Slik bør vi møte terroristar på heimebane

I likskap med i Noreg er rekruttering til IS ein stor trussel i Storbritannia. Vi må opplyse unge muslimar før det er for seint.

POD/ REUTERS PICTURES OF THE DECADE

7. juli 2005 blei tre undergrunnsbaner og ein buss bomba i terroråtaket på London. Rekruttering av terroristar er ein stor trussel mot Storbritannia, skriv tidlegare BBC-korrespondent Margaret Gilmore i denne kronikken.

Foto: DYLAN MARTINEZ / REUTERS
Margaret Gilmor byline
Seniorforskar ved Royal United Services Institute, London
Kronikkvignett Ytring

Fram til no har IS først og fremst vore aktive i Midtausten. Videoen av drapet på James Foley avslørte ein større ambisjon: Å spreie bodskapen til eit globalt publikum ved å bruke britar som snakkar engelsk. Enkelte av britane som kjempar i Syria og Irak har vore meir spesifikke i sine truslar om å ta kampen med seg heim. Risikoen for at nokre vil returnere hardna med terroristtrening, og enda meir frustrert av det dei har sett på slagmarka, blir med god grunn sett på som ein stor trussel.

I fleire nylege rettssaker har det kome fram at eit mindre tal krigarar har planlagt angrep ved retur til Storbritannia. Ein massiv innsats blir lagt ned for å spore, arrestere og forhøyre dei som har kome tilbake. Cirka 250 av dei 500 som har kjempa i Syria har allereie returnert (men mange fleire har truleg reist dit i skjul).

LES OGSÅ: Frykter massakre dersom IS inntar Aleppo.

Svak terrorlov

Sidan 11. september 2001 har nye antiterrorlover i Storbritannia ofte blitt innført i all hast, som respons på forferdelege terroråtak. Mange av desse lovene har seinare vist seg å vere mangelfulle i retten, til og med i strid med Europarådets konvensjon om menneskerettar som Storbritannia har forplikta seg til. Eit døme på dette er forvaringsordren, som i praksis gir myndigheitene makt til å sette mistenkte i husarrest. Etter rettslege innvendingar har denne gradvis blitt innskrenka og erstatta med ei svak, svært ineffektiv og lite brukt terrorlov.

Britiske politikarar foreslår no vidare lovgjeving etter det barbariske drapet på James Foley.

Margaret Gilmore, seniorforskar

Vi har i dag tilstrekkeleg med lover som avgrensar rørslene til mistenkte terroristar og straffar religiøst motivert hat og planlegging av terrorisme. Dei siste månadane har 23 britar fått passa sine mellombels inndratt for å hindre at dei reiser til Syria og Irak. Likevel foreslår britiske politikarar no vidare lovgjeving etter det barbariske drapet på James Foley.

SJÅ OGSÅ: Gårsdagens «Debatten» om ekstremisme.

Fjerne ekstremt innhald frå nett

Slike reflekshandlingar frå politikarane er ikkje å tilrå. Men det kan vere nyttig å sjå på Storbritannias evne til å takle terrorisme, spesielt på to områder.

Det verkar som om ekstremistane verken er stolte av å vere britiske eller føler lojalitet til landet.

Margaret Gilmore, seniorforskar

Det eine gjeld ein plan om å styrkje The Serious Crime Bill, som gjer det ulovleg å reise til utlandet for å førebu seg og trene på å utføre terror. For det andre må myndigheitene løyse den vanskelege oppgåva med å hindre at terroristar utnyttar Internett til rekruttering. Dei må, gjennom tøffare lovgjeving, sikre at valdeleg og ekstremt materiale blir fjerna frå nettet raskast mogleg. Ingen undervurderer vanskane med å innføre lover for cyberspace. Men å fjerne ekstremistiske nettsider og gjere kunnskap tilgjengeleg er avgjerande.

FØLG DEBATTEN: NRK Ytring på Facebook.

Det overtydande motargumentet

Lover kan ikkje åleine stoppe flaumen av framandkjemparar. Denne lovgjevinga må gå hand i hand med kampen mot den effektive propagandaen som IS og andre grupper står for. Dei som reiser til Syria for å kjempe rekrutterer fleire heime via internett, raskare enn nokon av forsøka på å stoppe dette. Vi treng eit meir overtydande motargument. Så langt har ikkje arbeidet til britiske muslimske lokalsamfunn og årevis med initiativ frå myndigheitene verka effektivt nok.

Fengsel og universitet har vore fruktbare grobotnar for dei ekstreme miljøa.

Margaret Gilmore, seniorforskar

Det må det gjere. Unge muslimar må forstå og tru på dei religiøse tolkingane og synspunkta til det store, moderate muslimske samfunnet. Dei må forstå at dei kan vere ein del av det britiske samfunnet og framleis hjelpe undertrykte muslimar i utlandet. Dei må forstå at barbarismen til grupper som IS ikkje er «kul», men uakseptabel og feil. Dei må forstå at IS drep fleire muslimar i sine kampar mot lokale fiendar i Midtausten enn menneske av nokon annan religion.

Muslimske familiar og samfunn, foreldre, brør, søstrer, vener kan ikkje vere tilfreds med dette, for det er religionen islam som urettferdig blir brakt i vanry av IS.

Generasjonsgap

Kvifor er radikalisering eit stort problem i Storbritannia? Det verkar som om ekstremistane, anten dei er høgt utdanna eller ikkje, anten dei er fødde her eller ei, verken er stolte av å vere britiske eller føler lojalitet til landet. Fengsel og universitet har vore fruktbare grobotnar for dei ekstreme miljøa.

I nokre tilfelle har eit generasjonsgap mellom eldre og yngre muslimar forverra situasjonen. Foreldre som har sett søner eller døtrer reise til Syria for å krige seier at dei ikkje visste om planane eller følgde med på nettaktiviteten deira. Generasjons- og kunnskapsgapet må jobbast med og kommunikasjonen mellom dei ulike aldersgruppene må bli betra.

Treng kunnskap

Det er viktig å hugse på at dei som er ekstreme og valdelege framleis representerer ein minoritet. Politiet som jobbar med å identifisere desse klagar ofte over at heile byrda med å stoppe radikalisering er lagt på dei. Dei viser til at i nokre områder der ekstremismen florerer er det ikkje godt nok samarbeid mellom politiet, skulane og helse- og sosialarbeidarar til å identifisere sårbare unge. Unge som ikkje berre er frustrert over sitt daglege liv i Storbritannia eller føler seg avskorne frå det vestlege livet, men også har den sjeldne og farlege psykologiske evna til å utføre ekstreme valdshandlingar.

Dette problemet er ikkje avgrensa til Storbritannia.

Margaret Gilmore, seniorforskar

Dette problemet er ikkje avgrensa til Storbritannia, men landet tar ei leiande rolle i å motverke straumen av krigarar som reiser til Syria og no, Irak. Ekstremistar frå Belgia, Portugal, til og med USA, har også reist til Syria for å kjempe. Desse landa vil vere svært interessert i å jobbe med Storbritannia for å underminere IS og finne nye måtar å stanse straumen av krigarar til utlandet. Å opplyse misfornøgde unge muslimar før det er for seint bør vere prioriteten no.

Kronikkforfattaren har jobba for BBC i 19 år, som korrespondent og programleiar. Ho har skrive boka The Terrorist Hunters og er ekspert på tryggingspolitikk. Kronikken er omsett frå engelsk av redaksjonen.