NRK Meny
Kronikk

Ambulansekommandosoldatar

Det er langt mellom politifolka i Norge. Me løyser ikkje det problemet ved å senda ut ambulansepersonell i staden for.

Ambulanse Oslo

Helseministeren har sendt på høyring nye rutinar for korleis helsepersonell skal forholda seg til usikra skadestader. Korleis bør ambulansepersonell oppføre seg i møte med utrygge situasjonar?

Foto: Grøtt, Vegard Wivestad / NTB scanpix

Ein stad på Vestlandet, ein gong i fjor: Fire menneske ligg omkull nede i kahytten i ein fritidsbåt. Dei har besvimt av kullosforgifting. Det er mørkt, trongt og umogeleg å få lufta uttidsnok, så med stor fare for eige liv og helse får personalet frå den fyrste ambulansen på staden henta ut alle saman. Hadde dei venta på brannvesen og politi, hadde alle fire i båten høgst truleg døydd.

Litt tidlegare på sommaren, same stad: Ein ambulanse nektar å utføra oppdraget dei blir tildelt. Dei kjenner personen som bur på adressa, og veit at det har vore vald ved tidlegare utrykkingar. Mot AMK si vurdering ventar dei på politiet. I utgangspunktet er begge desse tilfella i strid med reglane.

Gjennomgang etter 22. juli

Helseministeren har sendt på høyring nye rutinar for korleis helsepersonell skal forholda seg til usikra skadestader. Slik det er no er reglane klare: Dei skal halda seg unna inntil politi og/eller brannvesen har erklært området trygt. Gjennomgangen kjem etter reaksjonar på at fleire titals ambulansar stod tilsynelatande virkeslause oppe i vegen ved Utvika 22. juli, medan ofre og frivillige kjempa for livet i vatnet og fjøresteinane. 22. juli-kommisjonen kallar det «et paradoks» og skreiv at «Helsepersonell har en handlingsplikt når liv og helse står på spill».

Når ambulansen køyrar fleire mil for å koma fram, forventar ein at den ikkje stoppar 50 meter unna.

Ingebjørn Bleidvin, lege

No skjedde det rett nok meir i og rundt ambulansane enn ein såg på flyfoto, men når ambulansen har køyrt fleire mil for å koma fram, forventar ein at den ikkje stoppar nokre titals meter unna. På Vestlandet har problemstillinga igjen kome opp etter trippeldrapet på bussen i Årdal, der det var brannmannskaper som fyrst pågreip gjerningsmannen.

FØLG DEBATTEN: NRK Ytring på Facebook.

Kva skjer med kvardagsberedskapen?

Ulike nyordningar har vore foreslått. Ein er å oppretta spesialtrente lag av helsepersonell som kan rykka ut saman med politiet, og utøva fyrstehjelp parallelt med politiaksjonen. Dette hjelper derimot lite når det ofte er nettopp politiet si utrykkingstid som er problemet. Sjølv om politiet fekk disponera Redningstenesta sine helikopter, kan det framleis ta ein time å rykka ut til Bergen, slik artiklar i Bergens Tidende har vist.

Me kan ikkje basera oss på ambulansekommandosoldatar som nedkjempar skurkar med høgrehanda og bandasjerar med venstre.

Ingebjørn Bleidvin, lege

I tillegg ville dette berre vera ei løysing for bynære strok og Indre Austland. I Norge kan me ikkje basera oss på ambulansekommandosoldatar som nedkjempar skurkar med høgrehanda, bandasjerer knivstikk med venstre og styrer hjartestartaren med stortåa. Me må klara oss med den jamne legevaktslege og ambulansearbeidar, og dei kan det vera langt mellom. Skal reglane endrast, og vanleg helsepersonell i større grad gå inn i usikra situasjonar, må me sjå på korleis dette vil påverka den daglege beredskapen rundtom i landet.

Den einsame ambulansen

På min førre arbeidsstad, Stokmarknes i Vesterålen, har delar av regionen opp mot to timars køyretur til både sjukehus og legevakt. God ambulansedekning gjer opp for dette, men det er tynt med reservar. Dersom ein ambulanse vert sett ut av spel på ein skadestad, er det lenge å venta på neste. Skal ein så verdifull ressurs som denne einsame ambulanse utsetjast for fare, vil det krevja utdanning, trening, utstyr, og ikkje minst nokre tunge prinsipielle avklaringar.

