Kronikk

Å leve lenge i landet

Det er relativt lett å sjå ansvaret ein har i samfunnet når ein er medeigar i ei stor bedrift i eit lokalsamfunn på Sunnmøre.

KLEVEN VERFT AS

Den globale dimensjonen er det mest utfordrande når samfunnskontrakten skal tolkast i vår tid, skriv Kjersti Kleven. Verftet Kleven ligg i Ulsteinvik.

Foto: Harald M. Valderhaug

Denne kronikken er ein del av vår serie om samfunnskontrakten. Se egen faktaboks.

Gründeren Marius Kleven gav denne beskjeden til sine tilsette: «Vi skal gjere godt arbeid og vere til å stole på.» Marius var min farfar, så vi er 3. generasjon eigarar i Kleven i dag.

Denne enkle setninga er framleis verdigrunnlaget som vår forretningsførsel skal vere tufta på, både strategisk og i dagleg drift. Det er eit enkelt, men stort løfte som vi kvar dag skal leve opp til overfor kundar, tilsette, leverandørar, eigarar og samfunnet rundt oss. Dette er vår samfunnskontrakt.

FØLG DEBATTEN: Ytring på Facebook

To dyktige smedar

Marius var ein av to dyktige smedar som for nærare 100 og 70 år sidan starta kvar si smie for å lage reiskapar til lokale småbrukarar og fiskarar.

Det er eit enkelt, men stort løfte som vi kvar dag skal leve opp til overfor kundar, tilsette, leverandørar, eigarar og samfunnet rundt oss. Dette er vår samfunnskontrakt.

Kjersti Kleven, medeigar og styreleiar i Kleven Maritime AS

Denne kunnskapen har utvikla seg til at vi i dag byggjer verdas mest avanserte offshore-serviceskip.

Vi har to skipsverft med til saman 650 tilsette og sysselsetter om lag det dobbelte på anlegga våre, inkludert underleverandørar som har oppdrag på verfta. I 2012 omsette Kleven for 2,8 mrd kr og tente 258 mill kr før skatt.

«Vi»

Å bygge eit skip er altså ingen soloprestasjon. Med over 70 ulike fag på verftet, stiller det svært store krav til samarbeid og lagånd. Styreleiar og konsernsjef hadde vore til lita nytte utan at prosjektleiar og produksjonssjef hadde eit godt samarbeid eller at lærlingar vart godt følgt opp av sine leiarar.

«Vi» handlar også om å sjå kunden sine behov og jobbe tett med hans team. Vidare må vi heile tida finne gode løysingar med leverandørar. Så skal vi vere ein aktiv medspelar i samfunnet rundt oss, enten det gjeld nødvendig infrastruktur som ei stor industribedrift treng lokalt, eller det å gjere sin innsats i bransjesamarbeid på alle nivå. Kleven som sponsor og aktiv brukar av lokalt kulturliv må heller ikkje gløymast.

Godt arbeid

Vi skal vere ein aktiv medspelar i samfunnet rundt oss, enten det gjeld nødvendig infrastruktur som ei stor industribedrift treng lokalt, eller det å gjere sin innsats i bransjesamarbeid på alle nivå.

Kjersti Kleven, medeigar og styreleiar i Kleven Maritime AS

Å stå for kvalitet i alt ein gjer er ein viktig føresetnad for at ei bedrift skal bidra til samfunnsutviklinga. I Norge må industribedrifter som skal overleve vere i fremste rekke på kvalitet og produktivitet. Kvalitet er det som driv fram løysingar som er til beste for miljøet; å gjere ting rett første gang, ha rasjonell ressursbruk, investere i moderne produksjonsverktøy og utvikle kvalitetsskip som treng mindre energi for ei levetid som er lenger.

Kleven har valt å bli ISO-sertifisert både etter miljø- og kvalitetsstandardane som dokumentasjon av og verktøy for vidare kvalitet. Skal ein stå for trygge arbeidsplassar må både prosessar og produkt vere i kontinuerleg utvikling.

Til saman er dette også samfunnet sin kompetanse. Vi får ingen utdannings- eller forskingsmiljø på høgt nivå utan at nasjonal industri er brukar og medutviklar av kunnskapen.

Vi får ingen utdannings- eller forskingsmiljø på høgt nivå utan at nasjonal industri er brukar og medutviklar av kunnskapen.

Kjersti Kleven, medeigar og styreleiar i Kleven Maritime AS

Til å stole på

Utan tillit får vi eit dyrt samfunn med store kostnader knytt til å inngå avtalar, kontrollere gjennomføring og rapportere resultat. Kontraktar skrivne på serviettar finst ikkje lenger og alle relasjonar i nærings- og samfunnsliv blir meir formaliserte. Eit viktig internasjonalt konkurransefortrinn for norsk industri er likevel at vi framleis er veldig uformelle på mange område – ikkje minst i måten mykje innovasjon skjer på.

All norsk industri er i dag meir eller mindre internasjonal og vi møter ulike kulturar for tillit. Det er grunnleggjande for samfunnskontrakten at ein har ærlege hensikter, opptrer i samsvar med gjeldande lovgjeving der ein opererer og forvaltar dei ressursane ein har fått tilgang til forsvarleg. Det lokale fundamentet i Norge er grunnlaget for kva haldningar og verdiar vi tar med oss ut i den globale marknaden vi konkurrerer på og korleis vi opptrer som del av ei global verdikjede.

FØLG DEBATTEN: @NRKYtring på Twitter

Globale dilemma

Den globale dimensjonen er det eg trur har endra seg mest og som er mest utfordrande når samfunnskontrakten skal tolkast i vår tid. Det er relativt lett å sjå ansvaret ein har i samfunnet når ein er medeigar i ei stor bedrift i eit lokalsamfunn på Sunnmøre. Når ein set i styrerommet i eit internasjonalt konsern er det lett å misse av syne at ei kvar avdeling av selskapet er ei lokal bedrift.

Det lokale fundamentet i Norge er grunnlaget for kva haldningar og verdiar vi tar med oss ut i den globale marknaden

Kjersti Kleven, medeigar og styreleiar i Kleven Maritime AS

Kombinert med standardiserte rapporteringskrav om bedrifta sitt samfunnsansvar, gir det til dels utslag i årsrapportar som i uangripelege ordelag, formulert hos eit innleigd kommunikasjonsbyrå og ikkje i styrerommet, fortel om korleis selskapet integrerer samfunns- og miljømessige omsyn i strategi og dagleg drift. Faren er at det viktigaste blir å rapportere at ein gjer noko, ikkje å sjå på resultata.

I arbeidet med dei faktiske resultata oppstår det mange dilemma som ikkje har klare svar når ein tar det lokale perspektivet globalt. Kvardagen er veldig nyansert for dei som står midt i den med verneskoa på. Debatten om dette blir raskt på overskriftsnivå og prega av det politisk korrekte.

Samfunnskontrakten i dag

Som industrieigar ser eg det framleis som mitt viktigaste samfunnsoppdrag å bidra til den lokale og nasjonale verdiskapinga gjennom sysselsetting, økonomisk utvikling og teknologisk utvikling.

Vi som har som mål å leve lenge i landet, må gjere dette på ein måte som tar omsyn til samfunnet og miljøet rundt oss og i samspel med dei vi er avhengige av for å skape verdiane.