NRK Meny
Normal

Vener, samarbeidspartnarar og konkurrentar

– Dei har bidratt meir enn eg nokosinne kunne forestilt meg, seier O’Keefe, forskaren som deler Nobelprisen med May-Britt og Edvard Moser.

NOBEL-PRIZE/MEDICINE A screen presents the winners of the Nobel Prize in Medicine at the Karolinska Institute in Stockholm

John O’Keefe lærte opp May-Britt og Edvard Moser i 1996. I år deler dei Nobelprisen i fysiologi og medisin.

Foto: TT NEWS AGENCY / Reuters

Mandag fekk May-Britt og Edvard Moser Nobelprisen i medisin sammen med John O'Keefe.

– Eg er utrolig nøgd og begeistra, og framleis i sjokk. Det er jo den største utmerkinga ein kan få, seier O’keefe til BBC.

– Dette feltet har blomstra, og eg trur prisen betyr like mykje for forskingsmiljøet som for meg sjølv og ekteparet Moser, seier han til Medical Xpress.

Dette intervjuet med John O’Keefe vart gjort i høve utdeling av Kavliprisen i september i år.

May-Britt Moser snufsa forkjøla iført eit par høghæla røde sko i forelesingssalen på Realfagsbygget på NTNU. Årets Kavliprisvinnarar i nanoteknologi og nevrovitskap 2014 var straks klare til å halde sine foredrag, og både Edvard og May-Britt Moser var tilstade for å hylle vinnarane.

Nokre minutt før forelesinga starta, kom ein mann med kvitt hår og kvitt skjegg, inn i salen og gav May-Britt ein hjarteleg klem. Det var John O’Keefe, ein av tre vinnarar av nevroprisen, og Moser-paret sin tidlegare mentor.

Knappe fire veker seinare, blir det altså kjent at desse tre venene og konkurrentane saman deler Nobelprisen i fysiologi og medisin for 2014.

Rappa dei beste studentane

Det heile starta med at O’Keefe hadde eit langvarig vitskapleg og personleg forhold til Per Andersen, den store norske fysiologen som var May-Britt og Edvard Mosers veileder ved Universitetet i Oslo på 90-talet.

– Eg hadde for vane å rappe dei beste studentane til Per Andersen, fortel O’Keefe, som meiner han har eit svært godt blikk for dei smartaste studentane.

Så då O’Keefe var på besøk hos Andersen ein gong på 90-talet og «Moserane» kom til han og spurde om dei kunne komme og lære opptak av enkeltceller, ein teknikk han hadde funne opp og brukt til å gjere den banebrytande oppdaginga av plasscellene i 1971, var han svært interessert i at dei skulle komme.

Edvard Moser kom til O’Keefe først, på vårparten i 1996, mens May-Britt kom nokre veker seinare. Med til London var også dei to små jentene deira, som då enno var i bleiene.

NOBEL-PRIZE/MEDICINE Professor John O'Keefe walks back to his office at University College London

2014 er eit godt år for John O’Keefe, som nyleg også fekk Kavliprisen i nevrovitskap.

Foto: SUZANNE PLUNKETT / Reuters

– Har bidratt med meir enn eg kunne førestille meg

Opphaldet hos O’Keefe vart kortare enn planlagt, då det unge norske forskarparet kort tid etter fekk tilbod om to jobbar ved NTNU i Trondheim, slik at dei kunne byggje opp sitt eige forskarmiljø og sin eigen lab, som seinare vart til Kavlisenteret.

– Eg håpa at dei ville dra tilbake til Noreg og sette opp deira eiga laboratorium, og at dei ville bidra på dette feltet, og dei har bidratt med meir enn eg nokosinne kunne ha førestilt meg, seier O’Keefe.

Litt tid tok det likevel.

Åtte år etter opphaldet i London, gav metoden med enkeltcellemåling dei første fruktene i Trondheim. Ved å måle enkeltceller i rottehjernen, fann May-Britt og Edvard i samarbeid med kollegaer, det første beviset på stadaktive celler utanfor hippocampus.

Og året etter kom oppdaginga av gittercellene og hjernens gps.

– Stolt

Det var flott å ha dei hos meg, og eg er svært stolt av dei, det synest eg at eg bør ha lov til, seier O’Keefe.

– Vi har dette fantastiske venskapet, som er prega av samarbeid, men også av konkurranse.

Konkurransen har gitt seg utslag i at forskargruppene til O’Keefe og «Moserane» har arbeidd parallelt med same problem, og også har publisert banebrytande oppdagingar samtidig, som då dei uavhengig av kvarandre publiserte skildringa av dei såkalla kantcellene eller grensecellene i 2008. Desse cellene fortel hjernen kvar det finst grenser i det naturlege miljøet.

Eg trur vi begge er ganske gode til å vite kva som er dei viktige spørsmåla, fortel O’Keefe.

Er det enkelte ting de ikkje kan snakke om, når de møtest?

– Vi snakkar som så mykje vi kan, smiler O’Keefe.

– Er vi no nær ei forståing av korleis vi dannar eit kart av omgivnadene våre?

– Ja, eg trur vi er ganske nær. Men det vi ikkje veit, er gapet mellom det vi veit om det i eit dyr, slik som rotta, og det vi er ganske sikker på at systemet gjer i menneske.

– Vi veit ikkje enno korleis vi går frå det enkle spatiale hukommelsessystemet for navigasjon i ei rotte, til det meir kompliserte og breiare systemet i menneske.

– Trur du vi no har funne alle dei typane hjerneceller som er nødvendig for å danne hjernens stadsans?

– Eg trur vi hovudsakleg har funne alle elementa vi treng. Men kven veit, neste veke kjem kanskje «Moserane» og fortel at dei har funne endå ei ny celle. Og så seier vi, flott, den veit vi akkurat kva vi skal gjere med. Ein veit aldri om ein er på enden av vegen, på begynnelsen eller i midten.