Professoren, BBC-programleiaren og den tidlegare rockestjerna Brian Cox rockar England med vitenshowet Uncaged monkeys som blandar vitskap og humor.
Standup-komikaren Robin Ince dannar ramma rundt showet der Cox også har selskap av psykiater og Bad Science-spaltist Ben Goldacre, og forfattar og fysikar Simon Singh.
Vitenbølgje over England
Showet som byggjer på radioprogrammet Infinite Monkey Cage på BBC Radio 4, har fylt konserthallar som Hammersmith Apollo i London som kan huse opptil 5000 publikummarar.
Til programmet Ekko på NRK P2 seier Brian Cox at det er ei bølgje over England når det gjeld vitskapsformidling.
–BBC speler ei viktig rolle her, seier Cox. Det er mykje vitskap på BBC, med mange vitskapsfolk som programleiarar. Storbritannia er forhåpentlegvis i fortroppen av denne bølgja, meiner partikkelfysikaren Cox som sjølv har vore programleiar for fleire seriar på BBC.
– Når det no og då dukkar opp ein forskar som har både vitskapleg talent og evne til å formidle bør dette bli omfamna og oppmuntra, og ikkje sett ned på. Media bør både leite etter slike personar, og setje dei i rampelyset, seier Simon Singh, forfattar av blant anna boka Big Bang.
Høyr Ekkoreportasjen om vitenshowet Uncaged monkeys her:
Norske vitenstjerner
I Noreg har forskarar og formidlarar møtt ein del motbør frå fagmiljøa når dei har uttalt seg til media. Både paleontolog Jørn Hurum og astrofysikar Knut Jørgen Røed Ødegaard har blitt kritisert for å bruke for store ord, og for å vere for mykje i media.
- Les også:
- Les også:
- Les også: 100 ganger overdrevet om meteoride (Forskning.no)
– Folk flest har vore veldig nøgde, men blant forskarar har tilbakemeldingane vore litt meir varierte, seier Røed Ødegaard diplomatisk til NRK.no.
Saman med kona Anne Mette, har Røed Ødegaard sjølv fylt konsertsalar i Noregs største byar med sine solsystemshow, og har bevist at nordmenn også like gjerne betaler for eit vitenshow som ein konsert.
Ødegaard synest at forskingsformidlinga i Noreg har tatt seg svært mykje opp dei siste 15 åra. Likevel meiner han at norske forskarar framleis har ein veg å gå når det gjeld formidling.
– Forskarar innser ikkje at dei ikkje kan ta med alle nyansar, seier Ødegaard som er kjent for å forklare astronomiske hendingar med folkelege ord.
Noregs mest kjente astrofysikar peiker også på at det er viktig for norske forskarar å kunne sjå utanlandske oppdagingar i lys av eiga forsking.
Media må ta del av ansvar
Biologiprofessor Trond Amundsen ved NTNU har tidlegare refsa Jørn Hurum for å ta for sterkt i ovanfor media.
« Vi må vere nøkterne, saklege og faktisk, dessverre vil eg nesten seie, forsiktige før vi kjem med bombastiske utsegn » , sa Amundsen i ein radiodebatt med forskaren Jørn Hurum om måten fossilet Ida vart presentert på i media.
Likevel ønskjer ikkje Amundsen å vere ein representant for Politimester Bastian når det gjeld vitskapsformidling. Biologiprofessoren har stor sans for både Cox, Hurum og Ødegaard, og synest det er flott om vitskap kan nå ut til eit stort publikum.
– Brian Cox er eit fenomen. Det er svært få som har hans evner til å formidle på ein fengslande måte. Men viss ein lyttar vil ein oppdaga at han snakkar både sakleg og nøkternt. Han overdriver ikkje, seier Amundsen til NRK.no.
Amundsen meiner at media må ta ein del av ansvaret for at det er lite tradisjon for vitskapsformidling i Noreg.
– Vi har nesten ikkje vitskapsjournalistar i Noreg. NRK gjer ein meir enn heiderleg innsats gjennom Schrödingers katt, Newton og Ekko. Men går du til avisene i Noreg er det syltynt og framleis prega av sensasjonsoppslag og dårleg kunnskap hos journalistane. Forsking i avisene er sjeldan til å bli klok av, synest professoren.
– Økonomisaker blir skrive av folk med peiling på økonomi, politikk av journalistar med peiling på politikk, medan det nesten ikkje finst eigne forskingsjournalistar. Dette er ein stor kontrast til aviser i USA og England der det er god og spennande forskingsjournalistikk. Dette saknar eg i Noreg, seier Amundsen.
Vitskapshumor hjelper
Humor kombinert med vitskap er ikkje ei blanding vi er særleg vant med frå Noreg, men dette er kanskje på veg til oss også.
– For å gjere vitskap meir allment er humor eit godt triks, seier standup-komikar, fysikar og påtroppande programleiar i Newton, Selda Ekiz. Folk interesserer seg nok ikkje i så stor grad i all slags vitskap som finst der ute, viss det ikkje er underhaldande å høyre på.
-I tillegg kan humor allmenngjere vitskapen, meiner Ekiz. Det er ikkje berre supernerdar som kan forstå seg på vitskap, alle kan. Ein må berre formidle det riktig.
Standup-komikar Robin Ince frå showet Uncaged Monkeys har ambisjonar om at vitskapsvitsane hans vil føre til ein nobelpris:
– Eg håpar at når eg er 83 og snart død vil eg bli oppsøkt av ein som seier at eg såg eitt av dine idiotiske show, blei motivert til å studere vitskap, og no har eg ein Nobelpris. Då kan eg døy. seier standup-komikar Robin Ince.