NRK Meny
Normal

Forskarane som fronta vaklande teoriar

Dei var anerkjente forskarar som nekta å innsjå at dei tok feil, sjølv etter at teoriane deira var forlatne av dei fleste kollegaer.

Lord Kelvin og Fred Hoyle

Fysikar Lord Kelvin og astrofysikar Fred Hoyle var anerkjente forskarar som forsvarte teoriar ingen lenger trudde på.

Foto: Wikimedia Commons/Cardiff University/montasje NRK

I artikkelen Seniorsaken i Morgenbladet samanliknar forskarane Bjørn Samset og Henrik Svensen gruppa av klimaskeptiske akademikarar med dei aldrande motstandarane av platetektonikk-teorien, ein teori som i dag er breitt akseptert blant geologar og geofysikarar.

Om klimaskeptikarar verkeleg er talsmenn for eit forelda syn, mens klimaforskarar representerer eit nytt paradigmeskifte, vil historien vise.

For utanforståande kan det uansett verke underleg at etablerte forskarar vel å stå last og brast med teoriar som andre ser på som avleggs, men førsteamanuensis Rasmus Slaattelid ved Senter for vitskapsteori ved Universitetet i Bergen har ei forklaring:

– Vitskapleg forsking er som vi veit ein grundig og langsam prosess. Å nå eit høgt nivå krev mykje tid og arbeid og er ei langsiktig investering. Å gje alt på båten for å bygge seg opp på nytt er ikkje veldig attraktivt, og i ein slik situasjon kan vel rolla som akademisk stabeis framstå som eit respektabelt alternativ.

Her presenterer vi forskarar som haldt med «tapar-teoriar» i viktige vitskaplege paradigmeskifte, sett i etterpåklokskapens lys.

Lord Kelvin og jordas alder

Lord Kelvin William Thompson

Willam Thompson, seinare kjent som Lord Kelvin.

Foto: Wikimedia Commons

Fysikaren William Thomson, seinare kjent som Lord Kelvin, er rekna som ein av grunnleggjarane av termodynamikken. Men lorden var også involvert i kontroversen om jordas alder, ei sak han ikkje kom så godt ut av.

Kelvin sine utrekningar av kor lang tid ei i utgangspunktet glødande jord ville bruke på å kjølne ned til dagens tilstand gav at jordas alder var 20–40 millionar år.

Dette var eit problem for dåtidas geologar og biologar som ikkje fekk ein slik alder til å passe med sine teoriar. Evolusjonsbiologen Charles Darwin peikte til dømes på at det var umogleg at menneske kunne ha utvikla seg frå bakteriar i løpet av berre 20 millionar år.

Når Kelvin og hans fysikar-kollegaer bomma så kraftig på jorda alder, var det fordi dei ikkje visste at jorda kunne produsere varme sjølv.

Oppdaginga av radioaktivitet i 1896, skulle komme til å snu heilt opp ned på Kelvins verdsbilete.

Den unge newzealandske fysikaren Ernest Rutherford forstod at radioaktivet i jordskorpa ville generere ekstra varme, noko som ville velte den aldrande Kelvins teoriar.

I ei berømt forelesing i Cambridge i 1903 der Kelvin var til stades, reiv Rutherford meir eller mindre grunnen under Kelvins arbeid, ifølgje Sam Kean i boka Disappearing spoon.

Men for å unngå å fornærme den gamle vitskapslorden, noko som også kunne skade hans eiga karriere, nemnde han at Kelvin sjølv hadde skrive at hans berekningar var riktige med mindre nokon fann ei ekstra kjelde for varme inne i jorda. Slik klarte Rutherford taktfullt å antyde at Kelvin kunne ha føresett radioaktivitet lenge før det var oppdaga.

Kelvin klarte likevel aldri å ta inn over seg det nye konseptet radioaktivitet, og han innrømma aldri at han hadde tatt feil.

Big Bang eller Steady State?

I dag er det nærast allmennkunnskap at universet starta i eit ørlite punkt, som deretter «eksploderte» og utvida seg enormt i eit såkalla Big Bang.

