Dette overarmsbeinet har tilhøyrt verdas største bjørn

Ein forhistorisk bjørn som levde for 500 000 til 2 millionar år sidan har vege omkring 1,6 tonn, og er med dette den største bjørnen som nokon sinne har levd på jorda.

Lårbeinet til verdas største bjørn

Forskar Leopoldo Soibelzon viser her at overarmsbeinet til den forhistoriske bjørnen Arctotherium angustidens nærmar seg storleiken til overarmen hos ein moderne elefant.

Foto: Museo de la Plata

Arctotherium angustidens

Den argentinske paleontologen Leopoldo Soibelzon samanliknar overarmsbeinet til den søramerikanske kortsnutebjørnen med det same beinet hos ein elefant.

Foto: Museo de la Plata

Forskarane Leopoldo H. Soibelzon frå Argentina og Blaine W. Schubert frå USA har undersøkt skjelettrestar av den forhistoriske søramerikanske kortsnutebjørnen som levde på den argentinske pampasen og sørlege Bolivia for omkring 500000 – 2 millionar år sidan.


Dei har komme fram til at skjelettrestane av det eine bjørnen som vart oppbevart på museet i Buenos Aires eingong var eit gigantisk eksemplar av arten som vog mellom 1,588 og 1,749 kilo.

Dette gjer han til den største bjørnen som nokon sinne har funnest på jorda - i alle fall som vi kjenner til i dag.


Overarmsbein som ein elefant

Verdas største bjørn

Illustrasjonen viser storleiken til verdas største bjørn, den forhistoriske argentinske Arctotherium angustidens samanlikna med ei gjennomsnittleg stor kvinne.

Foto: illustrasjon Blaine W. Schubert

– Vi har overarmane, litt av skulderbladet og ein del andre små skjelettdelar av bjørnen, fortel Leopoldo Soibelzon ved Museo de la Plata i Argentina til NRK.no.

Blant anna storleiken på overarmsbeina, som nærmar seg storleiken til dei same beina hos ein moderne elefant, gjorde det mogleg for forskarane å rekne seg fram til høgde og vekt for den gigantiske bjørnen.

Eksemplaret som vart undersøkt må ha vore ein uvanleg stor bjørn av arten.

– Vi har til saman åtti bevarte eksemplar av denne arten, men av alle eksemplara er det berre eitt anna som kjem i nærleiken av denne storleiken, fortel forskar Leopoldo Soibelzon.

På grunnlag av dette trur forskarane at eksemplaret mest av alt er ein gammal hann, då hoer av bjørnar vanlegvis er betydeleg mindre enn hannar.

Studien er publisert i januarutgåva av tidskriftet Journal of Paleontology.

Isbjørn blir liten i forhold

Sjølv verdas største nolevande bjørn, isbjørnen, blir liten samanlikna med den kraftige bamsen frå Argentina.

Den aller største isbjørnen vi kjenner til, var ein hann på 1,002 kilo som vart skoten i Alaska, men isbjørnhannar veg vanlegvis mellom 260-650 kilo.

Dette digre eksemplaret av den søramerikanske kortsnutebjørnen var altså minst dobbelt så stor som ein stor isbjørnhann.

Rappa maten frå sabeltanntigrar

Studiar av skallen og tennene til den søramerikanske kortsnutebjørnen Arctotherium angustidens viser at bjørnen har brei skalle, vide kjeveboger med plass til store kjevemusklar, og tenner med mange kuler.

– Alt i alt betyr det at denne bjørnetypen har hatt eit uvanleg kraftig bitt, med tenner eigna for å knuse. Om han har knust bein eller røter er ei heilt anna sak, seier zoolog Petter Bøckman ved Universitetet til Oslo til NRK.no.

Forskarane bak studien trur at bjørnen mest sannsynleg var omnivor eller altetande, men dei trur også at dyreleivningar har utgjort den største delen av kosten.

Bjørnen kan ha jakta sjølv, men på grunn av storleiken sin kan han også ha rappa byttet frå det andre store rovdyret som levde i same økosystem, sabeltanntigeren. Dette har han mest sannsynleg også gjort, trur forskarane.

Den kortsnuta søramerikanske bjørnen har mest sannsynleg også livnært seg ved å ete kadaver av store planeetarar som levde på denne tida.

I dag er nesten alle kortsnutebjørnane utdøydd. Brunbjørnar og svartbjørnar tilhøyrer langsnutebjørnane.

– Den næraste slektningen til den søramerikanske kortsnutebjørnen er brillebjørn, som er den einaste av dei kortsnuta bjørnane som enno finst, seier Bøckman.

Sjå paleontolog Leopoldo Soibelzon vise fram storleiken på lårbeinet til A. angustidens i denne videoen (NB videoen er på spansk).