Hopp til innhold

Vakker slangevirvel knipsa på Mars

Ein 800 meter høg støvvirvel som buktar seg som ein slange er fanga på bilete av NASA-sonde.

Støvvirvel på Mars

Slangeforma støvvirvel fangar lette sandpartiklar på overflata av Mars.

Foto: NASA/JPL-Caltech/Univ. of Arizona

HiRISE-kameraet om bord i NASA-sonden «Mars Reconnaissance Orbiter» leverer stadig nye detaljerte bilete frå overflata av vår raude naboplanet.

Denne gongen har kameraet knipsa ein vakker støvvirvel som buktar seg som ein slange over overflata av planeten. Støvvirvelen strekkjer seg om lag 800 meter oppover i høgda.

Oppstår på varme dagar

Biletet er tatt ein Mars-ettermiddag i den nordlege delen av planeten, i eit område som går under namnet Amazonis Planitia.

Støvvirvelen vart knipsa av HiRISE-kameraet 16. februar i år. Dette er den tida av Marsåret då planeten er lengst frå sola.

Vindane på Mars er drive av solvarme, slik dei også er det på vår eigen planet. Men sjølv om solinnstrålinga er mindre på denne tida av året, blir overflata altså likevel herja av slike små lokale virvelvindar som bles opp finkorna sandkorn.

Som på jorda, oppstår støvvirvlar typisk på klare dagar når bakken blir varma opp av sola.

Når oppvarma luft like over bakken stig raskt opp gjennom ei lomme av kaldare luft over, kan lufta under dei rette høva byrje å rotere.

Overraska forskarane

Med dei seks instrumenta om bord har «Mars Reconnaissance Orbiter» gitt forskarane meir data om planeten enn alle andre Marsutforskingar til saman.

Sonden har i oppdrag å utforske planetens tidlegare klima, samt utforske korleis prosessar som vind, meteorittnedslag og frost påverkar overflata av planeten.

Mot slutten av 2011 dokumenterte bilete tatt av sonden at vinden på Mars også var i stand til å flytte dei tyngre svarte sandkorna i sanddyner på planeten.

Dette kom som ei overrasking på forskarane, som til då ikkje hadde trudd at den tynne Marsatmosfæren var i stand til å flytte dei tunge mørke sanddynene.

Animasjonen under viser sanddyner i rørsle på overflata av Mars:


Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.