Hopp til innhold
Kommentar

Åpne spørsmål

Legg vi 22. juli bak oss, mens Treholt-saka held fram med å forfølge oss - og i så fall kvifor? spør Knut Magnus Berge.

ARNE TREHOLT PST

Konfrontasjon og hemmeleghald prega Treholt-saka, mens 22. juli var åpen og gjennomsyra av frykta for å trå feil. Åpenhet gir mindre grobotn for myter, spekulasjon og konspirasjonar, skriv Knut Magnus Berge.

Foto: PST / NTB scanpix

Denne veka rulla Treholt-saka vidare i Høgsterett, langs kjende spor. Samtidig samla Stortinget seg om eit politisk punktum for 22. juli, mens rettssaka blei avslutta i fjor.

Lærte vi noko?

Misforstå meg rett; det kjem til å kome fleire debattar om 22. juli. Om beredskap, politi og venteleg etterkvart også om dommen; var terroristen tilrekneleg slik lova var å forstå i 2011?

Debattane skal ønskast velkomne. Men er det likevel slik at Treholt-saka lærte oss noko, som kom til nytte då 22. juli terroren måtte handterast?

Svik og fanatisme

Ei spionhistorie frå den kaldaste kalde krigen, og ein terroraksjon hinsides det begripelege. Sakene har knapt noko til felles, utover å være dei to store straffesakene i det moderne Norge.

Slektskapen ligg i at begge saker skaka ein heil nasjon, og dei torpederte forestillingar om Norge som skjerma utkant.

Knut Magnus Berge, kommentator i NRK

Treholt-saka var spionasje på norsk, aust mot vest, jernteppet, kampen mellom dei store ideologiane. 22. juli var terror knytt til motsetningar etter kommunismens fall; flyktningar, fanatisme, Islam som trussel og konspirative forestillingar om Eurabia.

Slektskapen ligg i at begge saker skaka ein heil nasjon, og dei torpederte forestillingar om Norge som skjerma utkant.

Spionasje og terror

Behovet for hemmeleghald og føresetnadane for åpenhet var sjølvsagt heilt ulike. I Treholt-saka for nær tretti år sidan handla det om rikets tryggleik og tilhøvet til andre statar.

22. juli 2011 handla om ein heimeavla terrorist av grotesk kaliber, og den sviktande evna til å stoppe han.

Var det likevel noko å hente på vegen frå kald krig til Utøya?

Konfrontasjon og frykt

At Arne Treholt fortente straff, er det liten tvil om. Men det er heller ikkje særleg tvil om at han kunne vore stoppa mange år før. Vel vitande om mistanken mot Treholt, slapp regjeringa han inn på Forsvarets Høgskule, og sette forsvarshemmelegheter i spel for å samle bevis.

Konfrontasjon og hemmeleghald prega Treholt-saka, mens rettssaka etter 22. juli var åpen og gjennomsyra av frykt for å trå feil.

Tvilsame avsløringar

Hovudproblemet med hemmeleghaldet i Treholt-saka er ikkje å gi grunnar for det, men at det i ettertid er kome stadig nye avsløringar. Også om politimetodar som har vore tvilsame, endog ulovlege.

Konfrontasjon og hemmeleghald prega Treholt-saka, mens 22. juli var open og gjennomsyra av frykta for å trå feil.

Knut Magnus Berge, kommentator i NRK

Saman med Treholts nidkjærhet i å forfølge det han kunne, har avsløringane halde liv i Treholt-saka gjennom åra. Og mange har spekulert; kva var det eigentleg som skjedde?

Faren ved offentlegheit

I Høgsterett handlar det no om lydbandopptak frå Treholt-rettssaka. NRK og andre medier vil ha banda frigitt, det same vil Arne Treholt. Påtalemakta og PST seier nei.

Eit av argumenta er at også lydband og saksdokument frå andre rettssaker vil måtte bli frigitt. Og det er noko i det; at folk som har deltatt i rettssaker, må kunne få fred, bli ferdige med dei. Det er også eit spørsmål om vitnemål gitt i lukka rett, kan avgraderast utan samtykke? Sikkert også eit poeng.

Men hemmeleghaldet har ein pris, og åpenheten vonaleg ein gevinst. Det bør vel med i vurderinga?

Mytar og konspirasjonar

«Mer demokrati, mer åpenhet», sette standarden for handteringa av 22. juli. Det gav også ei heilt særeigen tilrettelegging under rettssaka. Mellom anna med eigne pressekonferansar der både påtalemakt og forsvararar stilte opp dagleg og svara på spørsmål.

Konsekvensen blei at rettssaka som enda med «et svik mot oss alle», hadde gitt «alle» så lite innsyn at mytane og konspirasjonane fekk leve.

Knut Magnus Berge, kommentator i NRK

Noko tilsvarande var sjølvsagt både utenkeleg og umogeleg under Treholt-saka på 80-talet. Men rettssaka som enda med "«et svik mot oss alle», hadde gitt «alle» så lite innsyn at mytene og konspirasjonane fekk leve.

Arva etter Treholt

22. juli dommen er blotta for svulstige vendingar, og heile rettsprosessen er kjenneteika av ønsket om størst mogeleg åpenhet.

Ein erkjennelse av at det som gjekk føre seg måtte tåle historias kritiske blikk, og at det skulle etterlatast minst mogeleg grobotn for myter, spekulasjon og konspirasjonar.

Ei arv frå Treholt-saka?