje der i dag, og vurderinga av å ha ein buffer av Russlandsvennlege statar langs grensene sine er no reint pragmatisk. Dette er eit behov Russland vil ha i all framtid uansett kven og korleis ting styrast frå Kreml.

Krim og Georgia

Annekteringa av Krim-halvøya i 2014 har, saman med Georgia-krigen i 2008, blitt sett på som ei oppattaking av gamle, sovjetiske vanar. Sovjetunionen gjekk tidvis militært inn i andre land for å stoppe politisk endring i kommunistiske land i Aust-Europa. Situasjonane skil seg derimot frå dei med tanke på at Russlands militære intervensjonar ikkje var for å støtte opp om eit sittande regime eller forhindre ein revolusjon. Desse intervensjonane har begge vore for å verne om Russlands strategiske interesser.

Russiske soldater på Krim

For to år sidan gjekk russiske soldatar inn og omringa ei ukrainsk militærbase på Krim.

Foto: DMITRY SEREBRYAKOV / Afp

Abkhazia i Georgia har vore kjent for å vere ein smuglarkorridor for mellom anna våpen inn i Nord-Kaukasus. I tillegg er det liten tvil om at Russland hadde eit ønske om at Georgia ikkje skulle gå inn i Nato, då dette ville minske Russlands påverknad i regionen.

Desse handlingane er gjort med eit strategisk bakteppe

Annekteringa av Krim var truleg for å sikre posisjonen til den russiske svartehavsflåten i Sevastopol ved det som såg ut som ei politisk vestlegvendt endring i Kiev. Dette er ikkje handlingar i tråd med oppførselen forventa i det internasjonale samfunnet, og er klart handlingar som må fordømmast. Men det er heller ikkje militære intervensjonar av ein ideologisk natur. Desse handlingane er gjort med eit strategisk bakteppe.

Ei supermakt mindre

I år er det 25 år sidan Sovjetunionen fall og verda gjekk frå eit land med to supermakter til ei. For dei som budde i Sovjetunionen var dette ei dramatisk endring i liv og veremåte, og hadde ikkje berre positive konsekvensar.

Sjølv om ein i dag kan leggje meir i Putin sine ord frå 2005 enn dette, er det vanskeleg å ikkje anerkjenne dette. Vidare i denne talen fokuserte Putin på politisk og økonomisk stabilitet, noko som har vore sentralt i Putin sin retorikk gjennom heile perioden. Dersom ein ser dette i samanheng med situasjonen då, og talen generelt, er dette eit utsegn som primært har fått mykje merksemd fordi Putin ikkje tok direkte avstand frå Sovjetunionen.

Ut ifrå eit maktperspektiv er det framleis betre å vere fiende enn venn

Å tolke eit over ti år gamalt sitat i samanheng med dagens situasjon er ikkje berre uklokt då ein legg inn føringar i eit sitat som langt ifrå er sikkert at er der, men også mindre relevant og høgst spekulativt.

Russland har utan tvil fått meir makt på den internasjonale scenen i opposisjon enn i samarbeid med Vesten som på 90-talet og tidleg 2000-tal. Så lenge dette blir oppfatta som naudsynt eller meir effektivt for å verne om Russlands status og maktposisjon vil dette truleg bli vidareført. Ut ifrå eit maktperspektiv er det framleis betre å vere fiende enn venn. Dette er kanskje den mest sentrale i arven etter Sovjetunionen.

Følg debatten på Twitter og Facebook