Hopp til innhold

DNA-analyse av svartedaudbakteriar kan spå neste epidemi

Biologar vil studere pestbakteriar frå norske svartedauden-omkomne for å forstå korleis pandemiar oppstår.

Barbari Bramanti ved CEES (t.v.) og et bilde av genetikken hos pestbakterien Yersinia pestis.

Forskar Barbari Bramanti ved CEES leiter etter restar av gamle pestbakteriar i eit italiensk pestoffer.

Foto: Elsa Pacciani / NIAID/Wikimedia Commons

Nils Christian Stenseth og Kjetill Jakobsen

Nils Chr. Stenseth og Kjetill Jakobsen ved CEES.

Foto: Ola Sæther
Barbari Bramanti ved CEES

Forskar Barbari Bramanti ved CEES leiter etter restar av gamle pestbakteriar i eit italiensk pestoffer.

Foto: Elsa Pacciani

Sjølv om svartedauden ikkje har vist seg i Noreg på seks hundre år, lever den berykta pestbakterien likevel i beste velgåande fleire stader i verda, og smittar om lag 2000 menneske årleg.

Biologar ved Universitetet i Oslo studerer no DNA-et til pestbakteriar i pest-offer frå Mellomalderen for å forstå når bakterien blir ein massemordar som kan gi pandemi. Dette skriv tidsskriftet Apollon.

Forskarane håpar også på å studere bakterien hos norske pestoffer.

– På Kristi kirkegård i Oslo finst det massegraver frå svartedauden, og vi er i diskusjon om å hente ut leivningar herifrå, fortel leiar for Senter for økologisk og evolusjonær syntese, CEES, Nils Chr. Stenseth, til NRK.

Biologane ved CEES-senteret er væpna med eit nytt DNA-laboratorium som skal gjere det enklare å analysere DNA-restar frå dødt materiale. Laboratoriet som er eit samarbeid mellom CEES, Naturhistorisk museum og Kulturhistorisk museum, kjem til å bli det største i sitt slag i Europa.

Svartedauden

Genetikken hos pestbakterien Yersinia pestis avgjer kor aggressiv sjukdomsbakterien er.

Foto: NIAID/Wikimedia Commons

Samlar tenner frå pest-offer

I samarbeid med arkeologar samlar forskaren Barbari Bramanti ved CEES no inn DNA-prøver frå tennene til 2700 pestoffer frå Europa og Asia.

Hos mange av offera hamna pestbakteriane i blodet og dermed i blodmargen i tennene. Bramanti borer nokre millimeter inn i tennene, og trekker ut heile DNA-innhaldet frå blodmargen.

Bramanti og kollegaene hennar ønsker å sjå korleis genetikken til pestbakterien har utvikla seg.

I tillegg vil biologane kartlegge genetikken hos gnagarar som er vertar for pestbakterien. Når gnagarane er immune mot pestbakteriane, har pesten større sjanse for å spreie seg.

Rotte

Pestrotter frå Mongolia er vert for svartedaud-bakterien.

Foto: Ivar Grydeland / NRK

– Veit for lite

Smittevernekspert Preben Aavitsland i forskings- og rådgivingsfirmaet Epidemi ønsker velkommen meir forsking på pestepidemiar.

– Vi veit for lite om korleis pestbakteriane kan overleve blant visse gnagarar i lang tid for så plutseleg å gi dyre-epidemiar blant andre dyr. Å forstå årsakene til epidemiar i fortida er eit grunnlag for å vurdere risikoen for epidemiar i framtida, seier han.

Risikoen for ein ny svartedaud er likevel svært liten:

– Smitte mellom menneske skjer berre ved den sjeldne lungepestformen, så potensialet for pestepidemiar blant menneske er lite samanlikna med for eksempel Ebola-epidemiar, seier han.