Hopp til innhold

Sel i tareskog vart beste undervassfoto 2013

Hammarhai, anemonereke og porselenskrabbe er nokre av vinnarmotiva i internasjonal fotokonkurranse under vatn.

Ein einsam sel som dukkar fram i ein skog av tare er vinnaren i ein årleg undervassfotokonkurransen heldt av University of Miami. Biletet er tatt ved Cortes bank nær San Diego i California av amatørfotograf Kyle McBurnie.

– Biletet av steinkobba stakk seg ut og tiltrekte seg vår intuitive og kjenslemessige merksemd for dette unike økosystemet under havoverflata, seier juryleiar Jiangang Luo ved University of Miami til NRK.no.

Fotografar frå 23 ulike land melde på over 650 bilete i årets konkurranse som er i regi av Rosenstiel School of Marine & Atmospheric Science ved University of Miami.

Konkurransen har fire ulike kategoriar, makro, fiske- eller dyreportrett, og vidvinkel. I tillegg premierte juryen også det samla beste bilete uavhengig av kategori, og det beste biletet tatt av studentar ved University of Miami.

Reke mellom giftige tentaklar

Anemonereke

Ei forsvarslaus reke får ly mellom dei giftige tentaklane til ein anemone.

Foto: Beth Watson

I makro-kategorien var det eit fargerikt motiv av ei anemonereke mellom dei knallraude tentaklane til ein anemone på Filippinane som vart kåra til det beste biletet.

Mens andre dyr blir drepne av dei giftige neslecellene på anemonens tentaklar, er anemonereka immun mot gifta.

Reka får ly mellom dei giftige tentaklane til anemonen, der ho lever av matpartiklar og anna avfall frå vertsdyret. Den som dreg mest fordel av dette artssamarbeidet er reka, sjølv om anemonen også får litt igjen i form av reingjeringshjelp.

Borte frå anemonen er reka fullstendig forsvarslaus, derfor vågar ho seg sjeldan bort frå verten.

Fotogene drakefiskar

Drakefisk

Portrett av ein ung drakefisk. Med sine spektakulære fargar og former er desse fiskane ynda fotoobjekt.

Foto: Steven Kovacs

Ein drakefisk var vinnarmotivet i kategorien fiske – eller marine dyreportrett.

Biletet av den vakre, men svært giftige fisken i uerfamilien er tatt under eit nattdykk i Roatan i Honduras av amerikanske Steven Kovacs frå Florida.

Drakefisk var også motivet i biletet som vart kåra til det beste vidvinkelbiletet. Dette fotoet viser ein drakefisk som jaktar på ein stim av sølvsidefisk på eit skipsvrak i Egypt.

Drakefisk jaktar på sølvsidefisk

Giftig drakefisk og ein stim av sølvsidefisk i Egypt.

Foto: Alex Tattersall

I kategorien beste studentfoto var det eit bilete av den trua fiskearten goliatgrouper (Epinephelus itajara) som gjekk til topps.

Goliatgrouperen kan bli opp mot 5 meter lang og vege 360 kilo. Fisken gyter i store grupper, og kjem tilbake til gytestad til same tid kvart år. Dette gjorde han til eit lett bytte for fiskarar fram til arten vart verna i 1990. Bestanden er no i ferd med å ta seg opp att.

Vinnarbiletet er tatt under den årlege ynglinga i Jupiter, Florida.

Goliatgrouper (Epinephelus itajara)

Goliatgrouper under gytesesongen.

Foto: Laura Rock

Sjå fleire av våre biletgalleri her: