Vil ha rapportering ved kjøp av bombekjemikaliar

– Når du kjøper ei tønne med 37 kilo aluminiumspulver må det ringe ei bjølle, seier kjemiprofessor Leiv K. Sydnes. I dag er det ingen rapportering ved kjøp av kjemikaliar som kan nyttast til å lage bomber.

Bombeeksplosjon i Oslo

Bomba som gjekk av i Oslo sentrum vart laga med kjemikalier som ikkje er underlagt kontroll.

Foto: Roald, Berit / Scanpix

Terrorsikta Behring Breivik fekk tak i alle ingrediensane til bomba som vart brukt i Oslo utan at nokon reagerte.

Kjemiprofessor Leiv K. Sydnes ved Universitetet i Bergen meiner at det må utarbeidast ei liste over for eksempel 50 risikokjemikaliar, og at kjøp og import av desse kjemikalia må innrapporterast.

Bør utarbeidast liste

Professor Leiv K. Sydnes

Leiv K. Sydnes leiar arbeidet med å revidere kjemivåpenkonvensjonen. Han meiner vi også bør ha rapporterin ved kjøp av kjemikaliar som kan nyttast til å lage eksplosivar.

Foto: Njord V. Svendsen, UiB

Sydnes meiner ein bør granske kva som finst på nettet av bombeoppskrifter, og utarbeide ei liste over kjemikaliar som bør følgjast nøye med på.

– Når du kjøper ei tønne med 37 kilo aluminiumspulver må det ringe ei bjølle, seier kjemiprofessoren. Slikt finpulveriserte metallpulver er svært lettantenneleg, seier Sydnes om kjemikaliet som var ein av ingrediensane i kunstgjødselbomba.

Sydnes har lese delar av manifestet til Behring Breivik, og reagerer også på at mannen hevdar å ha fått tak i 1,5 kilo pikrinsyre, eit kjemikalium som er svært eksplosivt. Kjemikaliet har jo trass alt blitt importert, seier Sydnes.

Ingen kontroll i dag

Sydnes leiar arbeidet med å revidere FNs kjemivåpenkonvensjon. Konvensjonen er utgangspunkt for arbeidet til FN-organisasjonen OPCW som arbeider mot kjemiske våpen. Norsk import og eksport av kjemikaliar som er omfatta av denne konvensjonen må kvart år innrapporterast til OPCW.

Men kjøp av ingrediensar som kan nyttast til å lage terrorbomber lik den i Oslo er per i dag ikkje underlagt innrapportering, då eksplosivar ikkje går inn under nemninga kjemiske våpen.

Eitt av problema med kontroll av kjøp av kjemikaliar til å blant anna å lage kunstgjødselbomber, er at dei fleste ingrediensane kvar for seg er vanlege kjemikaliar. Dette gjeld blant anna kunstgjødsel, som sjølvsagt er brukt i store mengder av bønder Noreg rundt.

Kjøp av kunstgjødsel er ikkje underlagt restriksjonar i Noreg i dag, medan det er innført avrensingar på kjøp av dette produktet i EU. Restriksjonane i EU er innført nettopp med tanke på at kunstgjødselbomber har vore svært mykje brukt i terroråtak omkring i verda, blant anna i åtak på ei synagoge i Tyrkia i 2003.

EU-kommisjonen har lagt fram eit forslag om forbod av generell omsetning av stoff og stoffblandingar som kan nyttast til å lage eksplosivar. Men dette forslaget er enno ikkje vedteke i EU.

–Kan ikkje lage norske særreglar

–Vi kan ikkje utarbeide særreglar for Noreg, seier Nils Henrik Agerup i Direktoratet for Samfunnssikkerhet og Beredskap til NRK.no.

–Det kan vere at EU tillét at vi lager våre eigne reglar, men då må det vere politisk press på at vi kan gjere det. Det vil også krevje eit heilt apparat med personar som må arbeide med å handheve det, og det vil krevje store ressursar, seier Agerup.

Agerup minner også om at det er mogleg å opprette eigne firma der ein kan drive med verksemd utan å få mistanke mot seg, og der bruk av denne typen kjemiske stoff er normalt.

–Kan ha klart det åleine

Professor Sydnes meiner det er fullt mogleg at Behring Breivik kan ha laga bomba åleine, slik han sjølv hevdar.

–Men har han nok slitt for å få det til, seier kjemiprofessoren.

Arbeidet med å blande saman ingrediensane til bomba skal Behring Breivik ha utført i kjellaren, slik at laboratoriet hans var skjult for naboar som kom på besøk. Han skal også ha dekka til kjellarvindauga med svart plast for å hindre innsyn.

Det einaste som skal ha vore synleg utanfrå var vifterøyret frå det heimesnekra avtrekket han hadde laga. Dette vifterøyret stakk ut av stovevindauget, og Behring Breivik har skildra korleis han var redd for at ein nabo som kom på besøk skulle oppdage dette røyret.

Av redsel for at naboane skulle høyre bråk frå arbeidet hans i sluttfasen, skal den terrorsikta i følgje si eiga dagbok ha arbeidd gjennom natta.

–Ein del av desse stoffa eksploderer med gnissing, så det var stor fare for at noko kunne gått av mens han haldt på, fortel Leiv K.Sydnes.

Historia kunne sett svært annleis ut om det hadde skjedd.