Men inntil nyleg fanst det enno fysikarar som haldt ein knapp på ein alternativ teori for universets utvikling, Steady State-teorien. Denne teorien går ut på at universet utvidar seg, men at massetettleiken alltid er den same, då materie heile tida blir produsert i takt med utvidinga.

Fred Hoyle

Fred Hoyle var ein av grunnleggarane av Steady State-teorien, ein motsats til Big Bang-teorien.

Foto: Cardiff University

Den som i første rekke er kjent for å fronte Steady State-teorien var den britiske astrofysikaren Fred Hoyle.

Hoyle hadde svært liten sans for Big Bang-teorien, ein teori han sjølv faktisk gav namn til i ein litt nedlatande skildring av teorien i eit radiointervju i BBC. Hoyle sitt ateistiske livssyn kan ha gitt han ekstra store kvalar med å godta ein teori som minna for mykje om ein bibelsk skapelsesmyte, og attpåtil var lansert av fysikaren Georges Lemaître, som også var katolsk prest.

Oppdaginga av den kosmiske bakgrunnstrålinga på byrjinga av 1960-talet vart av dei fleste fysikarar rekna for å vere den siste spikaren i kista for Steady State-teorien.

Kart over kosmisk bakgrunnsstråling frå Planck

Oppdaginga av kosmisk bakgrunnstråling vart av dei fleste sett som siste spikar i kista for Steady State-teorien. Biletet viser målingar gjort av Planck-teleskopet.

Foto: ESA and the Planck Collaboration

Men mange av tilhengjarane av Steady State-teorien, blant anna Fred Hoyle, var framleis overbevist om at dette ikkje var anna enn lokale vanskar som til sist ville bli løyst med nye observasjonar eller forbetringar av teorien, ifølgje Peter J. Bowler og Iwan Rhys Morus i boka Making Modern Science.

Så seint som i 1993 publiserte Hoyle og kollegaer ein revisjon av Steady State-teorien, for å få han til å passe med dei siste observasjonane, og kontroversen har enno ikkje stilna fullstendig.

Platetektonikk

Ser ein på kartet, er det tydeleg for alle at Amerika og Afrika passar saman som to puslespelbrikker som berre er skilt av eit hav. Kunne dei to ein gong ha vore saman? Nei, var svaret ein elev ville få heilt til slutten av 1960-talet dersom han spurde læraren dette.

Kontinentaldrift

Første kjende illustrasjon av opninga av Atlanterhavet av Antonio Snider-Pellegrini i 1858.

Foto: Wikimedia Commons

Den tyske forskaren Alfred Wegener var den første som utforma ein teori om kontinentaldrift, men han vart fullstendig latterleggjort av kollegaer då han la fram teorien i 1926.

Det rådande synet innan geologien var at jordoverflata var statisk og ikkje kunne bevege seg horisontalt. Sokne landbruer vart brukt til å forklare funn av liknande fossil i landmassar som no var skilt av hav.

Ein av dei sterkaste motstandarane mot teorien var den engelske geofysikaren Sir Harold Jeffreys. Hans hovudinnvending var at hans berekningar av eigenskapane til mantelen tyda på at platerørsler var umogleg.

Alfred Wegener

Alfred Wegener, platetektonikk-teoriens far.

Foto: Wikimedia Commons

Militærteknologisk spin-off frå den kalde krigen skulle gi stadig fleire bevis for plateteknonikk-teorien utover 1950-og 60-talet ved blant anna detaljerte kartleggingar av havbotnen. Til geologars store overrasking fann ein her geologisk ferske undersjøiske fjell, handfaste bevis på at krefter i jordas indre boblar opp og dannar ny havbotn, og samtidig driv kontinenta frå kvarandre.

Mot slutten av 1960-talet var bevisa så mange at kontinentaldrift vart akseptert av dei aller fleste geologar og geofysikarar, og teorien førte til ein revolusjon i geovitskapane.

Men Sir Harold Jeffreys tok ikkje omsyn til den aukande bevisbyrda og avviste platetektonikken heilt fram til sin død i 1989.