Dei færraste av oss er godt rusta til å møta vold.

Ingebjørn Bleidvin, lege

Dei færraste av oss er godt rusta til å møta vald. I møte med truslar, slag eller våpen vil dei fleste flykta, eller frysa hjelpelaust til. Dette er ein av grunnane til at politiutdanninga er ei treårig høgskuleutdanning der til dømes «Arrestasjonsteknikk» er eit eige fag. Ambulansefaget på si side er ei vidaregåande-utdanning, der helse naturleg nok tek mest plass. «Håndtere aggressive og truende personer» inngår som eitt av 39 kompetansemål i lærlingtida.

Ambulansar vil ofte ha 18–19-årige lærlingar med seg. Forventningar om at ein skal rykka inn eller ta tak før politiet kjem kan setja både lærlingar og meir erfarent følgepersonell i ei vanskeleg knipe. Er det tilrådeleg å ta lærlingen med inn i situasjonen, eller la han vera att i bilen åleine? Kva om liv går tapt fordi det tilfeldigvis var ein lærling på jobb den dagen? Det er stor forskjell på «hald deg unna til du får beskjed om noko anna» og «Du kan rykka inn om du trur det går bra».

Vil fare påverka rekrutteringa?

Rett nok skal ein ikkje bli for naive og prinsipielle. Det vil vera situasjonar der det er menneskeleg umogeleg å ikkje gripa inn, som når fire personar ligg få meter unna og garantert vil døy om du ikkje tek sjansen på å henta dei ut.

Kva om liv går tapt fordi det tilfeldigvis var ein lærling på jobb den dagen?

Ingebjørn Bleidvin, lege

Helsepersonell vil også uvegerleg oppleva truslar og potensiell fare på jobben. Som turnuslege opplevde eg at ein tilsynelatande roleg pasient i akuttmottaket brått gjekk fullstendig av hengslene, slo og trua alle rundt seg på livet, og måtte haldast fast av fire solide karar ein halvtime til politiet kom.

Erfarent personell kan stå i slike situasjonar og samtidig planlegga kva dei skal ha til middag i morgon, og det finst ein god del blåljos-cowboyar rundtom i landet som slett ikkje har noko imot litt action. Desse er derimot ein utdøyande rase, og ein må vurdera korleis auka eksponering for fare vil påverka rekrutteringa. Ein ekstra faktor her er at stadig fleire av dei tilsette på legevakt og ambulanse er unge kvinner.

Ubehageleg rolleblanding

Praktiske problem kan ein alltids freista å utdanna og løyve seg bort frå. Den viktigaste innvendinga mot endringar er til sjuande og sist prinsipiell: Det skal aldri vera tvil om at helsevesenet kjem for å hjelpa. Ingen skal føla frykt når dei ser ein ambulanse. Skal helsepersonell utsetja seg for fare, vil det på eit eller anna tidspunkt koma krav om å kunna forsvara seg. Er det greitt å ha pepperspray i ambulansen? Våpen?

Er det greitt å ha pepperspray i ambulansen? Våpen?

Ingebjørn Bleidvin, lege

Tilliten til Helse-Norge blant folk flest ville ikkje ha kollapsa om ein robust, garva ambulansesjåfør fika til ein utagerande person og sette seg på han til politiet kom. Men det er unekteleg ei ubehageleg samanblanding av roller.

Det er lett å sitja og vera prinsipiell når ein aldri desperat har venta på hjelp frå sirener og blåljos, når ein aldri har mista nokon fordi hjelpa ikkje kom fram i tide. Det er likevel verdt å merka seg at helsevesenet i hovudsak fekk skryt for innsatsen 22. juli, og at det i vesentleg grad lukkast fordi folk følgde innarbeidde reglar og rutinar. Nettopp difor kan det vera farleg å endra ein av dei mest grunnleggjande: sikkerheit fyrst.