Hopp til innhold

Verda er vridd

Det skulle berre vere ein enkelt rekneøvelse, men doktorgradstudenten ved Universitetet i Oslo sat brått med revolusjonerande resultat i fanget. Det viser seg at universet ikkje er heilt slik vi hadde trudd.

Verdensrommet
Foto: NASA

-Funna viser at universet er langt meir komplisert og mindre symmetrisk enn vi likar å framstille det gjennom dagens rådande fysiske lover og modellar, seier Nicolaas E. Groeneboom.

Høyr intervju med Groeneboom og Eriksen

Det var meint som ei enkel heimelekse frå postdoktor Hans Kristian Eriksen ved Institutt for teoretisk astrofysikk. Groeneboom skulle analysere data frå ein NASA-satellitt, og sjå etter tegn til rotasjon i universet - altså om det fins ein akse universet roterer rundt. I øvelsen skulle Groeneboom teste ut nokre nye dataanalyseteknikkar, men forventa elles ikkje å oppdage noko noko stort.

Kosmisk kalas

Groeneboom skulle til USA på eit forskingsopphald og måtte skynde seg å bli ferdig med oppgåva. Og samtidig som han arrangerte avskjedsfest heime kvelden før avreise og stemninga var god, tikka dei smått sjokkerande resultata inn. Det vart altså også ein avskjedsfest for dagens etablerte syn på korleis universet ser ut.

Snurrebass
Foto: NRK

Vi lever i ein snurrebass

Dei rådande fysiske lovene seier at universet har lik form i alle retningar. Utanfrå ville universet sett ut som ei boble. Funna til Groeneboom og Eriksen fører derimot til at det no er meir naturleg å skildre universet som å leve på innsida av ein snurrebass. Men trass i funn som gir oss eit heilt nytt bilde av verda, er duoen beskjedne på vegne av oppdagelsen.

Fleire analyser

-Vi venter no på at andre kosmologar i verden, som jobbar innanfor det samme fagfeltet, skal gjenta analysen og kome fram til same resultat som oss. Og først etter lengre tid vil dette kome til å bli akseptert, om det viser seg å stemme, seier Groeneboom.

Det at universet kanskje er vridd, har ingen klart å påvise tidlegare. Likevel er dei sikre på at det ikkje er noko statistisk tilfeldig dei har kome over. At det ikkje er feil ved målingane gjort av sjølve romsonda kan dei aldri vere 100 prosent sikre på, men dei meiner dei har klart å eliminere dei fleste potensielle feilkjeldene.

Dermed er det berre å vente i spenning på om resultata frå komande analysar vil vise det same - og på kor tid ein vil revidere eit knippe kapittel i naturfagbøkene.