Dei såkalla «mor di»-vitsane, eller på engelsk «yo mama jokes», handlar om å gjere narr av mora til nokon. Vitsesjangeren har blitt spesielt populær det siste tiåret. TV-kanalen MTV har til og med eit eige tv-program der deltakarane konkurrerer i å kome med den mest nedsetjande vitsen om motstandarane sine mødrer.
Men no viser det seg at dagens humor har overraskande mykje til felles med kva menneska har ledd av langt tilbake i tid.
Rundt år 1500 før vår tidsrekning rissa ein student i Babylon inn vitsar om øl, samleie og «mor di» i steintavler. Desse vart funnen av arkeologen J.J. van Dijk i 1976, men steintavlene har sidan gått tapt. Men heldigvis tok arkeologen bilete av steintavlene. Dei har no blitt tyda og offentleggjort i arekologtidsskfriftet Iraq.
Forskarane kallar dei seks gåtene for «visdomslitteratur», men stadfestar at skrifta ikkje er så veldig forskjellig frå vitsane som blir fortalt i dag.
Ifølgje magasinet Discover, er oversetjingane relativt usikre, men at det er ingen tvil om at det er humor det er snakk om.
Sjølve punchlinen har blitt borte gjennom dei 3500 åra, men det er tydeleg at kombinasjonen «mor di» og «samleie» tilseier at dette ikkje akkurat er ein seriøs bodskap.
Denne gåta er nok meint å vere ein form for politisk satire. Truleg er det ein referanse til den babylonske guvernøren sin myndigheit til å avrette folk, ifølgje forskarane.
Ølvitsen er ikkje akkurat noko ein vil le høgt av, men den føyer seg inn i rekka av tema som er overraskande likt det me lagar vitsar om i dag.
«Mor di»-vitsar, ølhumor og politisk satire er openbart morosamt uansett kva slags tusenår ein lever i.