NRK Meny
Normal

Halvparten av vatnet på jorda er eldre enn sola

Denne veka kom det gode nyheiter for dei som håpar det finst liv der ute i verdsrommet: Store mengder av vatnet på jorda blei til før vårt eige solsystem. Dermed er gode sjansar for at det er store mengder vatn i andre solsystem òg.

Illustrasjon av interstellar is

FRÅ SKY TIL PLANET: Is var eitt av dei mange stoffa som vart pressa inn i jordkloten vår då solsystemet blei til.

Foto: Bill Saxton / NSF/AUI/NRAO

Amerikanske forskarar har no funne ut kor delar av vatnet i solsystemet vårt kjem frå. Oppimot halvparten har blitt til før vår eigen sol blei fødd, og fanst allereie i den enorme skya av støv og gass som danna solsystemet vårt.

– Studien vår viser at is overlevde det veldige smellet då sola blei til, og blanda seg inn i materien som etter kvart smelta saman til planetane i solsystemet vårt, seier Lauren Ilsedore Cleeves til nettstaden space.com.

Ho er astronom og med i forskargruppa ved Universitetet i Michigan, USA, som har gjort denne oppdaginga.

LES OGSÅ: Ekko frå Big Bang var støv

Ein vanleg ingrediens

Utanom på jorda, finst det is på månen, planetane Mars og Merkur, kometar og på nokre av månane til dei største planetane.

– Dersom måten solsystemet vårt blei til på er typisk for korleis slike prosessar skjer i verdsrommet, kan det bety at interstellar is er ein vanleg ingrediens i danninga av planetar. Det vil seie at andre planetsystem òg har tilgang på massevis av vatn, og det aukar sjansen for at liv kan oppstå andre stader, seier Cleeves.

Astronomar har til no oppdaga 2000 planetar utanfor solsystemet vårt, og det finst sikkert milliardar av andre planetar òg.

LES OGSÅ: Løste gammel gåte om mystisk stråling i verdensrommet

Tung tvilling

Solsystemet

IKKJE ÅLEINE: Jorda er ikkje åleine om å ha is i seg. Me har funne is på blant anna månen, Mars og Merkur.

Foto: Scanpix

For å finne ut kor vatnet vårt kjem frå, brukte Cleeves og kollegaane hennar kunnskapar frå god, gamaldags kjemi.

Dei tok for seg stoffet deuterium (D). Det er ein hydrogenisotop med dobbelt så stor atommasse som vanleg hydrogen.

Det finst små mengder av deuterium i all slags vatn. Kor mykje deuterium det er i vatnet, kjem an på forholda rundt då vatnet blei til.

Ved å undersøkje kor mange deteriumatom det er i eit vassmolekyla samanlikna med hydrogenatom, kan ein finne ut kor vassmolekyla blei laga.

Interstellar is har meir deuterium enn hydrogen fordi den blir danna ved svært lave temperaturar i verdsrommet.

LES OGSÅ: Forbløffede astronomer oppdaget et «perlekjede» av nyfødte stjerner

Simulerte danninga av solsystemet

Til no har ein ikkje visst kor mykje av vatnet på jorda som kjem frå interstellar is, og kor mykje som vart laga i dei kjemiske prosessane som skjedde då sola blei fødd.

For å finne ut dette laga forskarane modellar av protoplanetariske skiver. Ved hjelp av modellane klarte forskarane å simulere dei kjemiske prosessane som skjedde når solsystemet vårt blei danna.

Dei tok vekk alt deuteriumet frå den interstellare isen, og tvinga solsystemet til å starte frå botnen av med å produsere is med deuterium i seg. Dei gav solsystemet ein frist på ein million år sidan det er standard tidsbruk for danninga av planetar frå protoplanetariske skiver.

Dette gjorde dei for å finne ut om solsystemet klarte å lage is med same mengde deuterium som finst i sjøvatnet på jorda.

LES OGSÅ: 2010: Her er det liv - 2014: Planeten finnes ikke

Kanskje så mykje som halvparten

Men det klarte ikkje modellen å gjere. Derfor konkluderte dei med at noko av vatnet i solsystemet vårt må ha oppstått i det interstellare rommet før sola blei til.

Forskarane trur at så mykje som 50 prosent av vatnet på jorda kan vere frå interstellar is.

– Dersom det meste av vatnet i solsystemet blei danna i kjemiske prosessar då sola vår blei til, kan det tyde på at mengda vatn varierer veldig når planetsystema blir forma. At så mykje av det i staden kjem frå interstellar is, lovar godt for det potensielle livet der ute, seier Conel Alexander som òg er ein del av forskargruppa til nettstaden space.com

LES OGSÅ: Jorda er 60 millioner år eldre enn vi har trodd