NRK Meny
Replikk

Annleisdagen

Kampen for annleisdagen søndag handlar ikkje om moralisme. Den handlar om fridom.

Ta det pent

'Kan vi ikkje få behalde fridomen til å leve i eit samfunn på kvilepuls den siste vekedagen', spør kronikkforfattaren. Illustrasjonbiletet viser ein søndagstur i Gausdal.

Foto: Keilen, Berit / NTB scanpix

Denne replikken er eit svar til kronikken «Frihet må trumfe KrFs moralisme», red.anm.

«KrF er et moralistisk parti som tror de vet kva som er best for alle», skriv Unge Høgre-leiar i Oslo, Jenny Clemet von Tetzschner i ein kronikk for søndagsopne butikkar.

Det er sjølvsagt heilt legitimt å argumentere for meir søndagsshopping, men å klistre merkelappen «moralistar» på dei som ønskjer å bevare dagens ordning med søndagsfri hamnar i kategorien useriøst.

Fordi kampen for annleisdagen ikkje handlar om moral. Den handlar om å gje menneske fridom frå brorparten av det kommersielle maset ein dag i veka. At folk ein dag i veka kan få nyte det eit samfunn med kvilepuls har å by på. Til det har søndagen fungert utmerka til no. And if it ain’t broken – don’t fix it.

FØLG DEBATTEN: Ytring på Facebook

Kollisjon mellom individualisme og fellesskap

Argumentasjonen frå høgresida og liberalistane for søndagsopne butikkar kan likne på det synet Margaret Thatcher forfekta då ho sa: «There is no such thing as a society». Kampen om søndagsopne butikkar er i realiteten ein frontkollisjon mellom individualisme på den eine sida og fellesskap på den andre, og det er ikkje mogleg å møtast på midten til eit kompromiss.

To tredjedelar av det norske folk ønskjer å halde på annleisdagen slik den er.

Emil André Erstad, KrFU

Tilhengarane av søndagsopne butikkar argumenterer med at dei ikkje vil fjerne kviledagen, men at folk skal få bestemme over når dei tar ut sine kviledagar sjølv. Det høyrest eigentleg ganske forlokkande ut, men sanninga er at det ikkje er praktisk mogleg. For anten har samfunnet kvilepuls ein dag i veka, eller så har det ikkje det. Annleisdagen er ikkje eit prosjekt enkeltmenneska kan stable på beina åleine.

Vil prege folks kvardag

To tredjedelar av det norske folk ønskjer å halde på annleisdagen slik den er. Dei som vil opne for søndagsshopping spør kvifor det då er så farleg med søndagsopne butikkar, viss folk likevel vil halde seg heime?

Det argumentet kan anten tyde på utprega naivitet ovanfor konsekvensane eller at ein ikkje er heilt ærleg i argumentasjonen.

Ingen kan vel tru at søndagsopne butikkar ikkje vil ha noko påverking på livet til alle dei som ønskjer å bruke søndagen til andre ting. Sjølvsagt vil søndagsopne butikkar prege folk sin kvardag. For eksempel må nokon jobbe i butikkane, nokon må sørge for at folk kjem seg til butikkane og nokon må passe borna til dei som skal jobbe i butikkane.

FØLG DEBATTEN: @NRKYtring på Twitter

Ikkje meir fridom, men mindre

Lista over ringverknader er lang. Det er grunnen til at næringa, LO, NHO og Virke ikkje ønskjer søndagsopne butikkar. Dei ser at ei opning for søndagsopne butikkar, faktisk vil bety søndagsopne butikkar. Kven vil vel halde stengt viss nabobutikken heldt ope?

Kan vi ikkje få behalde fridomen til å leve i eit samfunn på kvilepuls den siste vekedagen?

Emil André Erstad, KrFU

Ved å la butikkane halde ope på søndagar, seier ein at søndagen skal vere som alle andre dagar. Ein tar bort mykje av fridomen og moglegheita til ro, kvile og rekreasjon som søndagen gir for det store fleirtalet nordmenn i dag. Det er ei politisk oppgåve å verne om denne fridomen, like mykje som Clemet von Tetzschner meiner det er ei politisk oppgåve å gjere det motsette.

Sjølv tilhengarane av å avvikle annleisdagen, bør kunne anerkjenne at kvaliteten på ein slik dag avheng av den kollektive karakteren den har. Min påstand er at søndagsopne butikkar ikkje vil skape meir fridom, men mindre. Seks vekedagar er allereie fullt overgitt til marknadskreftene.

Kan vi ikkje få behalde fridomen til å leve i eit samfunn på kvilepuls den siste vekedagen?