Hopp til innhold
Kronikk

Dra i naudbremsa!

Regjeringa har foreslått kraftige verkemiddel for å overvake norske borgarar. Kan nokon stoppe dei? Ja, tre personar. Men dei må ville.

laptop

Skal politiet enklare få sjå alt du har på nettbrettet ditt, sjølv om du ikkje er i ferd med å gjere noko kriminelt? «det er grunn til å frykte at eit stortingsfleirtal ønskjer å gi politiet tilgong til langt meir inngripande virkemiddel enn dei har i dag for å ta seg inn i våre private heimar, mobiltelefonar og datamaskiner», skriver kronikkforfatteren.

Foto: Colourbox

Kjære Hadia, Jenny og Kjell Ingolf: Dra i naudbremsa!

Regjeringa har foreslått at politiet skal kunne spionere på datamaskina di. Utan at det treng å ligge føre konkret mistanke mot deg. Og det gjeld ikkje berre dei meldingane og samtalen du måtte ha med andre personar. Det gjeld også det du noterer for deg sjølv i ei privat dagbok. Eller dei sidene du besøker på internett.

Med dette tek overvakingssamfunnet eit steg nærare oss alle. No er det ikkje berre det du seier som skal kunne overvakast. Det er også det du tenkjer, ser på og noterer for deg sjølv.

Auka overvaking

Medan debatten om det store spørsmålet i vår tid, 80 kroner miljøavgift på flyreiser, har rast over landet, har justiskomiteen på Stortinget førebudd innføringa av eit heilt nytt overvakingsregime. Fleirtalsinnstillinga er like rundt hjørnet, og det er grunn til å frykte at eit stortingsfleirtal ønskjer å gi politiet tilgang til langt meir inngripande verkemiddel enn dei har i dag for å ta seg inn i våre private heimar, mobiltelefonar og datamaskiner.

Med dette tek overvakingssamfunnet eit steg nærare oss alle.

Det alvorlege er ikkje berre at det vert foreslått å gi politiet tilgang til svært inngripande og skjulte verkemiddel som dataavlesing. Det aller mest alvorlege er at terskelen for å bruke desse verkemidla blir sett så lågt at den nærast berre er å traske over.Dersom «det er grunn til å undersøke om noen forbereder en handling», til dømes å setje fram trugsmål mot Anders Anundsen, kan PST starte hacking av datamaskina di og registrere alt du gjer der. Det treng ikkje ein gong vere kvalifisert mistanke om at du er i ferd med å gjere noko kriminelt. Det er tilstrekkeleg at det er «grunn til å undersøke» dette. Og det er heller ingen hinder i vegen for at politiet kan plukke opp informasjon om heilt andre spørsmål medan dei overvakar datamaskina di. Dette er ein type innbrot i datasystem som normalt er straffbart. Med god grunn.

Sett foten ned

Så vil sikkert regjeringa svare at dette ikkje er så farleg, fordi det blir så høg terskel for å bruke denne overvakingsmetoden. Med domstolskontroll og alt mogleg. Ja, det er som regel slik nye overvakingsmetodar blir innført. Men så kjem problemet: Ein senkar terskelen etter kvart. Ein treng ikkje sjå lenger enn til regjeringa sitt eige lovforslag for å finne eit døme på dette. Fram til no har det vore nødvendig med tilknyting til organisert kriminalitet dersom ein skal bruke romavlytting i drapssaker. Den terskelen blir no fjerna.

Kritikken frå Advokatforeningen og Datatilsynet har vore særleg hard. Men kva gjer vel det, så lenge politiet ønskjer desse virkemidla?

Mange har reagert på forslaga frå H/Frp-regjeringa. Kritikken frå Advokatforeningen og Datatilsynet har vore særleg hard. Men kva gjer vel det, så lenge politiet ønskjer desse verkemidla? Politiets ønskjer var trumfkortet som overkøyrde alle innvendingar i spørsmålet om datalagringsdirektivet. Og dei ser ut til å vinne fram også denne gongen.

Med mindre Hadia Tajik (Ap), Jenny Klinge (Sp) og Kjell Ingolf Ropstad (KrF) set foten ned. Regjeringa treng berre å ha med eitt av desse partia på laget for å sikre fleirtal i justiskomiteen. Spørsmålet blir om Ap, Sp og KrF er villige til å prioritere personvernet framfor politiet sine ønskjer om å vite stadig meir om oss alle. Eg håpar på det. Og difor er mi og Venstre si innstendige bøn til Hadia, Jenny og Kjell Ingolf: Dra i naudbremsa. Dette er å gå for langt. Og det finst neppe nokon veg tilbake.

FØLG DEBATTEN: NRK Debatt på Facebook og @NRKYtring på Twitter