Hopp til innhold
Kronikk

Alle sjefar bør ha meisterbrev

I dag er det altfor enkelt å etablere ei bedrift.

Snekker som lager takkonstruksjon

Vi foreslår å straks innføre krav om meisterbrev for nye verksemder, og for eksisterande verksemder frå 2024, skriv SV-politikar Solfrid Lerbrekk.

Det er på høg tid å ta eit realt oppgjer med svart økonomi og sosial dumping. Me må stille strengare krav til kven som kan starte ei bedrift innan utsette bransjar. I dag er det nesten ingen krav for å starte ei bedrift.

Det er svært enkelt å tene seg rik utan å kjenne på samfunnsansvar. Det er ingen krav om kjennskap til faget, eller til ansvaret det inneber å vere arbeidsgjevar. Det er ikkje krav til kunnskap om rapportering, skattebetaling, kvalitetsvilkår, eller til korleis ein skal føre ein ungdom fram til fagbrev.

Meisterbrev har vore ein lang tradisjon innanfor fleire handverksfag.

Den delen av tenestesektoren som rettar seg mot private kundar, har store utfordringar med seriøsitet både når det gjeld skattemoral og sosial dumping. Dette gjeld spesielt i utsette bransjar som bygg og reinhald, men også for eksempel i frisørbransjen. Konkurransen er hard, og hardast for dei bedriftene som ønskjer å drive seriøst.

Fram til 1986 hadde me eit krav om handverksbrev for å drive ei bedrift innan handverksfag. Ordninga blei avskaffa av Willoch-regjeringa i 1986 utan at det blei stilt andre krav. Dette var eit frislepp for å etablere og drive bedrifter. Det har vist seg å vere eit feilgrep.

Som ein tømrarmeister uttrykkjer det: Einaste kravet for å etablere ei handverksbedrift i dag, er at du har målbar puls.

Ein meister kjenner ansvaret sitt, har yrkesstoltheita i boks, og veit korleis ein driv butikk på ein seriøs måte. Kvalitet kostar, og det gjer lærlingar også.

Kvalitet kostar, og det gjer lærlingar også.

Eg er sjølv fagarbeidar, og kjenner godt verdien av ein seriøs arbeidsgjevar som investerer i kompetanse, betaler den lønna som er riktig og bidrar med å føre fag vidare til neste generasjon.

Dette er ikkje noko vi kan gamble med. Difor må det sterkare lut til i kampen mot useriøse bedrifter.

Regjeringa gjer altfor lite for å stille krav til arbeidsgjevarar og næringsdrivande, og meiner tvert imot at marknaden skal ordne opp sjølv. Regjeringa skriv i plattforma si at meister skal vere like viktig som master. Eg hadde difor venta at dette kom til uttrykk i regjeringa sin politikk. Men det gjer det ikkje.

Meisterbrev er den høgaste utdanninga i handverksfaga. Ein meister har rett til å ha lærlingar i faget og drive opplæring av desse fram til fag- eller sveineprøve. Det er i dag rundt 17000 aktive handverksmeistrar i Noreg, og utdanninga har ein svært lang tradisjon attende i tid.

Eit krav om å ha meisterbrev for å drive ei verksemd i bestemte fag, vil føre med seg klare fordelar i mange næringar. Meisterbrev er ein kvalifikasjon som krev at ein har fagbrev, kjennskap til faget sitt og eit gitt antall år med praktisk erfaring.

Det er svært enkelt å tene seg rik utan å kjenne på samfunnsansvar.

I tillegg har ein meister fått opplæring og tatt eksamen i bedriftsleiing, kvalitetskrav og arbeidsgjevarkompetanse. Meisterbrev har vore ein lang tradisjon innanfor fleire handverksfag. Difor er strukturen allereie etablert, og det vil vere relativt lite omveltande å innføre eit slikt krav.

Men det tar tid å ta mesterbrevutdanning. Me vil difor føreslå å innføre krav om meisterbrev for nye verksemder i dag, og for eksisterande verksemder frå 2024.

Oslomodellen er eit omgrep brukt i dagens debatt. Det er ein svært god modell som løftar seriøsiteten i byggjebransjen i Oslo. Men for å ta knekken på nokon av utfordringane i privatmarknaden, må det heilt andre grep til.

Eit krav om meisterbrev for å drive ei bedrift vil heller ikkje løyse alle utfordringar arbeidslivet står overfor. Men eg meiner dette tiltaket er eit viktig og heilt nødvendig steg på vegen.

Vi skal ha fagarbeidarar med yrkesstoltheit og god utdanning også i framtida. Vi treng faktisk mange fleire av dei. Det krev at me tar grep og sørger for seriøse bedrifter der unge med praktiske talent kan få utvikle sine føresetnader og evner, og byggje landet.